Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Artikler av Emilie Gjengedal Vatnøy

Ikkje pengar til rein tilstelling av Klubben

Ikkje pengar til rein tilstelling av Klubben

Publisert: - Oppdatert: 13.12.2019 kl 09:21

Dersom Aurstad Tunnel AS skal leggje store ressursar i dette må det vere økonomisk rekningssvarande for verksemda. Det er ikkje økonomi i å engasjere seg i ei rein tilstelling for Aurstad Tunnel, og selskapet vurderer at eit samarbeid om tilstelling må vere tufta på at ein kan drive ut masse...

Volda vert fyrtårn for direktehandel

Volda vert fyrtårn for direktehandel

Publisert: - Oppdatert: 13.02.2020 kl 16:01

Har du sjekka ut den nye matbutikken i Volda sentrum? «Bazeat» er eit heilt nytt og framtidsretta matkonsept som kuttar mellomleddet og satsar på direktehandel. Målet er å endre måten vi handlar mat på, landet over, med Volda som utgangspunkt og fyrtårn.

- Utruleg gledeleg at nybygg no er sikra

Gladnyheit for Ørsta vgs:

- Utruleg gledeleg at nybygg no er sikra

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:13

Både Ørsta vgs. og Volda vgs. fekk ei gladnyheit tysdag. Fleirtalet i fylkestinget vedtok å behalde Kunst, design og arkitektur, samt unngå ei halvering av Musikk, dans og drama. Ørsta VGS kan juble over nytt skulebygg, og at restaurant- og matfag består.

Annonse
Annonse
Vart angripen av større hund på luftetur

Hunden Sera (3) var døden nær:

Vart angripen av større hund på luftetur

Publisert: - Oppdatert: 12.12.2019 kl 16:32

Hunden stod fast i band, men bandet var langt nok til å nå tak i vesle Sera, som fekk huda på det eine beinet flerra av. No vil hundeeigar Ståle Mork åtvare andre. – Kva om det var eit lite barn som gjekk forbi?

Vinnarbilde for desember

Vinnarbilde for desember

Publisert:

BioFoto Sunnmøre og Nordfjord har kåra vinnarbildet for desember der temaet var «Leik med lukkartid», og Jon Kjøs er vinnaren.

Musikklinja og KDA-linja i Volda får bestå

Legg ned Design og handverk i Ørsta

Musikklinja og KDA-linja i Volda får bestå

Publisert:

Volda vgs. fekk ei gladnyheit tysdag. Fylkestinget har no vedteke å behalde dei nedleggingstruga linjene Musikk, dans og drama, og Kunst, design og arkitektur. Men, ekstramidler som i dag brukast ved toppidrettslinja vert kutta.

– Ferjetakstane er heilt ute av kontroll

Arild Sæterås under ferjeaksjonen på Lauvstad:

– Ferjetakstane er heilt ute av kontroll

Publisert:

– Billettprisane er heilt ute av kontroll og det er difor vi protesterer, sa pådrivar for ferjeaksjonen, Arild Sæterås på ferjekaia på Lauvstad laurdag. Der var det samla fleire hundre for å protestere mot høge ferjetakstar og fare for dårlegare ferjetilbod.

Fleire sektorar må kutte i drifta – men rådmannen får meir

Budsjettet for 2020 i Ørsta:

Fleire sektorar må kutte i drifta – men rådmannen får meir

Publisert:

Ørsta kommune går ei tung periode i vente med kutt i drifta og reduksjon i stillingar. Kommunale vegar vert foreslått lagt ned, gebyr for kommunale tenester aukar og ei midlertidig auke av eigedomsskatten kan verte aktuelt. Medan dei fleste må spare, får rådmannen og hennar stab 5,5 millionar...

Vil lage ny samlingsplass i Ørsta

Vil lage ny samlingsplass i Ørsta

Publisert:

Styrar av Velli AS søkjer om dispensasjon frå arealplanen då Musikk i sentrum vil leige i kjellaren i Ivar Aasen-gata 18 i Ørsta. Her vil ein ha servering, møtestad og kulturscene

Tok fyrste spadetak for ny terrengsykkelsti

Nytt tilbod i Volda:

Tok fyrste spadetak for ny terrengsykkelsti

Publisert: - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:25

Bratt Sykkelklubb er i gong med å grave ut og realisere ny terrengsykkelsti i nærheita av Bratteberg og skisenteret. Den to km lange løypa vert laga for alle, både adrenalinsøkjaren og nybyrjaren, og målet er å bli ferdige til våren.

Nokas vann avtalen ved Hovden flyplass

Nokas vann avtalen ved Hovden flyplass

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:13

Nokas tok nærast storeslem i konkurransen om tryggleiksleveransar til 42 Avinor-flyplassar. Securitas Transport Aviation Security (STAS) får, med sine om lag 1.300 tilsette, berre behalde tre av dei.

