Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Sjølvmordsangrepet mot eit sjukehus i den regjeringskontrollerte middelhavsbyen Jableh kosta 43 menneske livet i Syria, opplyser Verdshelseorganisasjon (WHO).
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 10:42
Dei fleste av offera for angrepet måndag var pasientar og familiemedlemmer som var på besøk hos dei. Men også tre legar og sjukepleiarar blei drepne, ifølgje WHO.
Sjukehuset er ikkje lenger i drift som følgje av bombeangrepet, som var eitt av ei rekkje koordinerte angrep i Jableh og i byen Tartus heilt sør på den syriske kysten.
IS har teke på seg ansvar for angrepa måndag i dei to byane, som begge blir kontrollerte av regimet og blir rekna som kjerneområde for Bashar al-Assad.
Bombene kosta til saman minst 154 menneske livet, opplyser Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) tysdag. Syriske regjeringskjelder har opplyst at totalt 80 menneske blei drepne.
Angrepa i Tartus og Jableh manglar sidestykke i kystregionane som i stor grad har vore sparte for blodige valdshandlingar i den syriske krigen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.