Widvey overtek som styreleiar i Statkraft

(NPK-NTB): Tidlegare Høgre-statsråd Thorhild Widvey er vald til ny styreleiar i Statkraft. Ho overtek etter Olav Fjell, som går ut av styret.

Widvey har brei styreerfaring frå fleire ulike verksemder og er for tida også styremedlem i Kværner.

Ho har tidlegare vore kulturminister (2013-2015), olje- og energiminister (2004-2005), i tillegg til statssekretær i Utanriksdepartementet (2003– 2004) og Fiskeridepartementet (2002-2003).

Halvor Stenstadvold er vald som ny nestleiar. Peter Mellbye, Helene Biström og Bengt Ekenstierna blir nye styremedlemmer.

I tillegg til Fjell går Berit Rødseth og Elisabeth Morthen ut av styret. (©NPK)

Annonse