Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Facebook-grunnleggjar Mark Zuckerberg vil få fjerna hatmeldingar på det største nettsamfunnet i verda.
npk@npk.no
Publisert: 26.02.2016 kl 19:08
– Hatmeldingar har ingen plass på Facebook, seier Zuckerberg.
Facebook har hittil ikkje gjort ein god nok jobb med å få fjerna innlegga, medgjev han. Facebook-sjefen, som har vore på ein to dagars sjarmoffensiv i Tyskland for å møta kritikken, seier han forstår kor sensitivt temaet er i Tyskland i kjølvatnet av flyktningsituasjonen.
– Vi har fått beskjeden, og vi skal bli betre, lova 31-åringen til rundt 1.400 menneske som hadde kome til møtet i Berlin fredag.
Zuckerberg ber vidare USA og andre nasjonar følgja Tysklands eksempel. Landet tok imot 1,1 millionar asylsøkjarar i fjor.
– Leiarskapen til Tyskland i flyktningkrisa har vore inspirerande og vore eit førebilete for resten av verda, seier han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.