Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 29.08.2022 kl 15:04
Søndag var området kring Follestaddal Samfunnshus full av køyretøy i alle slags formar og størrelsar, då Follestaddalen Ungdomslag og Follestadalen Idrettslag inviterte til Veterankøyretøydag.
Publisert: 22.08.2022 kl 11:00
Den årlege animasjonsfestivalen Animation Volda nærmar seg, og det er berre å glede seg, seier arrangørane.
Publisert: 22.08.2022 kl 07:00
Reidun Bringsvor frå Ørsta fylte 100 år den 15. august. Kommunen og ordførar Stein Aam nytta høvet til å titte innom med gratulasjonar på dagen.
Publisert: 21.08.2022 kl 20:00
– Dette er den viktigaste inntektskjelda vi har, og 100 prosent av inntektene går til vårt viktige arbeid, fortel leiar i Volda Røde Kors, Audun Kr. Høidal.
Publisert: 21.08.2022 kl 16:00
Fundamentet og pelane ved den gamle ferjekaia på Vikeneset er i ferd med å bli fjerna.
Publisert: 21.08.2022 kl 13:00
Sjølv om Kristin Indresøvde er tildelt prisen Årets eldsjel av Noregs volleyballforbund, er ho klar på at det er mange som fortener ein bit av denne heideren.
Publisert: 21.08.2022 kl 07:00
Thomas Ryste vart inspirert av ei ganske stygg klesklype som vart laga i Harstad, til å lage ein gigantversjon av den nydelege Guri-klesklypa frå heimbygda.
Publisert: 20.08.2022 kl 20:00
19 familieinteresserte menn, kvinner og born etter slekta til Stina Sande og Jonas Sande møttest 6. august på KulturBakkane for å minnast forfedrane, møte etterkomarar og oppleve den karismatiske gamlestaden.
Publisert: 20.08.2022 kl 16:00
Bruene på gangvegen mellom Årneset og Volda stadion har sett betre dagar. – Ikkje noko som tilseier at dei er utrygge, seier kommunen.
Publisert: 20.08.2022 kl 13:00
Delar av inventaret på Hans Strøm-huset går ein ublid lagnad i møte.
Publisert: 20.08.2022 kl 07:00
Rokken Café var nesten ikkje til å kjenne att då dei opna dørene tysdag. Med nytt konsept, uttrykk og meny med «kjapp mat» håpar dei både studentar og lokalbefolkning let seg freiste.
Publisert: 19.08.2022 kl 20:00
Møre og Romsdal fylkeskommune ber Statens vegvesen sikre at planarbeidet med Voldatunnelen ikkje «skjemmer» Kløvertun eller tilhøyrande utomhusareal.
Publisert: 19.08.2022 kl 16:00
– De vert kan hende litt skuffa over å ikkje kome til kjent luksus i det ytre, men eg veit at når vi fer her ifrå, er de takksame for alt det indre gullet vi får med oss.
Publisert: 19.08.2022 kl 13:00
Tysdag var det studiestart ved Høgskulen i Volda. – Høgskulen i Volda var eit lett val, med tanke på naturen. Eg likar å gå på tur og stå på ski, seier danske Mailo Neilsen.
Publisert: 19.08.2022 kl 11:00
Fredag den 26. august er det duka for dans i Bondalsparken med Steinar Engelbrektson Band.
Publisert: 19.08.2022 kl 07:00
Over 70 fotballfrelste jenter og gutar i alderen 5. – 10.-klasse har teke del i «ferieproff»-konseptet til VTI Fotball sitt Bygg1-akademi, der dei får prøve ut kvardagen til ein fotballproff.
Publisert: 18.08.2022 kl 18:00
Fadderveka 2022 er den første på tre år utan noko form for pandemirestriksjonar, og går over to veker.
Publisert: 18.08.2022 kl 16:00
Seglskøyta Framstig har kome tilbake til kai i Volda for å huse studentar dei neste vekene. Båten har lang historie i traktene, mellom anna som første bilferje på fjorden.
Publisert: 18.08.2022 kl 13:00
Søndag kveld rykte Volda brann og redning ut til Mork barnehage. Det var naboar til barnehagen som varsla per telefon til 110-sentralen. Då hadde brannalarmen ult ei god stund.
Publisert: 18.08.2022 kl 11:00
Arbeidet i Engesetvegen er i gang igjen etter ferien, og Volda kommune siktar mot ferdigstilling 16. september.
Publisert: 17.08.2022 kl 20:00
Det vert fengselsstraff for sjåføren som køyrde med høg promille frå Ulstein til Volda i mai, og deretter ramponerte intensivavdelinga ved Volda sjukehus.
Publisert: 17.08.2022 kl 18:00
Saman med Christian Gaard Bygdetun, Siv Bjørdal og Sivert Bjørdal, har Siv Erlandsen gjort Trandal Countryfestival til ei fantastisk oppleving. Både for lokalmiljøet og andre publikummarar.
Publisert: 17.08.2022 kl 16:00 - Oppdatert: 18.08.2022 kl 08:29
Ordføraren vil ta opp utfordringane rundt sikring og rydding av kystfortet på Berkneset til politisk drøfting, men legg ikkje skjul på at det nok må både eksterne midlar og frivillig innsats til.
Publisert: 17.08.2022 kl 13:00
Medan vi som vandrar rundt på land har hatt ein noko trist sommar, ser det ut til at bebuarane i elver og vassdrag har trivest betydeleg betre.
Publisert: 17.08.2022 kl 11:24
NPK-NTB: Utdanningsforbundet trappar måndag opp streiken og tek ut rundt 1.300 nye lærarar. Til saman 14 kommunar og ti fylkeskommunar blir ramma.