Annonse

Yasmin-saken til menneskerettsdomstolen

(NPK-NTB): Etter at Høgsterett forkasta trafficking-offeret Yasmins anke om at utsendinga ikkje er eit brot på menneskerettskonvensjonen, blir saka no sendt til menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Det er den moglegheita vi har no, og vi er nøydde til å prøve det, seier støttespelar Wenche Hovland ved Krisesenteret i Florø til NRK.

Høgsterett vurderte nyleg om det er eit brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) å sende Yasmin tilbake til Ungarn, der ho tidlegare har fått asyl – eller om ho er så sjuk at ho fell inn under unntaksregelen om at svært sårbare menneske kan få sin asylsøknad behandla. Anken blei likevel forkasta og kvinna må derfor ut av Norge.

Yasmin, som ikkje er kvinnas verkelege namn, kom til Noreg saman med sin bakmann i 2009, men klarte å rømme og komme seg til eit krisesenter. Ho søkte om asyl året etter, men søknaden blei avvist av UDI og UNE fordi ho alt hadde fått opphald i Ungarn.

Kvinnas historie blei kjent gjennom ein dokumentar på NRK i fjor. Der fortalde ho at mora døydde i ein flyktningleir i Jemen da Yasmin var ti år gammal. Ein slektning lovde å hjelpe henne, men han skal i staden ha valdtatt og misbrukt henne. Seinare frakta han henne til Europa, og ho skal ha blitt selt til andre menn.

Bakmannen blei meldt til politiet, men saka blei lagt bort. Derfor har kvinna heller ikkje noko formelt krav på vern i Noreg som offer for menneskehandel. (©NPK)