150 elevar på innovasjonscamp i Ørsta

150 elevar på innovasjonscamp i Ørsta

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:13

Etter fjorårets suksess, arrangerte Ørsta vgs. ny innovasjonscamp for alle Vg2-klassene ved skulen onsdag. 150 unge entreprenørar fekk ta del i ein heil dag med nyskaping.

Pepperkakebyen opna på Spinneriet

Pepperkakebyen opna på Spinneriet

Publisert:

Søndag 1. desember opna peparkakebyen på Spinneriet. Dette er eit initiativ som skaper både trivsel og engasjement blant befolkninga i Volda. Med bidrag ifrå både skular og barnehagar samt privatpersonar var det ikkje tvil om engasjementet rundt prosjektet.

Reisa til adventsstjerna i Volda

Reisa til adventsstjerna i Volda

Publisert: - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:22

Tradisjonen tru vart det arrangert fakkeltog med vandring til Karlsethola for å tenne Voldastjerna laurdag. No skal stjerna lyse for oss i heile desember.

Ørjan si keeperbok på topp ti

Ørjan si keeperbok på topp ti

Publisert:

Ein jury har kåra dei ti beste faktabøkene for barn som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag. Blant dei ti er Ørjan Nyland si keeperskule-bok.

350.000 kroner til nye mylnesteinar

Kulturminnefondet overraska Mylnå:

350.000 kroner til nye mylnesteinar

Publisert:

Volda Elektriske Mylne AS (Mylnå) frå 1937, har ei drift som knyter seg heilt attende til 1864. Etter mangfaldige år i drift har mylnesteinane til havrekverna vorte for nedslitne til at dei kan brukast til vidare produksjon. I over eit år har difor havrekverna stått ubrukt. Fredag vart Mylnå...

Volda nest best i landet

Gode resultat i slageininga:

Volda nest best i landet

Publisert: - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:29

Årsrapporten frå Norsk hjerneslag-register viser at Volda er eitt av sjukehusa som skårar best i landet. Sjukehuset leverer svært gode resultat og er nest raskast i landet til å gje behandling. – Dette er eit godt kvalitetsstempel for Volda sjukehus, seier Bent Indredavik, ein av Noregs...

Sel barneklede til inntekt for ei viktig sak

Startar gjenbruksbutikk:

Sel barneklede til inntekt for ei viktig sak

Publisert: - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:23

Therese Strand opnar denne helga ein butikk som sel brukte barneklede på Spinneriet. Dette gjer ho på frivillig basis, og alle pengane ho får inn går til «Dråpen i havet»- ein organisasjon som hjelp menneske på flukt.

Vil innvilge lånegaranti for hesteanlegg

Vil innvilge lånegaranti for hesteanlegg

Publisert:

Rådmannen tilråda at formannskapet i Ørsta avslå søknaden om lånegaranti på 9,45 millionar kroner, men formannskapet vil hjelpe Hest AS med å realisere draumen om ein ridehall på Mosflata.

Kan utsetje bygging av symjehall i minimum fire år

Kan utsetje bygging av symjehall i minimum fire år

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:14

Det er stort behov for eit nytt og samlande symjebasseng for skular, barnehagar, organisasjonar og symjeklubben i Ørsta. Men med dei økonomiske utfordringane kommunen står ovanfor, kan saka verte utsett til neste planperiode (2023-2027).

Vil skjerme Musikklinja og KDA

Fleirtalet i fylkesutvalet snur:

Vil skjerme Musikklinja og KDA

Publisert: - Oppdatert: 27.11.2019 kl 14:47

Etter møtet i fylkesutvalet tysdag kan det verke som at fylket snur i skulekutt-saka. Fleirtalet vil halde oppe fleire av skulefaga som fylkesrådmannen har føreslege å leggje ned. Men saka er ikkje avgjort før i desember.

Stjernekamp-duo ute med julesong

Stjernekamp-duo ute med julesong

Publisert: - Oppdatert: 27.11.2019 kl 17:15

Voldingen Beate Lech og Kim Rysstad trollbinda sjåarane og dommarane i Stjernekamp på NRK laurdag etter laurdag. No er dei aktuelle med julesongen «Ljos».

Volda til judo-NM junior i Bærum

Volda til judo-NM junior i Bærum

Publisert:

16.-17. november gjekk Junior-NM i judo av stabelen i Nadderudhallen i Bærum. Ippon Judoklubb var arrangør. Volda judoklubb var ein av deltakarklubbane.

Universet fengjer skuleelevane

Universet fengjer skuleelevane

Publisert:

4. klasse ved Bratteberg skule besøkte Kometland tysdag, for å lære meir om solsystemet vårt. – Dette temaet har fengja veldig, seier kontaktlærar Ingvild Hasle.

Kaihuset feirar 20 år

Kaihuset feirar 20 år

Publisert:

Ungdomshuset i Ørsta feirar jubileumsveke med konsertar og mykje anna kjekt på tapetet neste veke.