Klargjør siden...
Annonse

Artikler av Ingvild Otterlei Brenne

Har du hugsa å stille klokka?

Har du hugsa å stille klokka?

Publisert:

Natt til søndag skal klokka stillast éin time tilbake. Vi går no over frå sommartid til normaltid.

– Eit signal om at vi ikkje er velkomne

– Eit signal om at vi ikkje er velkomne

Publisert:

– Dette handlar om meir enn skulepengar. Vi er i 2022, og skulle heller ha jobba for ei meir berekraftig verd med fleire faglærde.

– Vi vil lære av Volda

Bollestad vitja sukehuset:

– Vi vil lære av Volda

Publisert:

– Eg veit kva Volda sjukehus gjer for innbyggjarane og nabokommunane. Sjukehuset leverer god kvalitet og har eit godt menneskemøte, ifrå fødsel til døden.

Annonse
Annonse
Kulturrådet nøgd med Nynorsk kultursentrum

Kulturrådet nøgd med Nynorsk kultursentrum

Publisert:

Nynorsk kultursentrum scorar svært bra på forskings- og formidlingsarbeidet, der fleire gode tiltak for barn og unge trekkjer opp. Dei øvrige musea i fylket får også ros for god formidling, men manglar noko på andre delar av museumsarbeidet.

Tobben vann 2 millionar

Tobben vann 2 millionar

Publisert:

Tysdag var det kjøpmannen sjølv som gjekk til topps i Extra-trekninga til Norsk Tipping.

- Margit er ein boost for bedrifta

Eliteseriespelar og ingeniør:

- Margit er ein boost for bedrifta

Publisert:

Før denne sesongen kom Margit Lidal til Volda for å spele eliteseriehandball. Det kombinerer ho med ingeniørjobb hjå Per Mulvik AS. – Eg likar å ha noko å gjere utanom handballen, så dette var midt i blinken.

– Engasjer deg i saker du brenn for

Benedikte Holmberg (V):

– Engasjer deg i saker du brenn for

Publisert:

Benedikte Holmberg har vore kommunestyrepolitikar for Venstre i Volda sidan 2014. – Engasjer deg i saker du brenn for, og ikkje tenk deg redd for å seie meininga di i det offentlege rom, er hennar oppmoding til andre kvinner som vurderer å engasjere seg politisk.

Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte

Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte

Publisert:

Det er over seks år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. – Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til våre innspel og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i...

Førebels nei til lokalhistorisk arkiv i Smia

Førebels nei til lokalhistorisk arkiv i Smia

Publisert:

Hornindal historielag vil etablere eit lokalhistorisk arkiv i Smia, men Volda kommune seier dei treng arkivmagasinet til eigen bruk. I alle fall inntil vidare.

– Snakk om sjølvmord, det kan redde liv

– Snakk om sjølvmord, det kan redde liv

Publisert:

I fjor var det 658 sjølvmord i Noreg. No startar kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv». Kampanjen skal auke kunnskapen om sjølvmord.

– Vil ikkje gagne lokal--demokratiet

– Vil ikkje gagne lokal­demokratiet

Publisert: - Oppdatert: 28.10.2022 kl 08:02

Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling meiner kutt i politiske utval ikkje vil gagne lokaldemokratiet. – Tvert om kan det heller gjere rekrutteringa vanskelegare.

– Ein føler seg jo utrygg. Kva vert det neste?

Bak fasaden hjå Forfatterfruene:

– Ein føler seg jo utrygg. Kva vert det neste?

Publisert:

Utfordringar med hærverk, økonomi og progresjonen i oppussingsplanane for gjestgiveriet legg ein dempar på gleda over å leve ut draumen.

Eit distriktsran?

Statsbudsjettet 2023:

Eit distriktsran?

Publisert:

– Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er ei kraftig inndraging av kapital frå distrikts-Noreg til staten og vil høgst truleg føre til redusert sysselsetting i distrikta.

Viktig brikke i framtidas helsevesen

Ergoterapiens dag:

Viktig brikke i framtidas helsevesen

Publisert:

Statistikken er klokkeklar: Vi blir stadig fleire eldre i samfunnet, og i tillegg til aukande utanforskap blant yngre utfordrar dette helse- og velferdstenestene våre.

