Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Zlatan Ibrahimovic vart takka av fansen etter sin aller siste landskamp.
npk@npk.no
Publisert: 23.06.2016 kl 09:00
Etter 116 kampar for Sverige, sette superspissen strek for blågult etter 0-1-tapet mot Belgia i fotball-EM.
Ibrahimovic vart hylla av dei svenske supporterane, sjølv om EM-exiten gjorde vondt. Spissen sa han var «skuffa» etter tapet i ein kamp der han sjølv fekk eit mål annullert. Like etter scora Belgia målet som sende svenskane heim.
Zlatan Ibrahimovic seier han vil sakne å spele i den svenske landslagsdrakta.
– Den har eg vore stolt over å få bere. Det kjem til å følast tungt i starten når landslaget spelar og eg ikkje kan vere med og påverke. Det er blitt 15 år i landslaget, og eg har fått vere kaptein. Eg kom frå vesle Rosengård og gjorde Sverige til mitt land, og det kjem alltid å vere mitt land, sa Ibrahimovic.
– Ein ny Zlatan finn vi aldri. Han er unik, sa landslagssjef Erik Hamrén. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.