Yellen: Stor uvisse i amerikansk økonomi

(NPK-NTB-AP-AFP): Dempa jobbvekst, global uro og låg inflasjon er nokre av grunnane til at sentralbanken i USA ikkje hevar renta, forklarte Janet Yellen i Kongressen.

Den amerikanske sentralbanksjefen lista opp fleire uvissemoment da ho presenterte den økonomiske rapporten sin for finanskomiteen i Senatet tysdag.

Yellen hadde den same varsame tilnærminga som da sentralbanken førre veke bestemte seg for å halde styringsrenta uendra på mellom 0,25 og 0,5 prosent.

Yellen signaliserer at sentralbanken ser mindre optimistisk på utsiktene for amerikansk vekst på kort sikt.

– Det er framleis stor uvisse i dei økonomiske utsiktene, sa ho i Senatet.

Yellen peika på den dempa veksten i nytilsetjingar og investeringar innanlands den siste tida. Dessutan peika ho på risikoen for at Storbritannia kan komme til å melde seg ut av EU, noko som kan sende sjokkbølgjer gjennom verdsmarknadene.

– Eit britisk fleirtal for ei utmelding frå EU kan få store økonomiske etterdønningar, sa Yellen og repeterte åtvaringa frå økonomar og sentralbanksjefar verda over i forkant av den britiske folkerøystinga torsdag.

Aksjeindeksane gjekk opp med rundt 0,1 prosent på Wall Street kort tid etter Yellens utsegner i Senatet. (©NPK)

Annonse