Klargjør siden...

Weng slo Johaug i spurten enda ein gong

(NPK-NTB): Heidi Weng vann den sjette etappen i Ski Tour Canada. Ho slo for andre gong Therese Johaug i ein spurt på skiathlon-øvinga i Canmore onsdag.

Dermed held Weng fram i leiartrøya med to etappar igjen av skitouren i Canada. Det skil 2,9 sekund mellom dei to. Johaug tok ein del fleire bonussekund enn Weng undervegs. Det var Wengs tredje verdscupsiger.

– Det var tøft, men utruleg morosamt å vinne. Eg hugsa ikkje at det var bonussekund undervegs, sa Weng til NRK.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen følgde på tredjeplassen, slått med 9,8 sekund. Ingvild Flugstad Østberg tok åttandeplassen, 14,2 sekund bak.

Therese Johaug og Heidi Weng heldt følgje gjennom heile løpet. Dei var rundt 12– 13 sekund føre dei neste løparane ved skibytet. Jacobsen avslutta derimot best av alle.

Kari Øyre Slind gjorde eit solid renn og enda på ein tiandeplass, 40,7 sekund bak vinnaren.

Maiken Caspersen Falla låg på fjerdeplassen i samandraget føre distansen onsdag, men tapte stort og enda på ein 19.-plass – 2.08 bak. (©NPK)

Annonse