Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Widerøe leverer solide tal for sommartrafikken. Totalt gav SAS-streiken ein positiv inntektseffekt for juli på mellom 15 og 20 millionar kroner.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 03.08.2022 kl 11:58
Gjennom SAS-streiken vart nærare 3.000 kundar med kombinasjonsreiser SAS/Widerøe dagleg ramma av streiken. Totalt 51.000 passasjerar trong bistand gjennom konflikten, skriv Widerøe i ei pressemelding.
Widerøe hadde auka etterspurnad på dei kommersielle rutene sine på strekningar der det blir flygd direkte og indirekte i konkurranse med SAS.
– Juli leverer solid og vi er svært fornøgde med å kunne presentere gode tal for endå ein månad i 2022. Dette trass i streik og store driftsforstyrringar i luftfarten i andre Europa, seier konsernsjef i Widerøe, Stein Nilsen.
(©NPK)
Widerøe leverte gode tal for sommartrafikken, og tente pengar på SAS-streiken. Foto: Lise Åserud / NTB