Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 14.05.2021 kl 08:44
Onsdag ettermiddag vart 27 personar testa for covid-19 på Nordfjordeid. Torsdag kveld har ein fått svar på alle prøvene, og prøvesvar viser at ein person har fått påvist Covid-19-smitte.
Publisert: 13.05.2021 kl 07:00
Ørsta kommune ser på moglegheita for å utvide bandtvangen frå 1. april og til og med 31. oktober i heile kommunen. Ørsta og Volda hundeklubb ser på dette som eit veldig urimeleg forslag som strir mot eit godt hundehald.
Publisert: 12.05.2021 kl 07:00
Ørsta kommune ynskjer å halde fram med å utvide bandtvangen for hund i kommunen, til å gjelde heilt fram til 31. oktober. Grunneigar viser til at problemet ikkje er reglane, men at folk ikkje respekterer dei.
Publisert: 10.05.2021 kl 07:00
Utbygging ved Melsgjerdet industriområde har ført til avrenning av mykje slam til Ørstaelvvassdraget, men det er strid om kven som er skuld i dette.
Publisert: 09.05.2021 kl 07:00
Det har ikkje blitt spelt handballkampar i Noreg sidan januar. Denne veka gav regjeringa grønt lys for at topphandballen kan avslutte sesongen, men det er berre lag frå den øvste divisjonen som kan spele. Kampane som skal spelast er «seriefinalen» mellom Vipers og Storhamar, cupfinalen...
Publisert: 08.05.2021 kl 13:00
Ein innbyggjar i Ørsta irriterer seg over at isbilen køyrer rundt i byggjefelta på sjølvaste kviledagen, og det med ein lyd han kallar for ei «veldig høg skjerande sirene.
Publisert: 07.05.2021 kl 22:00
Jonas Kvalen spelar EM-kvalik i Ungarn og Portugal 7.–9. mai. – Vi er ikkje favorittar og «underdogs», noko vi kan bruke til ein fordel i kvaliken, seier Kvalen i eit intervju til Norges volleyballforbund.
Publisert: 07.05.2021 kl 13:35 - Oppdatert: 07.05.2021 kl 13:37
Ørsta kommune har fått bekrefta at det positive tilfelle av Covid-19 som vart meldt laurdag 1. mai var ein falsk positiv.
Publisert: 07.05.2021 kl 07:00
Det er snart 10 år sidan terroren råka Noreg, og dette skal markerast i fleire kommunar rundt om i landet. Ørsta Ap ynskjer at historia skal bli teke i vare i skulen, og innarbeidast som ein del av fagfornyinga.
Publisert: 04.05.2021 kl 07:00
I desember 2020 etterlyste Ørsta kommunestyre natteramnar i Ørsta sentrum på nattetid. No kjem natteramntilbodet tilbake, og ungdom kan kjenne seg trygge i sentrumsgatene.
Publisert: 03.05.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre vedtok og gav stor skryt til den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, fredag. – Koronasituasjonen har aktualisert denne utfordringa, så det er på høg tid at vi har denne planen, seier Gunnar Knutsen (V).
Publisert: 02.05.2021 kl 07:00
– Etter nok ei ulykke på E39 gir det eit umiddelbart inntrykk av at vi som kommune bør sende ei sterk oppmoding til Statens vegvesen om ei snarleg utbetring på dette utsette punktet rett aust for ferjeleiet på Festøy, seier Idar Henning Vatne (Frp) i ein interpellasjon til ordføraren.
Publisert: 01.05.2021 kl 07:00
Det er løyvd 750.000 kroner til forprosjekt for nytt basseng i 2021 i Ørsta, og Ørsta Frp reagerer på at prosjektet enno ikkje er sett i gong. Dei meiner prosjektet bør sjåast i samanheng med bygging av nytt tilbygg ved Ørsta ungdomsskule.
Publisert: 30.04.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre er ikkje nøgde med det nye flyrutetilbodet ved Hovden Lufthamn som Samferdselsdepartementet har lagt ut. Kommunestyret krev no minst fire daglege avgangar tur/retur Oslo-Hovden, der tre av desse er direkte.
Publisert: 29.04.2021 kl 07:00
Tysdag valde formannskapet i Ørsta å gå for opsjon 1, å byggje eit nytt tilbygg til Ørsta ungdomsskule med auka volum frå 1590 til 1855 kvadratmeter. Kostnadsramma er sett til 65 millionar kroner, men ei utviding av arealet vert berre sju millionar kroner dyrare.
Publisert: 28.04.2021 kl 07:00
Ørsta kommune må kjøpe ut ei bustadtomt på Velle for å kunne byggje ny sentrumsskule, men til no har ikkje kommunen og huseigarane blitt samde om pris og det har vore diskutert oreigning. Fredag vedtok kommunestyret å kome huseigarane i møte.
Publisert: 27.04.2021 kl 12:55 - Oppdatert: 27.04.2021 kl 12:58
Kommunedirektør Wenche Solheim orienterte i dag formannskapet i Ørsta om at det er registrert to nye tilfelle av koronasmitte i kommunen. Prøvesvara vart meldt inn måndag kveld.
Publisert: 27.04.2021 kl 07:00
Det var delte meiningar om ISPS-sikring av kaia i kommunestyret fredag. Fleire fryktar at slik sikring vil føre til masseturisme og stor gjennomtrekk av turistar som ikkje legg igjen pengar lokalt. Fleirtalet ynskte likevel å sikre kaia og peika på at kommunen satsar på turisme i...
Publisert: 26.04.2021 kl 07:00
Slik kaia no er på Skår vil ikkje ferjene leggje til, og Skår står dermed i fare for å miste ferjetilbodet. Skal ein sikre skysstransport med eller utan ferje må noko gjerast, og kommunedirektøren rår til at kjøper ny fendervegg ved kaia.
Publisert: 25.04.2021 kl 07:00
Kommunedirektøren har tildelt PEAB Nordang AS oppdraget med utviding av Ørsta ungdomsskule, som vinnar av anbodskonkurransen og tildelingskriteria som låg til grunn, og med ei ramme på 65 millionar kroner.
Publisert: 24.04.2021 kl 07:00
Det var ein svært uroa og lei skulesjef som gjekk på talarstolen i levekårsutvalet i Ørsta. – Ved Velle er drifta uforsvarleg og ved Vikemarka er det krise. Det har gått bratt utforbakke dei siste åra, og no er det ikkje lenger forsvarleg å halde fram å drifte alle skulane i Ørsta.
Publisert: 21.04.2021 kl 07:00
Embark AS har, på vegne av Alti Ørsta, varsla oppstart av privat detaljregulering for Alti Ørsta. Føremålet er å legge til rette for utbygging av eksisterande kjøpesenter til eit meir fullverdig sentrumstilbod med funksjonsblanding og bustader.
Publisert: 20.04.2021 kl 07:00
Sparebanken Vest-kundane i Møre og Romsdal og Nordfjord får i dag 9,2 millionar kroner i kundeutbytte frå banken sitt overskot i 2020.
Publisert: 19.04.2021 kl 07:00
Ørsta kommune har søkt om trafikktryggingsmidlar for 2022 med kommunetilskot, for fleire vegprosjekt i kommunen. Dei fleste tiltaka er i samsvar med tiltakslista som samfunnsutvalet i kommunen vedtok at skulle prioriterast i førre søknad, for 2021, men som den gong ikkje nådde opp i...
Publisert: 18.04.2021 kl 07:00