Annonse

WHO: Fugleinfluensa oppdaga i Vietnam

Verdshelseorganisasjonen (WHO) melder om funn av ein type fugleinfluensa i Vietnam.

Funnet vart gjort hos ein pasient 21. mars. Vedkommande hadde underliggjande lidingar og vart lagd inn til intensivbehandling denne dagen. Viruset vart identifisert som H9N2, skriv WHO i ei pressemelding.

Den smitta personen bur like ved ein fjørfemarknad, der det blir handla med kyllingar framfor huset dagleg. Fram til 15. april har det ikkje vore fleire meldingar om smitta personar i området.

WHO skriv at dette er det første tilfellet av smitte med denne virustypen i Vietnam, og at tilfelle der menneske blir smitta av nye undervariantar av fugleinfluensa, potensielt kan utgjere ein større helserisiko.

– Basert på tilgjengeleg informasjon, vurderer WHO at dette viruset ikkje utgjer nokon stor fare mot befolkninga elles, skriv FN-organet.

(©NPK)