Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 17.11.2022 kl 18:00
Tysdag hadde Statens vegvesen sine kontrollørar ein travel dag under ein tungbilkontroll på Kjøs.
Publisert: 17.11.2022 kl 16:00
Formannskapet i Ørsta valde å gå for enda ei utsetting då planane for Fremre Mo stod på møteplanen tysdag.
Publisert: 17.11.2022 kl 13:00 - Oppdatert: 17.11.2022 kl 13:01
– For oss har marknaden mykje å seie, for den set Dalsfjorden på kartet. Vi hadde 29 standar og det kom mange tilreisande også, seier Turid Tjugen.
Publisert: 17.11.2022 kl 11:00
Det er etterspurt utbetring av stien opp til dagsturhytta i Hornindal, men Volda kommune vil prioritere betre parkering på staden før dei byrjar å jobbe med stien.
Publisert: 14.11.2022 kl 07:00
Åtte bustadtomter ligg no ute for sal i Nordalen. Når tre av dei er seld går grunneigar i gang med naudsynt utbygging av infrastruktur.
Publisert: 13.11.2022 kl 20:00 - Oppdatert: 14.11.2022 kl 17:39
Fleire grunneigarar i Skjåstaddalen har fått brev frå Volda kommune med beskjed om å slutte med ulovleg bålbrenning.
Publisert: 13.11.2022 kl 18:00
TOK ønskjer at fleire skal kunne vere med i Kulturskulen, og kommuneadministrasjonen har kome med fleire forslag om korleis ein kan nå den målsetjing.
Publisert: 13.11.2022 kl 13:00
– Hadde vi vore så uheldige at nokon vart køyrd ned her, trur eg debatten hadde lagt seg med ein gang.
Publisert: 13.11.2022 kl 11:00 - Oppdatert: 14.11.2022 kl 17:40
Storleiken på politiske organ i Volda kommune er på høyring, og partiet Raudt meiner storleiken bør halde fram som i dag.
Publisert: 13.11.2022 kl 07:00
Uansett om du har behov for ein hårklipp, styling, ny ballkjole, gardiner til båten din eller nytt trekk på ein gammal stol, er Annalyn Mårstøl den rette dama å kontakte.
Publisert: 12.11.2022 kl 18:00
Etter vedtaket Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjorde om fusjon, har kundane strøymt til Sparebanken Møre.- Eg er sjølvsagt glad for tilliten kundane viser oss, men det er litt kjedeleg at det skjer på ein slik måte som no, seier Mette Ryste i Sparebanken Møre si avdeling i Volda.
Publisert: 12.11.2022 kl 13:00 - Oppdatert: 13.11.2022 kl 13:18
– Gjennom fusjonsprosessen har eg opplevd trugslar, men også fine diskusjonar og informasjonsmøte, seier Odd Velsvik. Han legg ikkje skjul på at han stemte nei til fusjon, noko som har ført til at han har hamna i ubehagelege situasjonar.
Publisert: 12.11.2022 kl 11:00 - Oppdatert: 13.11.2022 kl 13:17
– Det var mange som prøvde å påverke kva resultatet vart av fusjonen, seier Ottar Skare. Når det gjeld ja til fusjon så synest han at det er synd at Volda misser den lokale Sparebanken.
Publisert: 12.11.2022 kl 07:00
Framover skal Møre ha ei matspalte med Milan Ilic, og det første Milan ynskjer å snakke om er å lage vekesmeny og redusere matsvinn.
Publisert: 12.11.2022 kl 07:00 - Oppdatert: 17.11.2022 kl 10:05
Har du vore på Volda stadion, så har du mest truleg møtt Solveig Storeide. Ho har vore involvert i VTI Fotball sidan 2004, og vore med i klubbleiinga sidan 2014. No tek ho med seg det store idrettshjartet sitt og flyttar inn i Volda campus Sparebank 1 arena som dagleg leiar for Volda...
Publisert: 11.11.2022 kl 21:00
Etter ein utfordrande haust i høve å få ting til å gå opp med rom og folk vert det bra med meir plass, både for elevar og tilsette på skulen.
Publisert: 11.11.2022 kl 20:00 - Oppdatert: 14.11.2022 kl 17:41
Dei tilsette i domstolen i Volda håpar kommunen vil godkjenne lokala på Skjellebreida. – Elles går vi tilbake til ei usikker framtid.
Publisert: 11.11.2022 kl 18:00
Inger Årflot har merka seg ein ting som manglar på lista over ting ein bør ha i heimen dersom ei krise rammar: Salt.
Publisert: 11.11.2022 kl 16:00
Narvesen i Ørsta melder at ein av kundane deira har treft på eit av vinnarlodda i Flax for livet, og vann 10.000 kroner i månaden i ti år.
Publisert: 11.11.2022 kl 15:13 - Oppdatert: 13.11.2022 kl 13:17
– No er valet er tatt, det er ikkje noko å gjere med det! No må vi berre sjå framover og vere positive. Skal banken overleve har dei ein jobb å gjere, seier Magne Aarseth. Han var i generalforsamlinga som representant for Eigenkapitalbeviseigarane.
Publisert: 11.11.2022 kl 15:03 - Oppdatert: 13.11.2022 kl 13:15
– Eg er stygt redd for at det går same vegen med banken som det har gjort med Volda-avdelinga til Nordea. På sikt så forsvinn den, seier Ann Helen Sunndalsfoll.
Publisert: 11.11.2022 kl 13:00
Ordførarane i Volda og Stad kommunar er gjort merksame på gjentatt skadeverk på Langedalsbrua, ei steinbru frå 1827 på vegen over brekka mellom Eid og Bjørkedalen. Dei ser alvorleg på saka.
Publisert: 11.11.2022 kl 07:00
Møre skreiv tysdag at det har vorte 40 km/t og forkøyrsveg på strekninga Engesetvegen-Sjukehusvegen, men førebels er det berre delar av strekninga som er skilta om.
Publisert: 10.11.2022 kl 20:00
Fylkeskommunedirektøren vil følgje rådet frå Telemarksforsking om å halde på strukturen med tre konsoliderte regionsmuseum i Møre og Romsdal.
Publisert: 10.11.2022 kl 18:00
På nyttårsaftan i år kan du få med deg to spektakulære fyrverkerishow. Tre timar før det smell i Volda byr Ørsta til fellesfyrverkeri for dei minste.