Klargjør siden...

WHO fryktar zika-spreiing til Asia og Afrika

(NPK-NTB-Reuters): Verdshelseorganisasjonen (WHO) fryktar at utbrotet av zikaviruset skal spreie seg til Asia og Afrika, som har dei høgste fødselsratane i verda.

Organisasjonen seier tysdag at dei no trappar opp kampen mot utbrotet av mikrokefali i Latin-Amerika. Den alvorlege fosterskaden blir rekna med å ha samanheng med utbrotet av zikaviruset i regionen, som WHO no fryktar skal spreie seg vidare.

WHO-ekspert Anthony Costello opplyser at organisasjonen no jobbar med å lage gode retningslinjer for gravide kvinner. I tillegg blir det arbeidd det med å samle ekspertar som kan utarbeide ein definisjon av mikrokefali, ein alvorleg fosterskade som gjer at babyar blir fødde med små hovud.

Det skal også lagast eit standardisert mål på babyhovud.

Costello seier at stort samfunnsengasjement i område med mygg som ber zikaviruset, og rask utvikling av diagnostiske verktøy er viktig i kampen mot viruset, som det ikkje finst nokon vaksine mot. (©NPK)

Annonse