Zlatan hintar om landslagsstopp etter EM

(NPK-NTB-AFP): Den svenske fotballstjerna Zlatan Ibrahimovic ymtar om at EM-sluttspelet i fotball i Frankrike kan bli det siste han gjer med flagget på brystet.

Torsdag sa han at det var for tidleg å seia om han satsar på landslaget i den kommande VM-kvalifiseringa som startar til hausten.

Zlatan har spelt 111 landskampar og scora 62 mål for Sverige, og han blir ein viktig brikke under EM. Svenskane har hamna i «dødsgruppa» der dei møter Belgia, Italia og Irland i gruppe E.

– Når det er snakk om landslaget, har vi først EM. Eg er glad for at vi klarte å ta ein plass der, og eg gler meg til å spela, sa Zlatan.

– Kva som skjer etter det veit eg ikkje. Eg veit ikkje om eg vil spela kvalifiseringa for VM i Russland. Det er langt dit og for tidleg å svara på det, sa den 34-år gamle svensken i eit telefonintervju.

Etter at juleferien er over skal Paris Saint-Germain reisa til Midtausten for kampar i Qatar. Der skal Zlatan mellom anna møta den gamle klubben sin Inter i Doha 30. desember. (©NPK)