Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Suzann Pettersen innrømmer at ho følgjer nøye med på rapportane rundt det mykje omtalte zikaviruset. I augneblinken er det ikkje aktuelt å droppe OL i Rio.
npk@npk.no
Publisert: 09.06.2016 kl 08:52
Det smittsame viruset som blir spreidd via mygg har allereie fått mange golfspelarar til å melde avbod til sommarleikane i Brasil. Adam Scott, Charl Schwartzel, Marc Leishman og veteranen Vijay Singh er fire eksempel.
Nyleg innrømde også verdseinar Jason Day at han er i tenkjeboksen, og nord-irske Rory McIlroy har gjort det klart at han vil ta ei endeleg avgjerd når det nærmar seg.
Suzann Pettersen innrømmer gjerne at ho ikkje er hundre prosent komfortabel med situasjonen.
– Eg ville lyge dersom eg sa at eg ikkje tenkjer på det, seier 35-åringen til NTB.
Forskinga på zikaviruset er førebels noko mangelfull, men viruset blir knytt til fosterskadar og den medfødde misdanninga mikrokefali.
– Det er umogleg å ikkje la seg påverke av det som har komme fram. Eg er jo 35 år og ser for meg å få barn. Det er absolutt til bekymring, seier Pettersen.
Den norske golfproffen har samtidig ingen førebelse planar om å droppe turen til Rio i august.
– Slik det ser ut no, kjem eg til å spele OL. Men eg forstår godt at folk tenkjer mykje på dette, seier ho.
Suzann Pettersen blir truleg eitt av Noregs fremste medaljehåp i Brasil. (©NPK)