WHO vurderer å erklære zika som global folkehelsekrise

(NPK-NTB-AFP): Krisekomiteen i Verdshelseorganisasjonen (WHO) skal måndag diskutere om utbrotet av zikavirus skal erklærast som ei global folkehelsekrise.

I førre veke åtvara WHO om at det myggborne viruset, som er mistenkt å vere årsaka til ein sterk auke av alvorlege fosterskadar hos gravide, spreier seg «eksplosivt» i Amerika. FN-organets øvste leiar Margaret Chan har no kalla inn til eit lukka krisemøte for å avgjere om zika bør reknast som ei internasjonal folkehelsekrise.

Dersom eit utbrot eller ei hending får ein slik definisjon, kan Verdshelseorganisasjonen WHO tilrå ei rad tiltak som landa forpliktar seg til å følgje i samsvar til det internasjonale helsereglementet. Tidlegare har det norske Folkehelseinstituttet tatt til orde for at WHO bør vurdere å gi utbrotet ein slik status.

– Det vil også gi auka merksemd på vaksineutvikling, sa smitteverndirektør John-Arne Røttingen til NTB førre veke.

Ei avgjerd frå WHO er venta tidlegast tysdag.

WHO er under press for å handle raskt i kampen mot zikaviruset, etter å ha innrømt å ha vore for seine i responsen på ebolautbrotet i Vest-Afrika. (©NPK)

Annonse