Klargjør siden...
Annonse

Artikler av Emilie Gjengedal Vatnøy

Godkjenner ikkje refusjonskrav på Ose

Eit samla Ørsta kommunestyre:

Godkjenner ikkje refusjonskrav på Ose

Publisert:

Hans Olav Myklebust (Frp) fremma eit fellesframlegg på vegner av alle partia. Ørsta kommune godtek ikkje at huseigarar ved Ose skal betale refusjon, og kommunestyret bed samstundes om ei prinsippsak knytt til denne type saker.

– Vi bergar ikkje klimaet ved å øydeleggje naturen

Demonstrerte mot Havsul 1 på Runde:

– Vi bergar ikkje klimaet ved å øydeleggje naturen

Publisert:

Det sa SV-politikar Marit Aklestad i sin appell under den nasjonale vardebrenninga mot vindkraft på Runde. Vindkraftutbygginga "Havsul 1" kan vere ein svært stor fare for fuglefjellet på Runde.

Har laga fleire tusen merkepinnar og -stikker

Godt samarbeid på tvers i Volda:

Har laga fleire tusen merkepinnar og -stikker

Publisert: - Oppdatert: 15.10.2020 kl 10:11

Hamna dagsenter og Styrk har samarbeida om å lage tusenvis av merkepinnar til turstiar rundt om i Volda kommune. – Utan dette samarbeidet hadde vi aldri klart å merke så mykje, seier Runa Bakke, leiar i Friluftsforeninga i Volda.

Annonse
Annonse
– Må leggje til rette for heilårsdrift og utvikling

Vil hjelpe Ørsta skisenter opp og fram:

– Må leggje til rette for heilårsdrift og utvikling

Publisert:

Ørsta formannskap viser til at mange skisenter i regionen satsar og utviklar seg. Formannskapet ynskjer å bidra til at satsing også i Ørsta, og helst at det vert lagt til rette for heilårsdrift ved anlegget.

- Verst er det at kommunen vert gislar i denne saka

Avviser krav om refusjon ved nytt byggjefelt

- Verst er det at kommunen vert gislar i denne saka

Publisert:

Det seier Synnøve Rekkedal Hill (Sp). Ørsta formannskap er sjokkerte over framlegget om refusjonskrav for bustadar ved Ose, og viser til at det potensielt kan føre til at huseigarar må selje.

Færre arbeidsledige i fylket

Færre arbeidsledige i fylket

Publisert:

Tal arbeidsledige i Møre og Romsdal har den siste månaden gått ned med 863 personar. Det er no 4.331 heilt arbeidsledige i fylket, 1.138 færre.

Vil skape eit inkluderande gamingmiljø i Volda

Populært gaming-tilbod i haustferien

Vil skape eit inkluderande gamingmiljø i Volda

Publisert:

I haustferien har Volda E-sport arrangert gaming-veke, eit lågterskeltilbod for barn og unge, utan krav om pengar eller ferdigheiter. E-sport veks kraftig i popularitet både nasjonalt og globalt, og Volda E-sport ynskjer å skape eit større og meir inkluderande gamingmiljø i Volda.

– Dette funnet er sjeldnare enn gudehovet

Fleire teikn til religiøs aktivitet ved Ose

– Dette funnet er sjeldnare enn gudehovet

Publisert:

Arkeologane har funne spor etter fleire tidsaldrar ved Ose. Det eldste bygget, eit langhus, er frå seinromersk tid, og inne i dette bygget er det funne merker etter ein stor sirkel. Dette tyder på at huset er brukt som offerstad, og at religion har stått sentralt ved Ose-garden i lengre tider.

– Dette er eit utruleg løft for bygda

Ny gardsveg og skogsbilveg ved Krøvelen:

– Dette er eit utruleg løft for bygda

Publisert:

Etter 15 år med arbeid er det nye vegprosjektet ved Krøvelen i Åmdalen ferdig. – I dag er eg rørt. Det har vore eit langt arbeid, utruleg mange dørstokkar og motbakkar heile vegen, men i dag er det ein gledas dag, seier Petter Bjørdal.

Segnene fortel om fleire storkarar frå vikingtida

Er det Grim Ose sitt gudehov som er funne?

Segnene fortel om fleire storkarar frå vikingtida

Publisert:

Gunnar Ellingsen har dykka ned i dei historiske kjeldene og funne segner som fortel om bygdehøvdingar og storkarar frå vikingtida. Ei av segnene skildrar at folk gjekk til kyrkje i Volda lenge før Ørsta var befolka - men akkurat det er nok berre rein ynskjetenking.

Vil bruke koronastøtte på innhald og gjestar

Vil bruke koronastøtte på innhald og gjestar

Publisert:

Kulturminister Abid Q. Raja offentleggjorde i dag at Nynorsk kultursentrum får 605 000 kr i ekstra koronastøtte våren 2021. Stiftinga nyttar det auka handlingsrommet til å gjere meir nynorsk innhald tilgjengeleg digitalt og fysisk for gjester og brukarar.

Ørsta med ny handlingsplan mot plastforureining

Ørsta med ny handlingsplan mot plastforureining

Publisert:

Kommunestyret har bedt administrasjonen om å utarbeide ein lokal tiltakspakke mot plastforsøpling. Planen med ei rekke tiltak er no klar til handsaming.

