Annonse

Xi vil dempe silkeveg-bekymringar

President Xi Jinping prøver å roe dei som måtte vere bekymra for Kinas ambisiøse silkeveg-prosjekt.

Xi opna fredag ein konferanse i Beijing om det såkalla «belte og veg»-initiativet som skal knyte saman Asia, Europa og Afrika, mellom anna langs dei gamle handelsrutene kjende som Silkevegen.

- «Belte og veg» er ingen eksklusiv klubb. Alt skal skje med openheit, og det vil vere nulltoleranse for korrupsjon, sa Xi til ei forsamling av mellom anna 37 leiarar frå ulike land i verda.

I opningstalen sa den kinesiske presidenten at det er nulltoleranse knytt til det globale infrastrukturprosjektet. Han lova òg å unngå at prosjektet skal bli ei gjeldsfelle. Kina har avvist skuldingane om at prosjektet, som mellom anna omfattar store jernbaneutbyggingar, veg og hamner, skal bli eit geopolitisk verktøy for ambisjonane deira om å bli ei global supermakt.

- Vi må sikre kommersiell og finansiell berekraft for alle prosjekta, slik at dei oppnår dei planlagde måla, sa presidenten då han opna konferansen i den kinesiske hovudstaden.

(©NPK)

Xi Jinpings opningstale vart vist på storskjerm, mens servitørane allereie var i ferd med å førebu lunsjbord pynta med modellar av høgfartstog. Det enorme kinesiske prosjektet går blant anna ut på å knyte seg nærmare til Europa, Asia og Afrika med eit nytt og betre jernbanenett. Foto: Ng Han Guan / AP / NTB scanpix