Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kristoffer Zachariassen har med godt spel for Ferencvaros fått ei ny moglegheit i landslagstroppen. Det er hans første sidan debuten mot Hellas i Málaga i fjor.
Publisert: 22.09.2022 kl 16:23
– Eg er veldig glad for å vere med landslaget igjen og få sjansen til å kjempe med flagget på brystet. Eg har også vorte henta inn til to veldig kule og viktige kampar, seier han til NTB.
Saman med Tokmac Nguen har sotraværingen gjort det svært bra for ungarske Ferencvaros. Den regjerande seriemeisteren har innleidd den nye sesongen med fire sigrar i serien og er utan poengtap også i Europaligaen.
– Den ungarske ligaen er vel ikkje den mest kjende i Europa, men når ein gjer det godt i Europaligaen blir det lagt merke til, seier Zachariassen, som har hjelpt laget til siger heime mot Trabzonspor og borte mot Monaco.
Han nyt tilværet i Budapest.
– Det er ein veldig fin by, med eit veldig godt lag som har vorte ein veldig godt samansveisa gjeng. Det er også ein veldig kul liga med veldig mykje trykk frå supporterane. Eg stortrivst og håpar eg kan ta med meg litt av kjensla frå dei siste kampane inn i trening og kamp, seier han.
Kantspelaren var ikkje med i det opphavlege uttaket, men vart henta inn i troppen etter forfallet frå stoppar Stefan Strandberg. Han merkar forskjell frå si første samling, då Noreg spelte to «hjemmekamper» i Málaga.
– Då var det også treningskampar. No merkar eg at det er litt meir spissa fokus. Alle er førebudde på viktige og tøffe kampar, seier Zachariassen.
Han har lyst til å vere del av Noregs framstormande unge landslag også i tida som kjem.
– Det er utruleg gøy å vere ein del av det. Eg håpar eg kan prestere på treningane og kanskje få moglegheit i kamp. Sjølvsagt håpar eg å halde fram med å vere ein del av troppen, for det kan bli veldig gøy med landslaget framover.
(©NPK)
Kristoffer Zachariassen har sett seg i respekt i europaligakampar for Ferencvaros og har vorte påskjønt med plass i landslagstroppen. Foto: Tamas Kovacs, MTI via AP / NTB
Kristoffer Zachariassen (nummer to frå høgre) på landslagstrening saman med (frå v.) Alexander Sørloth, Mohamed Elyounoussi, Morten Thorsby, Fredrik Bjørkan og Stian Gregersen. Foto: Beate Oma Dahle / NTB