Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 24.06.2022 kl 20:00
Tradisjonen tru arrangerte Volda Sogelag ei flott jonsokfeiring på Volda Bygdetun, Haualeite. I fanatisk vêr fylte tunet seg med feststemde folk i alle aldrar, då fantetoget stoppa ved bygdetunet.
Publisert: 22.06.2022 kl 20:00
Laurdag morgon kan du høyre urframføring av nyskriven musikk i båtar ute på Rotevatnet, når den nye festivalen Tonehimmel opnar til ei verd av ny musikk.
Publisert: 22.06.2022 kl 11:00
Per Kjetil Stautland (56) har byrja som advokat i Øverbø Gjørtz. Han vil jobbe både ved Ørsta-kontoret og frå lokala på Nordfjordeid. Tilsettinga styrkjer Øverbø Gjørtz si satsing på Søre Sunnmøre og i Nordfjord.
Publisert: 20.06.2022 kl 20:00
- I «korona-åra» gjennomførte vi ein redusert versjon av Naturfestivalen. No gler vi oss over at vi kan presentere ein «fullskala» festival der vi både kan feire naturgleda og vere sosiale!
Publisert: 20.06.2022 kl 13:45
Barnefestivalen på Sæbø søndag 12. juni var ein suksess, og barna koste seg masse. Overskotet frå arrangementet går til misjonsprosjektet HimalPartner, der mental helse og skulemateriale for barna i Nepal no står i fokus.
Publisert: 20.06.2022 kl 10:05 - Oppdatert: 20.06.2022 kl 10:07
God folkehelse er viktig for å møte framtidas utfordringar, meiner leiaren i Friluftsforeninga Volda, Runa Bakke. Ho jobbar for at folk skal kome seg ut på tur og oppleve nye turmål. Å sjå at dette gir folk gode opplevingar er ein stor motivasjon for arbeidet.
Publisert: 17.06.2022 kl 20:00
Festspeldiktar Aina Basso fekk lov å vere med å forme programmet under Festspela. Ho valde difor å ha ein Poesi- og vinkveld. Denne gjekk føre seg på Tredet i Volda laurdag kveld.
Publisert: 16.06.2022 kl 20:00
Laurdag gjennomførte frivillige frå Røde Kors, Norske Redningshunder, Redningsselskapet og Flytjenesten ei stor øving i Eiksund. Her skulle dei leite etter sakna kajakkpadlarar som ein del av øvinga «Samhandling i Nordvest».
Publisert: 16.06.2022 kl 11:00
Volda Campus Sparebank 1 Arena har fått til saman 7.512.000 kroner til klatrevegg og seks andre tiltak i hallen.
Publisert: 15.06.2022 kl 20:00
To verdskjende felespelarar inntok Volda kyrkje fredag og skapte ei spennande og dramatisk historie ved hjelp av feler og lyskunst.
Publisert: 14.06.2022 kl 20:00
Forfattar, illustratør og animatør, Martine Grande budde i Volda i om lag 10 år. I år deltok på Festspela med Festsprell både i Volda og Ørsta.
Publisert: 13.06.2022 kl 20:00
Cecilie Åmås har i ei årrekkje engasjert seg i frivilligheita, særskilt i tilbod for barn og unge. – Eg synest det er kjekt å bidra til å skape ein stad der dei kan oppleve meistring og tilhøyr.
Publisert: 12.06.2022 kl 10:00
Volda SV har i fleire år delt ut ein miljøpris. I år var vinnaren Fram, som har ansvar for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Prisen vart delt ut av leiar for Volda SV, Ingrid Opedal, til Svein Ivar Aarskog som er fagansvarleg for buss ved Samferdselsavdelinga i fylket.
Publisert: 11.06.2022 kl 10:00
Ørjan Håskjold Nyland har suksess på landslaget etter eit tøft år både privat og fotballmessig. Voldingen i Nations League-kvalifiseringa har vore ein viktig og god spelar. No kjem landslagstrenar Ståle Solbakken med ein klar beskjed.
Publisert: 10.06.2022 kl 20:00
Under opninga av Festspela fekk vi høyre opplesing av festspeldiktar Aina Basso. Nestleiar i Noregs Mållag og påtroppande leiar for Nynorsksenteret, Synnøve Marie Sætre, heldt opningstalen, og Gaute Eiterfjord fekk tildelt prisen som årets nynorskbrukar.
Publisert: 10.06.2022 kl 14:00
Det vart ei spesiell, nær, varm og artig oppleving for dei som fekk vere på huskonsert med Asbjørn Ribe sist helg.
Publisert: 09.06.2022 kl 20:00
Under Voldamarknaden skal Mariell Revheim Fotland stille ut kunst i ulike teknikkar. Mellom anna akvarellar og trykk av fuglar, dyr og originale og sjølvdesigna keramikk krukker.
Publisert: 08.06.2022 kl 16:00
Torsdag går startskotet for Festspela 2022 og dei gode samtalene, føredraga og musikkopplevingane står i kø gjennom helga.
Publisert: 08.06.2022 kl 14:00
No skal Unn verkeleg stå i spagat mellom viking-rebellen Møre-Karl og festarmannen Ingolf. Ingolf skal bli meir enn svigermors draum, og tøffar seg opp med ein ny og eigen song skriven av Rolf Losnegård og komponert av Øyvind Granden Berg.
Publisert: 07.06.2022 kl 20:00
– De anar ikkje kor stor denne dagen er, sa hotelldirektør Mariann Øye på opningsdagen etter tre år med renovering og utbygging av Hotel Union Øye.
Publisert: 07.06.2022 kl 14:00
– For oss i Aasentunet og Festspela er det viktig å kunne presentere eit program som inkluderer barn og unge. I år vert det mellom anna Lurivar-framsyning i uteamfiet, Festsprell både i Ørsta og Volda, i tillegg til familieframsyning på Høgetua, seier Ida Kornberg, barne- og...
Publisert: 06.06.2022 kl 20:00
Det er knytt stor spaning til årets laksefiskesesong. Vil trenden med mindre fisk i elvane halde fram?
Publisert: 06.06.2022 kl 18:00
Rushtrafikk, kamp om parkeringsplassar og mange bilar på vegane bidreg til svært mange bulkeskadar. Difor må fleire uheldige bileigarar i Volda dagleg opne hanskerommet for å finne fram skademeldinga.
Publisert: 05.06.2022 kl 20:00
1. juni var startskot for den digitale lesekampanjen Sommarles. Saman med born frå heile landet, kan alle elevar i 1. – 7. klasse i fylket bli med på Noregs kulaste lesekampanje. I fjor var det rekorddeltaking, korleis blir det i år?
Publisert: 05.06.2022 kl 12:00
Vokalgruppa Mju frå Volda har gitt ut nye, originalskrivne songar på minialbumet “Tru, håp og gleder”. Det er mykje varme i både klang og tekstar i desse songane, og dei fire songarane i Mju fyller på med vakre harmoniar.