Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Ytterlegare fem personar har fått påvist MRSA-smitte i tilknyting til Universitetssjukehuset Nord-Noreg i Tromsø. Til saman er 15 stadfesta smitta.
npk@npk.no
Publisert: 05.09.2016 kl 14:49
Sist veke blei intensivavdelinga for nyfødde ved sjukehuset stengt etter at det blei oppdaga at éin av pasientane som var innlagt i august, hadde testa positivt på ein multiresistent bakterie.
Dei neste dagane blei det stadfesta smitte hos til saman ti personar – seks pasientar, tre tilsette og ein pårørande.
– Det er grunn til å streka under at sjølv om det framleis dukkar opp nye positive tilfelle, er dei som er ramma berre berarar av bakterien. Det er ingen alvorleg sjuke blant dei ramma, eller negativ utvikling knytt til desse, opplyser Universitetssjukehuset i Nord-Noreg.
Det står framleis att eit fåtal testar. Dei siste testane blant dei tilsette, vil liggja føre om eit par dagar. I tillegg er det snakk om 14 barn som no er skrivne ut frå avdelinga, som blir testa hos fastlegen sin.
Sjukehuset seier seg lei for at smitten har ramma så mange, og seier dei arbeider kontinuerleg med smitteverntiltak for å bli kvitt bakterien så snart som mogleg.
Det eine barnet blei overført frå Tromsø før smitten var påvist, men sjukehuset kjenner ikkje til smittekjelda hos det andre barnet.
– Om det er nokon samanheng, veit vi enno ikkje, seier kommunikasjonssjef Randi Angelsen til NTB.
Ifølgje Angelsen er det ikkje noko MRSA-utbrot på sjukehuset. Det er sett i gang testing av tilsette og andre ved avdelinga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.