Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 24.02.2020 kl 12:00 - Oppdatert: 24.02.2020 kl 14:01
Fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal, Torstein Hole, avsluttar systematisk bruk av C-vitaminbehandling ved blodforgifting. Det betyr at ein kan vurdere C-vitaminbehandling for kvart einskild tilfelle ved Volda sjukehus - akkurat slik som ein tidlegare har gjort.
Publisert: 24.02.2020 kl 07:00
Flyplasskrysset er omtala som det farlegaste krysset i Møre & Romsdal. Ørsta FrP meiner det hastar å få på plass ei ny løysing – men er kritiske til ei rundkøyring.
Publisert: 23.02.2020 kl 11:00
Sunkost Volda er kåra til Årets beste supermatbutikk av Midsona, ein leiande aktør innan helse og velvære i Norden. – Det er utruleg kjekt at dei har lagt merke til arbeidet vi gjer, og at vi i vesle Volda kan gå fram som eit eksempel.
Publisert: 22.02.2020 kl 12:00
Når vêret skuffar, er det flott at ein kan finne på kjekke aktivitetar inne i vinterferien. Alti kjøpesenter i Ørsta inviterte til vinterferie-moro med konkurransar, fastelavnsris og hårfletting torsdag.
Du har kanskje sett henne i rolla som Lone i «Vikingane» eller som Bente i den aktuelle kinofilmen «Tunnelen». I januar leia Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal festen då Volda og Hornindal slo seg saman. Her stilte ho i ei veldig kul drakt og gjorde ein festleg figur på scena.
Publisert: 21.02.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 21.02.2020 kl 07:53
Etter snart 40 år flyttar Interoptik Nymark til Hamnegata i Volda.
Publisert: 20.02.2020 kl 07:00
Widerøe har bestemt seg for å kutte i rutetilbodet i heile landet - også på Ørsta Volda lufthamn Hovden.
Publisert: 19.02.2020 kl 12:55 - Oppdatert: 19.02.2020 kl 13:28
Andre Årseth (10D), Hedda Øvereng (10C) og Line Lidarende (10A) representerer Volda ungdomsskule i Klassequizen. Dei vert å høyre på NRK Møre og Romsdal si sending i dag.
Publisert: 19.02.2020 kl 07:00
Ørsta kommunestyre har vedteke å endre rådmann-tittelen til kommunedirektør. – Slike yrkestitlar sender eit signal som vi ikkje ynskjer oss i ei likestilt kommune, seier Marit Aklestad (SV).
Publisert: 17.02.2020 kl 07:00
Rådmann Wenche Solheim orienterte Ørsta kommunestyre om framgang i saka på førre møte torsdag. Det har vore sju møter i skule-saka til no, med eigedomsavdelinga, rektor, styret, arkitekt og prosjektleiar. Dei jobbar med å byggje ny barneskule med barnehage på bakgrunn av oppdrag frå...
Publisert: 16.02.2020 kl 07:00
Sidan 1983 har Røde Kors arrangert kafé for eldre kvar einaste tysdag, utanom i sommarmånadane. Den siste tida har elevar frå Helse og omsorg ved Ørsta vgs., kome til Volda for å følgje brukarar til og frå kafeen.
Publisert: 15.02.2020 kl 07:00
Det seier Hans Olav Myklebust (Frp). Fleirtalet i kommunestyret vedtek å plassere Fontena ved Haldeplassen, i strid med Ørsta Sogelag sine ynskjer. Det stettar derimot Mellestiftelsen sine ynskjer – dei vil ikkje ha ei plassering ved Svendsengarden.
Publisert: 14.02.2020 kl 07:00
På laurdag kveld var det mange som hadde tatt seg turen til det årlege Hjørundfjordmeisterskapet i sjakk.
Publisert: 13.02.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 13.02.2020 kl 11:54
- Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. 2019-rekneskapen kjenneteiknast ved at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift. Dette kjem både kundane, eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode.
Publisert: 13.02.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:12
Det ligg svært langt inne for Sogelaget å godta ei anna plassering enn Røed-tomta ved Svendsengarden. Sogelaget viser til at Fylket, som er svært kritiske til plasseringa, ikkje har mynde til å stanse eit vedtak i kommunen.
Publisert: 12.02.2020 kl 15:45
Onsdag opna dørene til den nye butikken Varmesen i Volda. Mange tok turen innom opninga, og etter alle godorda frå kundane å dømme er det tydeleg at dette er eit ynskja og etterlengta tilbod i Volda.
Publisert: 12.02.2020 kl 07:00
Bandet IKNOW, tidlegare kjende som Ufokusert, varmar opp for Hjerteslag på Rokken fredag.
Publisert: 11.02.2020 kl 07:00
Restauranten My Kitchen i Volda har sidan dei opna dørene i mai 2019, "lege lavt" når det kjem til underhaldning frå si romslege scene i lokale ved ferjekaia. Dette vil dei no forandre litt på, og har i så måte levert inn ein søknad til Volda kommune om ei konseptendring.
Publisert: 10.02.2020 kl 07:00
– Eg har alltid gått og tenkt at eg har lyst til å drive min eigen butikk, og no skjer det endeleg, smiler butikkdrivar Anne Grethe Schjelderup. Onsdag opnar den nye butikken Varmesen i dei gamle Narvesen-lokala i Volda.
Publisert: 09.02.2020 kl 07:00
Thea, Lucas og Thea-Lovise i Mork barnehage gler seg til å feire mamma på morsdagen.
Publisert: 08.02.2020 kl 07:00
PE Bjørdal AS har investert 18 millionar kroner i nye teknologimaskiner, som på sikt skal robotisere produksjonen. Bedrifta er no rigga for ei tredobling av omsettinga, og har større utbyggingsplanar i Hovdebygda for å imøtekome veksten.
Publisert: 07.02.2020 kl 07:00
Det var rekordmange klasser frå Volda og Hornindal som deltok på den årlege lesekonkurransen til Norli Junior. Denne veka var alle 25 klassene innom bokhandelen for å få medalje.
Publisert: 06.02.2020 kl 07:00
– Det er lite sannsynleg at Coronaviruset kjem til Volda i næraste framtid, men det er influensasjukdom i området no, seier kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol.
Publisert: 05.02.2020 kl 07:00
Ørsta FrP er kritiske til at kommunen startar regulering av flyplasskrysset. – Ørsta og Volda treng ei løysing på dette problemet snarast råd, og det bør dreie seg om Torvmyrvegen.
Publisert: 04.02.2020 kl 07:00
Styret i Gresvig Retail Group AS, som i ei årrekke har drive G-sport/MAX og Intersport, melder om konkurs. Intersport Volda er eigd av Sunnmøre Sport, og vert dermed ikkje råka av konkursen.