Zuccarello-assist då Stars tapte første kvartfinale

Dallas Stars måtte sjå seg slått 2-3 i den første kvartfinalekampen mot St. Louis Blues i NHL-sluttspelet. Mats Zuccarello spelte seg igjen til målpoeng.

Blues har heimefordel i dei to første kampane i kvartfinalerunden, som til liks med resten av sluttspelet blir spelt som best av sju kampar. Heimelaga tok første stikk i kampen på torsdag, då Roby Fabbri sette inn 1-0 rett før det var gått seks minutt av første periode.

Midtveges i den neste perioden var norske Mats Zuccarello tredje sist på pucken då Jason Spezza utlikna for Stars. To minutt før pausen sørgde Vladimir Tarasenko for at vertane igjen tok føringa.

Same Tarasenko gjekk åleine då han la på til 3-1 snautt fire minutt ut i den siste perioden. Med mindre enn tre minutt igjen på klokka reduserte Jamie Benn til 2-3 for Stars. Nærare kom ikkje gjestene frå Dallas denne gongen, og det resultatet vart dermed ståande til slutt.

Laga får to dagars pause før dei møtest til neste kamp i St. Louis laurdag. Etter den kampen ventar to heimeoppgjer for Dallas Stars og Zuccarello. Nordmannen fekk drygt 19 minutt på isen i oppgjeret torsdag.

Dallas Stars slo ut Nashville Predators 4-2 samanlagt i den første runden i NHL-sluttspelet.

(©NPK)

I førre sluttspelrunde kunne Mats Zuccarello juble for scoring mot Nashville Predators. I den første kvartfinalekampen mot St. Louis sørgde nordmannen på Dallas Stars for ein assist. Arkivfoto: Mark Humphrey / AP / NTB scanpix