Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 04.07.2019 kl 07:00
Delings- og abonnentsløysingar er berre tilgjengeleg for eit grensa omfang i enkelte norske byar. No ynskjer Sparebank 1 Søre Sunnmøre å gjere bilabonnement tilgjengeleg for innbyggjarane på Sunnmøre.
Publisert: 03.07.2019 kl 13:59
Måndag 1. juli fekk Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein og Fosnavåg besøk av LO si sommarpatrulje. – Overraskande mange tilsette under 35 år hugsar ikkje kva dei har signert på og mange “berre signerte”
Publisert: 03.07.2019 kl 07:00
Hornindal er ei sterk landbrukskommune. Ifølgje leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, er Hornindal juvelen i landbruket i Sogn og Fjordane. Mellom dei om lag 1.200 innbyggjarane i Hornindal kommune finn ein mange som har garden som levebrød. Fleire satsar friskt og ser lyst på...
Publisert: 02.07.2019 kl 18:00
På eitt år har Dag Eivind Knutsson Egset frå Volda blitt ein flittig og dyktig knivmakar. Knivane hans kan ein sjå igjen på messer og marknadar over heile fylket, og elles i landet.
Publisert: 02.07.2019 kl 07:00
Søndag gjekk Follestaddalen Rundt av stabelen. Løpet hadde med noko for både born og for dei som ville konkurrere.
Publisert: 01.07.2019 kl 18:00
Søndag var det arrangert familiedag ved Dalsvatnet i Bjørdalen. Det trekte mykje folk – trass dårleg vêr.
Publisert: 01.07.2019 kl 07:00
Alexander Riise Olsen (Ap) meiner det er god økonomi for kommunen å innføre gratis skulemat til elevane i Ørsta kommune.
Publisert: 30.06.2019 kl 07:00
Stiftinga Volda Sogelag har fått støtte frå Sparebanken Møre og Eiendomsmegler Vest til eit nytt skifertak på grindløda, som står på Haualeite.
Publisert: 29.06.2019 kl 07:00
Med gåbuss-kampanjen har elevane ved Vikemarka skule i Ørsta fått ein tryggare skuleveg. Heile 81 prosent av elevane gjekk til skulen fyrste veka i kampanjen, og frå hausten av vert gåbuss ei fast ordning.
Publisert: 28.06.2019 kl 07:00
Det er i overkant av 40 einebustadar på Sæbø og per i dag er over ti av desse feriehus. – Det er einebustadane som er mest attraktive på Sæbø, seier Marit Aklestad (SV). Ho foreslår å innføre buplikt i delar av sentrum.
Publisert: 27.06.2019 kl 07:00
Eldre- og folkehelseminister, Sylvi Listhaug (FrP), vitja Ørstaheimen onsdag for å høyre om den nye ordninga om bonushelgetillegg. Den har fått god effekt på det høge sjukefråværet, og kjem både brukarar og tilsette til gode.
Publisert: 26.06.2019 kl 07:00
Ørsta kommunestyre vedtok områdeplanen for Ørsta sentrum torsdag. - Vi får ein moderne byplan som vil definere Ørsta som eit regionsenter på Sunnmøre, seier Per Are Sørheim (H).
Publisert: 24.06.2019 kl 07:00
Det er framleis mykje nattebråk frå bilar i Ørsta sentrum. Gunnar Knutsen (V) foreslår ei endring i skiltplanen med stengte gater på visse tider av døgnet.
Publisert: 23.06.2019 kl 07:00
Kommunestyret i Eid hadde møte 20. juni, og 19 saker vart handsama.
Publisert: 22.06.2019 kl 07:00
Fem alternativ for symje- og badeanlegg i Ørsta er lagt fram for kommunestyret i Ørsta. Fram til i haust skal to-tre av desse verte ytterlegare utgreia.
Publisert: 20.06.2019 kl 07:00
Formannskapet i Ørsta gav eit samrøystes nei til Hovden masseuttak tysdag. Politikarane vil ha ei samla oversikt over massesituasjonen i Ørsta før dei legg til rette for nye masseuttak.
Publisert: 19.06.2019 kl 14:15
Fylkestinget vedtok samrøystes å gje startmidlar til ny Ørsta VGS tysdag. Det vert løyvd éin million kroner i år, ti millionar kroner neste år og på sakslista i desember står fullfinansiering av Ørsta VGS på agendaen.
Publisert: 18.06.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 18.06.2019 kl 14:05
For andre gong samarbeidde Volda læringssenter og Dei nynorske festspela om Voldafestivalen. Konkret resulterte det i eit forfattarbesøk på festivalområdet. Elles kunne folk smake mat frå fem ulike land, flette håret sitt eller få hennamåling på hendene.
Publisert: 17.06.2019 kl 10:29
Volda Maskin AS ynskjer å etablere eit masseuttak på 90 dekar ved Ytrestøylen. Rådmannen bed formannskapet i Ørsta om å seie nei til planane i møte tysdag.
Publisert: 17.06.2019 kl 07:00
Sidan 2002 har ambulansetenesta hatt ei dobling i oppdrag, men kraftig reduksjon i tal på bilar. Volda er ei av berre ni kommunar av totalt 86 kommunar landet over som har tilfredsstillande responstid på ambulansen. No krev LHL og Ambulanseforbundet i Delta lovfesta responstid.
Publisert: 16.06.2019 kl 07:00
I Røysgata 4 der Sirkeltrening tidlegare heldt til, har det siste tida kome nye innflyttarar. Varg Kampsport og Fitness vil vere meir synlege, ikkje berre på den digitale plattforma, men også for publikum.
Publisert: 15.06.2019 kl 07:00
Kva skjer når skodespelarar frå sju svært så ulike land møtast for å lage teater for barn og unge? Det skal ein finne ut gjennom prosjektet «Prospero», som har gått føre seg ved Høgskulen i Volda frå 5. til 16. juni.
Publisert: 14.06.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 17.06.2019 kl 11:36
Volda-duoen Loui & Lexus har blitt signert av plateselskapet Vibbefanger, og nyleg gav dei ut sin fyrste EP gjennom selskapet. – Det er eit kvalitetsstempel og ei gyllen moglegheit for å få til fleire ting.
Publisert: 14.06.2019 kl 07:00
For tredje gong arrangerte veninnene Maria Maude og Kristin Riise Trandalrock. Vi møtte dei to damene tett før kveldskonserten skulle starte laurdag. Det var ikkje fullt på Trandal klokka 18, men det kom stadig nye båtar med rockeglade folk. På førehand hadde dei selt 100 billettar.
Publisert: 13.06.2019 kl 09:28
Laurdag 15. juni blir installasjonen «Lyden av vatn» avduka på Presteholmen i Elvadalen. Installasjonen er laga av kunstnarane Robert Steinnes og Katharina Teige, og ungdom frå Volda og Ørsta.