Klargjør siden...

Wellens vann åleine i Giroen

(NPK-NTB): Belgiaren Tim Wellens la alle rivalane bak seg og kom åleine til mål på den sjette etappen av Giro d'Italia torsdag.

Den 157 kilometer lange etappen frå Ponte til Roccaraso var den første fjelletappen i rittet. Der leverte Wellens ein soloprestasjon av sjeldsynt merke.

Tjuefemåringen, som aldri før har vunne ein etappe i eit trevekersritt, sykla åleine dei siste 15 kilometerane og var aldri i nærleiken av å sleppe konkurrentane innpå seg. I mål var han eitt minutt og 19 sekund føre den nærmaste konkurrenten.

– Dette var ein veldig, veldig spesiell siger for meg. Eg må takke for at laget hadde trua på meg, og takke Tom Dumoulin for at han lét brotet gå. Tom kom til meg og sa at det var eit ideelt tidspunkt å angripe, sa Wellens etter målgangen, ifølgje cyclingnews.com.

Med til historia høyrer det at når Wellens først var med i brotet og det vart klart at dei ikkje kom til å bli henta inn, var den klatresterke belgiaren klar favoritt til å vinne.

Dansken Jakob Fuglsang viste gryande form og tok andreplassen, mens Alexander Kristoff-lagkamerat Ilnur Zakarin vart tredjemann.

Tom Dumoulin frå Nederland vart nummer fire på etappen og forsvarte den rosa leiartrøya. Fuglsang klatra til ein andreplass i samandraget og er 26 sekund bak. (©NPK)

Annonse