Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Zimbabwe held tilbake eit USA-registrert transportfly etter at det vart funne ein død person og store pengesummar om bord.
npk@npk.no
Publisert: 15.02.2016 kl 15:54
MD-11 flyet frå Western Global Airlines, som har base i Florida, var på veg frå Tyskland til Sør-Afrika då det mellomlanda i Zimbabwes hovudstad Harare søndag.
Bakkemannskap fatta mistanke til flyet fordi det draup blod frå det, og då flyet vart gjennomsøkt vart det funne ein død person og millionar av sørafrikanske rand.
– Mannskapet bad om å få lande for å etterfylle med drivstoff, men bakkemannskapa våre oppdaga blod og vart mistenksame, seier ein talsmann for flyplassmyndigheitene.
Ifølgje avisa The Herald består mannskapet på flyet av to amerikanarar, ein sørafrikanar og ein pakistanar. Kven den døde personen er, er ikkje kjent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.