Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Reuters): Zika-viruset, som blir overført via mygg, spreier seg til stadig nye land i Nord- og Sør-Amerika. Berre Canada og Chile ser ut til å unngå viruset, meiner Verdshelseorganisasjonen (WHO).
npk@npk.no
Publisert: 25.01.2016 kl 10:53
Alle land på dei amerikanske kontinenta, med unntak av Canada i nord og Chile i sør, reknar med å bli berørt av zika-viruset, opplyste WHO måndag formiddag.
Ein antar at viruset fører til mikrokefali, ein fosterskade som inneber liten hovudskalle og som påverkar utviklinga av hjernen.
WHO rår kvinner som planlegg å reise til land der zika-viruset finst, til å konsultere lege før avreise og på nytt når dei er komme heim igjen.
Zika-viruset kan overførast via blod, men det har også blitt funne i sæd. Det er likevel nødvendig med meir informasjon før ein kan få bekrefta om viruset også er seksuelt overførbart, opplyste WHO måndag.
I førre veke åtvara USAs folkehelsemyndigheit CDC (Centers for Disease Control and Prevention) gravide mot å reise til ei rad søramerikanske land. Også kvinner som prøver å bli gravide, bør rådføre seg med lege før dei reiser til dei berørte landa, heitte det i CDCs åtvaring. Også det norske Folkehelseinstituttet rår gravide til å ta forholdsreglar. (©NPK)