Nye tiltak på Otterdalsvegen

Ei av dei mest rasutsette strekningane i fylket:

Nye tiltak på Otterdalsvegen

Publisert:

I januar gjekk det ras over Otterdalsvegen og vegen var stengt i fleire dagar. No har Statens vegvesen vedteke ein trafikkstyringsplan i tilfelle nye ras, og det skal settast opp infotavle og trafikkhindringsvarsel.

- Alle likar jo Side Brok og då var det berre å sette i gong og skrive bok

Boklansering på Stødt:

- Alle likar jo Side Brok og då var det berre å sette i gong og skrive bok

Publisert:

– Det vert som eit lydspor til ungdomstida mi. Eg følte at det var litt det som skjedde for veldig mange av oss på min alder akkurat då plata kom ut. Livet vart forandra då Høge Brelle kom ut, seier Kjell Andreas Oddekalv, forfattar av boka Side Brok – Høge Brelle.

Endeleg kappleik igjen!

Endeleg kappleik igjen!

Publisert:

I helga var det fylkeskappleik i folkemusikk og folkedans i Ulsteinvik. Eit stort og variert program fordelt over to dagar med over 200 deltakarar, av dei omlag 75 born.

Sjå verka til dei unge kunstnarane

Skapar-showcase på Kunsthuset:

Sjå verka til dei unge kunstnarane

Publisert:

Frå torsdag til laurdag inviterte Volda og Ørsta Kunstlag for første gong Skapar-showcase på Kunsthuset i Ørsta.

Lei av støyande kumlokk

Lei av støyande kumlokk

Publisert:

Ein oppsitjar i Plassevegen har sett seg lei av eit støyande kumlokk i nabolaget, og varslar no kommunen om tilhøva.

Nye parkeringsfasilitetar ved rådhuset

Nye parkeringsfasilitetar ved rådhuset

Publisert:

Endeleg har rådhuset fått universell tilkomst og parkering for alle, jublar Ørsta kommune.

- Inkluderande, lyttande og stødig

Volda Sp har valt sin førstekandidat:

- Inkluderande, lyttande og stødig

Publisert:

17. oktober vart det halde medlemsmøte i Volda Senterparti på Smia i Hornindal. Her vart Sølvi Dimmen samrøystes innstilt av nominasjonsnemnda og deretter samrøystes valt av styret og medlemmane som Volda Senterparti sin førstekandidat.

– Vi skal halde fram lokalt engasjement

– Vi skal halde fram lokalt engasjement

Publisert:

Sparebank 1 Søre Sunnmøre riggar seg for vidare drift i Volda, med eller utan fusjon, og har tilsett to nye kunderådgjevarar, Frank Vatne og Katrin Vasstein.

- Tida for å gå med bøsser er heilt klart ikkje forbi

Innsamlingsleiar Sverre Leivdal:

- Tida for å gå med bøsser er heilt klart ikkje forbi

Publisert:

Søndag gjekk årets TV-aksjon av stabelen med brask og bram. Givargleda var stor, og det vart sett nye innsamlingsrekordar både i Volda og Ørsta, i tillegg til ein historisk høg sluttsum på nasjonalt nivå.

Så mykje gav voldingane

Givarrekord til TV-aksjonen:

Så mykje gav voldingane

Publisert:

Måndag morgon var det samla inn 680.845 kroner i Volda kommune under årets TV-aksjon til inntekt for Leger Uten Grenser og søsterorganisasjonen Drugs for Neglected Diseases initiative. I gjennomsnitt bidrog kvar innbyggjar med 63 kroner noko som er om lag 14 kroner over landsgjennomsnittet.

Får gratis husleige

Får gratis husleige

Publisert:

Eit vedtak i Volda formannskap i mars gir Dalsfjord fyrmuseum, med ei tidsavgrensing, same «leigepremissar» som tidlegare var avtalt med Viti. Det stadfestar kulturleiar Kristina Kostopoulos i eit brev til fyrmuseet.