YS-medlemmene med klart ja til ny hovudtariffavtale

(NPK-NTB): Eit soleklart «ja» var resultatet av uravstemminga blant YS-medlemmene om den nye hovudtariffavtalen som vart forhandla fram torsdag.

91 prosent av dei røysteføre svarte ja, og 9 prosent svarte nei. Den nye avtalen trer i kraft frå tysdag klokka 12, og generelt tillegg blir etterbetalt frå 1. mai.

YS Stat-leiar Pål N. Arnesen er svært fornøgd med resultatet.

– Vi har fått ein modernisert tariffavtale som gir lokale partar utvida handlingsrom. I tillegg så beheld vi ansvaret til sentrale partar og moglegheiter for sentrale tiltak, seier han i ei pressemelding. (©NPK)