Klargjør siden...
Annonse

Zelenskyj ber G7 om hjelp til å avslutte krigen til vinteren

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj ber G7-landa om å gjere det dei kan for å få slutt på Russlands invasjon av Ukraina før nyttår. Han ber om meir sanksjonar, meir våpen og pristak på russisk olje.

Den ukrainske presidenten deltek via videolink på toppmøtet i Elmau i Tyskland. Der lovar også USAs president Joe Biden og dei andre leiarane å stramme inn sanksjonane mot Russland. Leiarane i dei sju rike landa viste samla støtte til Ukraina, sjølv om ringverknadene av krigen held fram med å drive opp energiprisar, matprisar og den samla inflasjonen.

– Vi skal halde fram med å gi Ukraina økonomisk, humanitær, militær og diplomatisk støtte og stå saman så lenge vi må, heiter det i ei fråsegn frå G7-landa.

Dei sju landa kom saman med krav til Russland om mellom anna å opne for at Ukraina igjen kan eksportere korn og andre landbrukseksportar, og returnere ukrainarar som er sende til Russland mot sin vilje.

Zelenskyj ber om krigsslutt før vinteren

I Zelenskyjs tale til toppmøtet bad han leiarane om å få ein slutt på krigen før vinteren gjer forholda vanskelegare for soldatane hans. Presidenten bad landa om å halde oppe trykket mot Moskva, mellom anna gjennom å stramme sanksjonane og innføre eit pristak på russisk olje.

– President Zelenskyj gav eit veldig tydeleg svar om at dette ikkje er tida for forhandlingar. Ukraina vil forhandle når landet er i posisjon til å gjere det, når dei har reetablert ein sterk posisjon, sa ein fransk embetsmann i etterkant.

Tysklands statsminister Olaf Scholz, som er vert for møtet, seier G7 vil halde fram med å presse Putin, stadig hardare.

– Krigen må ta slutt, seier han.

Gir norskprodusert luftvernsystem

I tillegg diskuterer ein ytterlegare sanksjonar mot russisk forsvarsindustri, medan USA etter kva fleire nyheitsbyrå erfarer skal forsyne Ukraina med det avanserte, norskutvikla luftvernsystemet Nasams.

Systemet blir mellom anna brukt av USA til å verne luftrommet rundt Det kvite hus og kongressbygningen i Washington. Søndag vart landa samde om å innføre importforbod mot russisk gull.

Dei fleste av G7-leiarane reiser vidare til Madrid og Nato-toppmøtet etter at deira eige toppmøte blir avslutta tysdag. Der står naturlegvis også Ukraina svært høgt på dagsordenen.

(©NPK)

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj talte til G7-toppmøtet via videolink. Foto: Tobias Schwarz/Pool Photo via AP/NTB

USAs president Joe Biden (t.v.) pratar med Italias statsminister Mario Draghi. Foto: Susan Walsh / AP / NTB

Annonse