Fuktskadar  kostar kommunen over éin million ekstra

Ørsta ungdomsskule

Fuktskadar kostar kommunen over éin million ekstra

Publisert:

Seksjon eigedom oppdaga fuktskade i himling i klasseromfløy (175 m2) ved Ørsta ungdomsskule i mars. Rehabiliteringa skulle koste om lag 1,8 millionar kroner, men etter nye utrekningar har ein behov for å punge ut med èin million kroner ekstra.

Vurderer gangbru over E39 til Munken

Volda kommune i dialog med Statens vegvesen:

Vurderer gangbru over E39 til Munken

Publisert:

Utviklingsavdelinga i Volda kommune har sett på løysingar for trygg ferdsel til badeplassen Munken. No ynskjer dei å kome i dialog med Statens vegvesen for å diskutere moglegheita for å etablere ei gangbru over E39.

– Går utover beredskapen, næringslivet og reiselivet

Ørsta SFU protesterer på ferjekutt:

– Går utover beredskapen, næringslivet og reiselivet

Publisert:

Møre og Romsdal fylkeskommune varslar omstillingar og reduksjonar i ferjetilbodet. Sæbø-Leknes kan få reduserte opningstider heile veka, noko som vil gå hardt utover dei fastbuande, næringslivet og reiselivsnæringa.

– Eit godt høve til å ta på alvor og omfamne historia

Vikingentusiast om dei sjeldne funna ved Ose:

– Eit godt høve til å ta på alvor og omfamne historia

Publisert:

Sigrid-Anette Vatne frå Ørsta har alltid vore fasinert av vikingtida, og er medlem i foreininga Møre Frie Vikingar. – Det er avdekka mange interessante funn frå vikingepoken i Ørsta. Eg håpar kommunen no satsar og omfamnar historia, seier ho.

KFUM Volda klare for serieopning

KFUM Volda klare for serieopning

Publisert:

KFUM Volda er i helga klar for serieopning i eliteserien i volleyball. Dette er andre året i toppserien, etter at laget tok ein krutsterk 5.-plass i fjorårssesongen.

Tilbyr no Peppes Pizza

Circle K Volda:

Tilbyr no Peppes Pizza

Publisert:

Peppes inngår pizzasamarbeid med Circle K og blir dermed igjen landet si største pizzakjede målt i tal på utsalsstadar. No kan ein bestille Peppes kvar dag heile veka ved Circle K i Volda.

– Dette er unike funn som vi må ta vare på

Ørsta-ordføraren om vikingfunna ved Ose:

– Dette er unike funn som vi må ta vare på

Publisert:

Ørsta kommune vil vere aktive i den vidare prosessen med å ta vare på og belyse dei sjeldne funna ved Ose-garden. Det kan bli aktuelt å etablere ei historisk vandringsrunde gjennom Ørsta sentrum og fram til Ose.

– Religion har stått sentralt ved garden sidan 500-talet

– Religion har stått sentralt ved garden sidan 500-talet

Publisert:

Ved Ose-garden i Ørsta er det funne 400–500 år gamle kokegroper frå eldre jernalder som vart brukt til religiøse ritual, i tillegg til det sjeldne gudehovet.– Her budde ein mektig storkar, trur feltarkeolog Søren Diinhoff.

Opnar ny butikk og behandlingssenter

Legg ned Artisjokken Helsekost

Opnar ny butikk og behandlingssenter

Publisert:

Halldis Almestad og Trude Rekkedal opnar Naturkost & Behandling AS i dei tidlegare lokala til Unik i Volda, torsdag 1. oktober. Her vert det både helsekostbutikk og behandlingssenter, med naturlege produkt og alternative behandlingsmetodar.

Eineståande funn av heidensk gudehov på Ose

Eineståande funn av heidensk gudehov på Ose

Publisert:

I høve Universitetsmuseet i Bergen sine arkeologiske undersøkingar ved Ose i Ørsta er det avdekka tydelege spor etter eit heidensk gudehov, eit såkalla kulthus. Det er fyrste gong det er funne ein så godt bevart husstruktur av denne typen i Noreg.

Blir heim og «multikunsthus»

Gamle Skrivargarden i Volda:

Blir heim og «multikunsthus»

Publisert:

Ekteparet Karen Rosenberg Olsen og Egil Olsen har kjøpt Gamle Skrivargarden i Volda og har mange spennande planar for det ærverdige bygget.

Driftsnivået på ferje og hurtigbåt vert redusert

Driftsnivået på ferje og hurtigbåt vert redusert

Publisert:

Møre og Romsdal fylkeskommune har starta ein prosess med å tilpasse driftsnivået på ferje og hurtigbåt, med bakgrunn i vedtak frå Fylkestinget om at ferjeramma skal reduserast.

- Utan prioriterte midlar kan vi ikkje gjennomføre tiltak

Prioriterer ikkje strekninga til Munken:

- Utan prioriterte midlar kan vi ikkje gjennomføre tiltak

Publisert:

Det ligg ikkje føre prioriterte midlar for strekninga E39 Volda ferjekai til Munken badeplass.
– Utan prioriterte midlar kan vi ikkje gjennomføre tiltak for strekninga, seier Linda Heimen i Statens vegvesen.