Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.03.2022 kl 10:00
Sunnmøre kammermusikkfestival set i årets festival fokus på barndom og ungdomsår, med temaet «Unge år». Mange kjende namn er blant musikarane. – Det er berre å gle seg!
Publisert: 20.03.2022 kl 07:00 - Oppdatert: 21.03.2022 kl 10:34
Ørsta kommunestyre vil byggje ein samleveg og fire bustadtomter på B10 Fremre Mo, men planen legg på sikt opp til å byggje ned all matjord på Fremre Mo. – Vi har ei gylden moglegheit til å snu no, før det er for seint.
Publisert: 19.03.2022 kl 16:00
Tysdag 15.mars vart den nye brannstasjonen i Hornindal opna. Ordførar i Volda Sølvi Dimmen (Sp) klipte brannslangen og heldt ein kort tale. Brannsjef i Volda kommune, Roy Inge Heltne talte. Det var songinnslag ved brannkonstabel Øyvind Seljeseth og servering av kaker med meir.
Publisert: 19.03.2022 kl 10:00 - Oppdatert: 21.03.2022 kl 10:40
Den 16 meter breie samlevegen på Fremre Mo vil gå heilt inntil husveggen til Michael Solhjem og familien, og vidare gjennom gardstunet deira. – Vi vert regelrett jaga frå gard og grunn.
Publisert: 19.03.2022 kl 07:00 - Oppdatert: 05.04.2022 kl 09:54
Ørsta kommune vil ofre heile fire gardsbruk, med fleire hundre dekar god matjord og beitemark, for å etablere fire bustadtomter. I tillegg vil kommunen leggje ein 16 meter brei samleveg på tvers over markane. – Dette vert slutten for gardsdrift på Fremre Mo.
Publisert: 18.03.2022 kl 07:00
Årleg er det ein del saker knytt til konfliktar mellom grunneigarar og fiskarar her på Søre Sunnmøre. Særleg vert lysfiske opplevd som belastande for lokalbefolkninga. Situasjonen belyser problemstillinga med lokal forvaltning av fiskebestandar, og kystbestandane er det eit særleg stort trykk...
Publisert: 17.03.2022 kl 07:00
Synnøve Rekkedal Hill (Sp) argumenterte for likskap for lova, og fleirtalet i formannskapet er samde. Einebustadar ved Vallabøen som vert fullsikra av den nye skredvollen, kan måtte betale kr. 20.000,- for dette.
Publisert: 16.03.2022 kl 07:00
Stikk UT!-vinter er godt i gong, og førebels har Ørsta kommune dei tre mest besøkte plassane blant Stikk UT!-turane på Sunnmøre.
Publisert: 15.03.2022 kl 10:00
Forum for Natur og Friluft (FNF) har forsøkt å reversere tiltaket om parkeringsautomaten ved Volda skisenter, utan hell. Kommunen meiner tiltaket er i tråd med lovverket.
Publisert: 15.03.2022 kl 07:00
Foreningen Norden tok med seg ei 10. klasse ved Volda ungdomsskule på kino for å sjå storfilmen Dronning Margrete den første. - Vi ynskjer å skape interesse for unionsspørsmåla hjå ungdomen.
Publisert: 14.03.2022 kl 14:20 - Oppdatert: 14.03.2022 kl 15:49
Strandgata i Ørsta sentrum vert delvis stengt frå og med 21. mars. Det vert skilta omkøyring og Ørsta kommune ber publikum respektere dette.
Publisert: 14.03.2022 kl 07:00
Martin Furseth har stor interesse for lokalhistorie og vikinghistorie. No gjev han ut si andre bok om vikingtida, om Orknøyane og sunnmøringane som erobra og rådde over øyriket i 360 år.
Publisert: 13.03.2022 kl 07:00
Trude Myklebust Osnes frå Volda er utdanna yogalærar, og har det siste halvåret satsa på ansiktsyoga. Ho driv ei onlineverksemd der ho tilbyr treningsprogram for ansiktet.
Publisert: 12.03.2022 kl 09:00 - Oppdatert: 12.03.2022 kl 15:28
Like naudsynt som tilflukt, om mogleg viktigare, er å sikre god eigenberedskap. Sivilforsvaret har god oversikt over korleis ein kan bu seg på og takle ulike hendingar og ulukker i samfunnet.
Publisert: 12.03.2022 kl 07:00
Det manglar ikkje på tilfluktsrom i Volda og Ørsta. – I kommunane er det om lag 85 registrerte tilfluktsrom, med over 9.300 plassar, seier Eva Kristin Strømskag, distriktssjef i Sivilforsvaret.
Publisert: 11.03.2022 kl 07:00
Coop Mega har dekorert handlevognene sine med fargerike lappar og kloke visdomsord. – Det er kjekt å skape litt glede i kvardagen.
Publisert: 10.03.2022 kl 07:00
Fredag 11. mars opnar Livid, som er grunnlagt av voldingen Jens Olav Dankertsen, sin femte butikk. Dette skjer i Stavanger.
Publisert: 09.03.2022 kl 10:00
Selskapet Brunvoll har kundeforhold i Russland, men selskapet har fryst alle aktivitetar mot Russland og russiske kundar.
Publisert: 09.03.2022 kl 07:00
Brunvoll har sikra seg nok ei viktig kontrakt innan si strategiske og utstrekte satsing på azimuth-framdriftssystem. Kontrakten er inngått med utanlandsk marine-kunde og omfattar heile fire fartøy.
Publisert: 08.03.2022 kl 07:00
Noah Digernes Merheb (G15) frå Ørsta IL friidrett imponerte stort på sitt første UM med 4. plass i finalen på 200 m tida 24,18 sek.
Publisert: 07.03.2022 kl 07:00
Avisa Midsundingen, med redaktør Magne Krumsvik frå Folkestad, fekk årets målpris frå Molde Mållag.
Publisert: 06.03.2022 kl 10:00
Barnehagane i Ørsta har slite lenge med høgt sjukefråvær. Både knytt til korona og anna. – Driftssituasjonen er utfordrande og har vore det heile 2022.
Publisert: 06.03.2022 kl 07:00
Sjukefråværet i Ørstaskulen er svært høgt blant lærarar for tida, på grunn av covid-19, men ein prøver å unngå heimeskule lengst mogleg.
Publisert: 05.03.2022 kl 10:00
PE Bjørdal i Hovdebygda har fleire store kundar i Russland og eit salskontor i St. Petersburg. – No ventar vi på sanksjonane frå myndigheitene og kva desse vil innebere.
Publisert: 05.03.2022 kl 07:00
Denne veka har skulane i Volda hatt skidag ved Volda skisenter, og fleire hundre elevar har kosa seg i alpinbakken, på langrennstur eller på akebrettet – og det i strålande vårsol.