Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 08.02.2022 kl 07:00
Dokumentarist Margreth Olin er mottakaren av eit gjevt amerikansk stipend for visjonær filmskaping.
Publisert: 07.02.2022 kl 07:00
No har Ørsta kommune lagt fram prisforslag for fonnvernet ved Vallabøen. Bustadane i skredsona må vere med å betale for vernet, og det kan koste opp mot 10.000 kroner per husstand.
Publisert: 06.02.2022 kl 07:00
Embark har på vegner av Alti Ørsta AS, sendt inn framlegg til detaljreguleringsplan for vidareutvikling av kjøpesenteret Alti Ørsta AS. No vert saka sendt til Ørsta formannskap for behandling 8. februar.
Publisert: 05.02.2022 kl 07:00
Før i veka kom det store mengder snø, og torsdag morgon var det fleire som nytta høvet til å gå på randoneeski til Melshornet i Volda.
Publisert: 04.02.2022 kl 09:15 - Oppdatert: 04.02.2022 kl 09:19
Det er fortida auka svartid frå COVID-laben i Molde grunna instrumenthavari. Kapasiteten er vesentleg redusert på grunn av havariet som skjedde tysdagskveld.
Publisert: 04.02.2022 kl 07:00
Eldrerådet i Ørsta har fått bekymringsmelding. Det gjeld snørydding i kommunalt byggjefelt og fjerning av snø frå bustad til kommunal veg.
Publisert: 03.02.2022 kl 07:00
Det har kome store mengder nysnø, og med grunnlaget ein har no er det truleg nok til å opne trekket til topps ved Volda skisenter.
Publisert: 02.02.2022 kl 07:00
Fleirtalet i samfunnsutvalet i Ørsta er kritiske til nytt sjøanlegg for torskeoppdrett i Hjørundfjorden, av miljøomsyn og dyrevelferd, mellom anna. Dei held fast på vedtaket om å ikkje gje dispensasjon til Sunnmøre Torsk AS.
Publisert: 01.02.2022 kl 07:00
Byggjeprosessen ved Volda sjukehus går etter planen, og planen er at det nye tilbygget skal stå ferdig til bruk etter sommaren.
Publisert: 31.01.2022 kl 07:00
For første gong i historia skal papirjournalar frå Volda sjukehus sendast til Norsk Helsearkiv (NHA). 25 pallar med 3.000 fulle boksar skal no digitaliserast og bli til viktig forskingsmateriale.
Publisert: 30.01.2022 kl 07:00
Leveggen og plattingen tilknytt eit naust ved Sæbønesstranda må no rivast, etter endeleg avgjerd frå statsforvaltaren i Trøndeleg. – Det triste her er at ingen vann noko ting i denne saka, seier Alexander Riise Olsen (Ap).
Publisert: 29.01.2022 kl 07:00
Under pandemien har det vore tronge tider for folk i musikkbransjen. Musikar og komponist Ida Glomnes, busett i London, var mellom dei heldige som fekk seg jobb som «Music curator». Ho lagar spelelister for store verksemder rundt om i heile verda.
Fleirtalet i samfunnsutvalet i Ørsta ynskjer å opne for sal av prestegarden på Sæbø, men synest alle vilkåra som kommunen listar opp, i høve tilbakeføring og bevaring av byggjestilen, er for strenge.
Publisert: 28.01.2022 kl 07:00
– Å sende inn skriftleg materiale etter at nemnda har teke saka til avgjersle strider mot sentrale saksbehandlingsprinsipp både innan forvaltningsretten og innanfor reglar om tvisteløysing.
Publisert: 27.01.2022 kl 10:00
Tysdag 25. januar var det duka for kranseskål ved nye Sæbø skule og barnehage. Dette er Ørsta sin første kommunale bygning i massivt tre. Trass mykje nedbør og vind er arbeidet i rute, og bygget skal stå ferdig 15. september i år.
Publisert: 27.01.2022 kl 07:00
Journalist Espen Moe Breivik frå Volda blir VG sin nyheitsjeger i USA. – Dette er ei stilling med mykje ansvar, så eg er glad for å ha fått denne tilliten.
Publisert: 26.01.2022 kl 07:00
Stikk UT! sommarsesongen er frå 1. mai – 31.oktober, og det er tid for å få innspel for kva for 15 turar Ørsta kommune meiner er ynskjeleg vi har som Stikk UT! turar i år.
Publisert: 25.01.2022 kl 10:00
Samfunnsutvalet (SFU) gav avslag på søknad om dispensasjon for etablering av ny akvakulturlokalitet for matfisk av torsk ved Vindsneset i Hjørundfjorden. Kommunedirektøren bed om at ein held fast på dette.
Publisert: 25.01.2022 kl 07:00
Statsforvaltaren meiner leveggen og plattingen må rivast. Ørsta kommune meiner tiltaket bør godkjennast, då det er av lite omfang og betrar både tilgjengelegheit og sikkerheit. Sidan partane ikkje vart samde, har Statsforvaltaren i Trøndelag handsama saka.
Publisert: 24.01.2022 kl 07:00
Fonnvernet ved Vallabøen i Ørsta kan verte rimelegare for eigedomane i sikringssona enn fyrst venta, men Synnøve Rekkedal Hill (Sp) peikar at det ein ikkje må gjere det billigare enn kva andre har betalt for liknande prosjekt.
Publisert: 23.01.2022 kl 07:00
Følgjene av koronanedstengingar byrjar å vise seg for alvor. – Mange frivillige lag ligg nede, dei mistar mykje inntekter og mange medlemmar.
Publisert: 22.01.2022 kl 07:00
Personalet i tårnet på lufthamna er plaga med at bilar som står parkert ved parkeringsplassen på Skeidar parkerer på ein slik måte at frontlysa strålar rett mot flyplasstårnet og blendar dei som er på vakt.
Publisert: 21.01.2022 kl 07:00
Statsforvaltaren melder oppstart av arbeid med frivillig vern av skog i Volda og Ørsta kommunar. Verneplanarbeidet skjer med grunnlag i vedtak i Stortinget om å auke skogvernet, og er ein del av Regjeringa si satsing på meir skogvern.
Publisert: 20.01.2022 kl 13:24
Fellingsresultatet frå hjortejakta 2021 i Ørsta kommune er klart. Det er felt 908 hjortedyr.
Publisert: 20.01.2022 kl 07:00
Orgelet i Volda kyrkje er verneverdig, men det kan ikkje lenger brukast på grunn av brannfare. No startar ein innsamlingsaksjon for å restaurere og forbetre det flotte instrumentet, slik det igjen kan spelast på i 100 nye år.