WHO: Ikkje grunn til å frykte at kaffi er kreftframkallande

(NPK-NTB-AP-AFP): Det er ikkje grunn til å frykte at kaffi er kreftframkallande, ifølgje forskarar frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Kaffi har vore klassifisert som «mogleg kreftframkallande» sidan førre gjennomgang av forskinga vart gjort i 1991.

Studiane som har vore gjort sidan då, tyder likevel ikkje på at det er nokon fare. Det konkluderer forskarar i International Agency for Research on Cancer (IARC), som er underlagt Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Forskarane meiner likevel det er ei moglegheit for at svært varm drikke kan framkalle kreft – uavhengig av kva slags drikke det er snakk om.

Uroa knyter seg til drikke med ein temperatur over 65 grader, noko som er varmare enn kaffi slik den vanlegvis blir servert i vår del av verda.

I Kina, Iran og Tyrkia er det tradisjon for å drikke blant anna svært varm te. Studiar gjort i desse landa tyder på at drikke med ein temperatur over 65 grader kanskje kan auke risikoen for kreft i matrøyret. (©NPK)

Annonse