Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 05.07.2025 kl 14:20
For 18. gong vart "Trandalblues bratt og blått" opna fredag. Kulissene er magiske og både for arrangørar og publikum betyr festivalen mykje.
Publisert: 03.07.2025 kl 18:00
- Vi i Volda må vere stolte av at vi får ting til å skje og at vi bryr oss, sa festivalsjek for Tonehimmel, Kaja Skatvedt Robak under avslutningskonsrten. Sjølv fekk ho mykje ros av festivalen sin grunnleggjar Magnar Åm.
Publisert: 03.07.2025 kl 05:00
Søndag 29. juni var det sesongopning i Bakketunet. Den 16. i rekka i tunet som er frå 1549. Sommarens hovudutstillar Roar Kjærnstad var på plass.
Publisert: 30.06.2025 kl 12:00
Gitarist Lars Ove Fossheim har bachelor og masterutdanning frå Jazzlinja ved NTNU i Trondheim. Han bur i Volda og opptredde i Propellhallen under festivalen Tonehimmel. Han spelte også saman med «Tøyen fil og klafferi». Det er eit av Noregs leiande samtidsensemble.
Publisert: 29.06.2025 kl 13:55 - Oppdatert: 29.06.2025 kl 14:01
Solveig Styve Holte er dansar, koreograf og stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo. Under festivalen Tonehimmel framførte ei gruppe ungedansarar kalla YKS Ung framsyninga «Røyster» ved Folkestadvatnet og i Anders Svor Museet i Hornindal. Solveig står bak YKS Ung saman med dansekunstar May Stene...
Publisert: 29.06.2025 kl 13:55 - Oppdatert: 29.06.2025 kl 20:21
På fredag 27. juni kunne folk oppleve premiera på framsyninga «Røyster» av YKS Ung ved Folkestadvatnet. Dette var ein del av programmet til festivalen Tonehimmel.
Publisert: 25.06.2025 kl 05:00
Oskar Drabløs (14) er eit stort fotballtalent frå Volda. For andre gong er venstrebacken utteken til å delta på ein talentleir i regi av Norges Fotballforbund. Han er ein av tre frå fylket som får reise på denne.
Publisert: 08.06.2025 kl 12:05
For 10 år sidan vart livet til Tove Halse Digernes endra. Frå ha mykje energi vart ho veldig sliten og fekk mange ulike symptom. Det skulle vise seg at ho hadde fått to autoimmune sjukdomar. No har ho tilpassa livet sitt til diagnosane og vil vere open om det.
Publisert: 03.06.2025 kl 05:00
Korpsmusikk i gågata gav ein fin pause i laurdagshandelen for Ørsta hornmusikk sitt faste publikum, tilreisande og andre som fekk det med seg.
Publisert: 02.06.2025 kl 17:05
Eit pensjonert sirkusesel, lam, kalvar, geiter, hestar og traktorar trakk folk til ridehallen i Ørsta laurdag.
Publisert: 02.06.2025 kl 17:00 - Oppdatert: 03.06.2025 kl 11:41
Heile 75 skyttarar deltok på jaktfeltstemne i Sollidalen søndag. Det vart konkurrert i tre klasser.
Publisert: 23.05.2025 kl 12:05
På "Skytingens dag" er nybyrjarar velkomne til Hjartåbygda skyttarlag sitt anlegg i Aldalen. På denne dagen får for folk høve til å prøve noko nytt og kanskje få seg ein ny hobby.
Publisert: 23.05.2025 kl 12:00
Ein gong i året arrangerer Volda rideklubb distriktsstemne i køyring med hest. Alle som deltok frå arrangørklubben kvalifiserte seg til Fjordhest NM som skal vere i Kristiansand. Hedda Ose og Liv Jorunn Nyhagen gjekk til topps i kvar si klass.
Publisert: 19.05.2025 kl 12:05 - Oppdatert: 19.05.2025 kl 15:27
Mork Idrettslag stelte i stand ei kjekk feiring for bygdefolket 17.mai med sekkeløp, eggeløp, fotball og hesteskokasting ute, og med sal kaker og brennsnut inne.
Publisert: 18.05.2025 kl 19:10 - Oppdatert: 18.05.2025 kl 19:13
Det var Odd Kåre Fløtre som hadde fått det ærefulle oppdraget og halde tale ved kranslegging ved bautaen utanfor Volda kyrkje 17. mai. Med seg på laget hadde han Volda mannskor med sin dirigent Nina Vedeld Telseth. Koret laga ei høgtideleg stemning med songen sin.
Publisert: 18.05.2025 kl 19:08
Det er 80 år sidan Noreg vart fri frå tysk okkupasjon. Difor meiner Guttorm Hagen at minnesmarkeringa ved Krumsvikminnnesmerket var spesielt viktig i år sidan vi er inne i jubileumsåret.
Publisert: 17.05.2025 kl 18:33
Når folk i Volda feirar nasjonaldagen gjer dei det både saman med andre i sentrum, på skulane og i forsamlingshusa, men også heime hos nokon i slekta.
Publisert: 17.05.2025 kl 17:00
Ein gamal og for liten bunad og ein avisartikkel skulle føre til at Marit Løset og veninna Pernille Fjelnset har sydd mange såkalla «gamlebunader».
Publisert: 12.05.2025 kl 12:05
Leon Romestrand var gjest under regnbogemessa i Ørsta kyrkje under Bygdepride. Han er frå Barstadvika, men bur no i Ørsta. Leon jobbar i MOT og har tidlegare arbeidd som rektor i 13 år. Han er homofil og gift med Jonas.
Publisert: 07.05.2025 kl 12:05
Sivert Bratten Stennes vart kalla ein raud tråd då Volda Hornmusikk inviterte til «Oppvarming til 17. mai» på Uppheim.
Publisert: 06.05.2025 kl 05:05
I fjor vinter vart ein trerøring bygd av lærlingar og to lærarar frå Høgskulen i Volda. Læremeistrane var lokale båtbyggjarar. Laurdag 3. mai var det tid for båtdraging frå skotet og ned til Bjørkedalsvatnet. Der vart båten døypt «Freidig».
Publisert: 06.05.2025 kl 05:00
Tine Brungot frå Ørsta og hesten «Bergegardens Draum» deltok på hingsteutstillinga på Nordfjordeid for første gong.
Publisert: 28.04.2025 kl 17:00
Under X2-festivalen skal Simon Engeset Løfoll opptre i eit barneshow. Voldingen har seks års utdanning bak seg. Draumen er å kunne leve av å stå på scena.
Publisert: 14.04.2025 kl 05:05
Det er fast tradisjon at Hornindal Hagelag møtest og lagar påskedekorasjonar i løa til Knausen Hyttegrend.
Publisert: 11.04.2025 kl 11:15 - Oppdatert: 11.04.2025 kl 11:28
Volda ungdomsskule stilte med tolv innslag under Grand Prix. Det var ein livat gjeng med «gamle» som gjekk av med sigeren. Men alle som deltok er vinnarar.