Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 04.11.2023 kl 07:00
– Dette er kjempeviktig for Volda kommune, og eit kompetanseløft som vi sårt har trengt dei siste åra, seier Kristian Driveklepp, beredskapsleiar i Volda brann og redning.
Publisert: 03.11.2023 kl 20:00
Volda blandakor blir 150 år neste år. Runde blandakor er berre eit par år yngre. Desse to kora, pluss Volda mannskor, møttest på Volda blandakor sin korkafé på Uppheim søndag.
Publisert: 03.11.2023 kl 13:00 - Oppdatert: 03.11.2023 kl 14:39
Halloween vert feira kvart år den 31. oktober, og er ei av dei mest elska høgtidene verda over. Den skumle feiringa har vorte feira av fleire og fleire også i Noreg og Volda år for år. No er det mange som gler seg til denne årlege hendinga.
Publisert: 02.11.2023 kl 18:00
Stiftinga Viti har fått fersk finansiering og vil brannsikre dei antikvariske bygningane på Brudavolltunet i Ørsta for nesten tre hundre tusen kroner.
Publisert: 02.11.2023 kl 16:00
Onsdag 1. november var det opning av den nye ungdomsskulen i Volda. Alt som høyrer med i ei høgtideleg opning vart servert dei som var til stades denne kvelden.
Publisert: 01.11.2023 kl 16:00
Fredag 24. november skal Elisabeth Busengdal forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Publisert: 01.11.2023 kl 13:00
Ei fersk undersøking viser at tre av fem er redde i bil på glatta. – Det held ikkje å telje 1001-1002-1003 no.
Publisert: 01.11.2023 kl 11:00
Heldig er den bygda som har eit kor som Morkakoret. Dei har ei eiga evne til å spreie god energi og livsglede når dei opptrer. Under jubileumskonserten vart publikum med på ei musikalsk reise frå «Bør Børson» og «Ola og Mariann» via Abba og Beatels til Kaptein Morkasvein.
Publisert: 01.11.2023 kl 07:00
Med 270 medlemmer og mange aktivitetar er Ørsta og Volda Hundeklubb ein veldriven klubb som er 30 år i år.
Publisert: 31.10.2023 kl 18:00
Det var full aktivitet i Volda Campus Sparebank 1 Arena søndag. Då fauk volleyballane over netta, og born frå 24 lag var samla for å ha det kjekt i lag.
Publisert: 31.10.2023 kl 13:00
Volda sogelag arrangerte for andre gong halloween på Volda bygdetun. Stemninga var høg mellom dei utkledde borna som vrimla rundt mellom lykter, gamle hus og skumle figurar.
Publisert: 31.10.2023 kl 11:00
NMS Gjenbruk- kjeda fyller 25 år i år. Dette feira dei med kake ved avdelinga i Volda. Det Norske Misjonsselskap har i jubileumsåret 52 butikkar.
Publisert: 29.10.2023 kl 11:00
Dialogprosjektet hadde som mål å samle musea på Sunnmøre til eitt regionmuseum. Men forsøket stranda, og «utanformusea» står framleis utanfor.
Publisert: 25.10.2023 kl 11:00
Mange bilistar har fått varsel om at dei framover må betale månadleg gebyr for å ha bombrikke i bilen. No vil samferdselsdepartementet sjå på ordninga på nytt.
Publisert: 25.10.2023 kl 07:00
I 2022 var folkeveksten høgare enn på mange år, god hjelpt av innvandring frå Ukraina. Samtidig var det for første gong fleire som døydde enn som vart fødde.
Publisert: 24.10.2023 kl 20:00
Bratt Sykkelklubb sitt anlegg er bygd med sponsormidlar, gåver, hundrevis av dugnadstimar og lovnad om utbetaling av spelemidlar. No ser det ut som klubben må vente lenge på utbetaling av spelemidlane, og klubben ber kommunen forskotere pengane. – Elles kan vi kome til å misleghalde lånet...
Publisert: 24.10.2023 kl 18:00
– Det er verkeleg imponerande alle dei aktivitetane som de har fått til og arbeidet de gjer her i desse to kommunane, seier Tone C. Faugli, dagleg leiar i Fairtrade Norge.
Publisert: 24.10.2023 kl 11:45 - Oppdatert: 24.10.2023 kl 11:53
Tine-meieriet i Ørsta har no sendt av gårde sine bidrag til verdsmeisterskapen i ost som går føre seg i Trondheim komande helg. Ørstaostane vil der møte hard konkurranse frå om lag 4500 ostar frå heile verda.
Publisert: 24.10.2023 kl 07:00
Gabriel Skotte krinsmeister i klasse B, Jakob Keilen Thomsen med andreplass i klasse E, og tredjeplass til Alexander Kamennyy i klasse D!
Publisert: 23.10.2023 kl 20:00 - Oppdatert: 23.10.2023 kl 21:39
Einar Oterholm har gitt ut eit hefte som tek føre seg historia til Romsdals amts praktiske jenteskoler, som hadde avdelingar i Volda og i Øksendal på slutten av 1800-talet.
Publisert: 23.10.2023 kl 18:00
Kjøp av tenester eller varer på nett vi aldri får, er den svindelmetoden som råkar folk i Trøndelag og Møre og Romsdal oftast. Svindeltala er skyhøge, og ifølgje ei fersk undersøking fryktar fleirtalet at det skal bli verre.
Publisert: 23.10.2023 kl 13:00
Heile 35 bidrag kom inn til logokonkurransen knytt til MGP på Ørsta ungdomsskule i år. Blant desse stakk Amalie Rønning Stennes av med sigeren.
Publisert: 23.10.2023 kl 11:00
Dei nye brannkonstablane i Volda og Hornindal fekk bryne seg på røykdykking i Volda på onsdag. Denne veka avsluttar dei opplæringa.
Publisert: 23.10.2023 kl 07:00
Når kulda kjem ute, finn gnagarane vegen inn. Dei trekk ikkje berre inn i hus og hytter. – Nei, også garasjar, biler, bubilar og campingvogner er ynda tilhaldsstader for mus. Sjølv om dei er små, kan dei gjere svært stor skade, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.
Publisert: 22.10.2023 kl 20:00
Snakkar du volding eller ørsting, vil denne forskartrioen gjerne ha deg på besøk i haust. Flunkande ny forsking på dialektendringar er i gang ved Høgskulen i Volda.