Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 27.09.2023 kl 13:00
Det var mange born og unge som fekk ei kjekk oppleving under Volda Ørsta Flyklubb sin opne dag laurdag. Ein av desse var Kasper (11 år) som har ei ekstra stor interesse og kunnskap om fly.
Publisert: 27.09.2023 kl 11:00
Kirsten Ose og Mats Ryste ville ha eit revykor som kunne synge einstemt. Ved å hyre inn Øyvind Lied fekk dei eit kor som imponerer og vinn konkurransar. Fredag var det feiring med 17 nummer som koret framførte med bravur.
Publisert: 26.09.2023 kl 16:00 - Oppdatert: 26.09.2023 kl 16:13
Ved Hornindal brannstasjon kunne born få prøve brannslangen, sitje i ein brannbil eller sløkke ein brann. Bak alt dette låg eit mål om å opplyse folk om korleis ein kan førebyggje brann.
Publisert: 26.09.2023 kl 15:00
– Det som skjer i Volda-regionen er utruleg bra, og at banken satsar stort er ein viktig del av det. Det seier Henrik von Ubisch, som vert ny leiar for kapitalrådgjeving i SpareBank 1 SMN, divisjon Sunnmøre og Fjordane.
Publisert: 26.09.2023 kl 14:00
Widerøe Ground Handling (WGH) mister 80 prosent av kontrakten på leveranse av bakketenester til SAS frå 1. februar 2024. Dette gjeld Trondheim, Stavanger, Bodø, Haugesund, Kristiansund og Ålesund. Samtidig blir samarbeidet vidareført på Kirkenes, Alta, Svalbard, Evenes, Molde og Lakselv.
Publisert: 26.09.2023 kl 13:40 - Oppdatert: 26.09.2023 kl 16:11
- Open dag på Ørsta brannstasjon var ein knallsuksess i år som i fjor. Det var stort oppmøte, opphaldsvêr og mykje spennande som skjedde.
Publisert: 25.09.2023 kl 09:55 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 10:28
Volda Ørsta Sjakklags Ungdom arrangerte Barnas Grand Prix i sjakk laurdag 23. september. Dei unge spelarane viste mykje god sjakk!
Publisert: 25.09.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 09:51
Laurits Fonn er tilsett som ny ungdomsarbeidar i Frikyrkja i Volda. Han har ansvar for gudstenester for studentar og unge vaksne og anna ungdomsarbeid.
Publisert: 24.09.2023 kl 18:00
Fire skular i Volda er no i ferd med å bli Leikepatrulje-skular, og fleire skal det bli. Målet er å få meir leik i friminutta og betre folkehelse.
Publisert: 23.09.2023 kl 18:00
– Skal du varsle om ei hending i ein tunnel, så dropp å bruke mobiltelefonen.
Sist veke var naudetatane og representantar frå Fylkeskommunen samla i Ørsta for starte arbeidet med ei ny risikoanalyse for Eiksundtunnelen. – Tunnelen treng oppgradering, og tilfredsstiller ikkje dagens krav, seier brannsjef i Volda, Roy Inge Heltne.
Publisert: 23.09.2023 kl 07:00
Fotballspelarane på VTI Fotball senior damer er flinke til å møte på trening. Dei har også eit godt inkluderande miljø. Dette har ført til at dei har vunne tre kampar i fylkesmeisterskapet, meiner hovudtrenar Ole Per Kragset. Laurdag spelte dei uavgjort mot Kristiansund BK. Dei har sjanse...
Publisert: 22.09.2023 kl 14:00
Tysdag inngjekk Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft ein kontrakt på bygginga av eit stort DP3-kabelleggingsfartøy.
Publisert: 22.09.2023 kl 09:57
– I samband med bygging av gangvegen langs FV 655 frå Mosflatevegen til Brungotvegen opplever ein ofte at det vert køyrt veldig fort i arbeidsområdet. Ørsta kommune og Aurstad Tunnel AS ber alle respektere skiltinga og gi seg betre tid, det kan fort skje ei ulukke, skriv Ørsta kommune på...
Publisert: 22.09.2023 kl 07:00
I rundt 20 år har brannvesenet opna brannstasjonen sin i veke 38. Dei fekk synt fram yrket sitt frå si beste side, med brannstasjonen fylt med leik, læring og fellesskap.
Publisert: 20.09.2023 kl 16:00
No ser ekspertane på ID-tjuveri særleg tre metodar som er mykje brukt. – Metodane er kjente, men innpakninga er ny.
Publisert: 20.09.2023 kl 13:00
Måndag leverte Oclin full streamingdekning, filmproduksjon og foto av den prestisjefylte kokkekonkurransen "Årets Kokk" i Stavanger Konserthus. Dette arrangementet er den norske kvalifiseringa for den verdskjende Bocuse d'Or-kokkemeisterskapen som skal finne stad i Trondheim i 2024.
Publisert: 19.09.2023 kl 20:00
Laurdag og søndag vart det arrangert dressurstemne i regi av Volda rideklubb. Heile elleve lokale ekvipasjar deltok. Både rutinerte ryttarar og nybyrjarar gjorde det godt.
Publisert: 19.09.2023 kl 18:00
Bilohorodka kommune i Ukraina har vendt seg til Volda kommune med førespurnad om å knyte vennskapsband. Frå før har dei tre vennskapskommunar i Europa.
Publisert: 19.09.2023 kl 16:00
Juniorane Alexander og Gabriel imponerte i første runde i haust-turneringa i Volda Ørsta Sjakklag.
Publisert: 19.09.2023 kl 13:00 - Oppdatert: 19.09.2023 kl 16:17
Voldakortet for studentar er ein insentivordning frå Volda kommune som har som hensikt å få fleire studentar til å folkeregistrere seg i Volda. I år har kommunen i større grad prioritert marknadsføring i starten av semesteret.
Publisert: 19.09.2023 kl 11:00
Samtidig som kommune- og fylkestingsvalet kunne ein også røyste i kyrkjevalet. Her er ei oversikt over resultata i Volda og Ørsta.
Publisert: 19.09.2023 kl 06:00
Fem bruk i Ørsta tek sauene sine ned frå sommarbeite ein fast dag i september. I kvia i Nupen vert sauene sorterte etter kva gard dei høyrer til. Her blir det også tid til god mat til dei som har vore med på dugnaden.
Publisert: 18.09.2023 kl 20:00
Ein treng ikkje å engste seg for sure tonar når Stemt held konsert. Her er det kvalitet frå første tone. Dei brukte kyrkjerommet på mange ulike vis under haustkonserten i Volda kyrkje, og leverte songar med varme, trøkk, kraft, presisjon og innleving.
Publisert: 16.09.2023 kl 18:00
Margreth Olin, regissøren av Mannen frå Snåsa, Engelen og Barndom, kjem i desse dagar med dokumentaren Fedrelandet – ein naturfilm utan sidestykke, skal ein tru Stavanger Aftenblad: «Me har ein nasjonalsong frå før av. No har me også ein nasjonalfilm».