Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 16.05.2025 kl 12:50
Politiet har identifisert fleire mistenkte i saka om regnbogeflagga som vart kutta ned i Volda og Ørsta.
Publisert: 16.05.2025 kl 10:00
Voldingen Ingvild Fredly Hasle byrja å trene Crossfit og Functional Fitness for fire år sidan. No er ho klar for EM-deltaking i Nederland.
Publisert: 16.05.2025 kl 09:35
Eiksundtunnelen var stengt fredag morgon etter at eit køyretøy fekk motortrøbbel.
Publisert: 16.05.2025 kl 05:05
– Kommunestyresalen var fylt heilt opp – det er så kjekt å sjå så mange engasjerte ørstingar, seier Ørsta kommune etter at dei arrangerte eit folkemøte for å involvere innbyggjarane i arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen og den heilskaplege innsatstrappa.
Publisert: 15.05.2025 kl 20:00
Det var stor innsats på gateløpet i Ripateigane tysdag 13. mai, då 51 ivrige utøvarar stilte til start i strålande solskin og god varme.
Publisert: 15.05.2025 kl 17:05
Det er observert fleire tilfelle av forsøpling, hærverk og sprenging av sprayboksar på ulike stadar i Volda sentrum dei siste vekene.
Publisert: 15.05.2025 kl 16:00
Det vart ingen god dag for VTI Fotball senior damer då dei møtte topplaget i Fylkesserien på bortebane.
Publisert: 15.05.2025 kl 15:12
Til hausten går Asle Våge inn i eit dobbeltløp, takka vere ein avtale med Ørsta vidaregåande skule, for å ta fagbrev innan både betongfaget og tømrarfaget i A. Våge AS og Volda Bygg AS.
Publisert: 15.05.2025 kl 13:24
Politiet åtvarar om omreisande dørseljarar som oppsøker eldre og sårbare personar.
Publisert: 15.05.2025 kl 12:00
KFUM Volda Volleyball-spelarane Frøya Bernseter Keilen og Ingrid Humberset er tekne ut til samling for U16-landslaget som skal ut i EM-kvalik til hausten.
Publisert: 15.05.2025 kl 10:08
Førre veke vart ti regnbogeflagg fjerna frå flaggstenger i Volda og Ørsta. No melder Bygdepride at det er funne ein haug med halvvegs oppbrende regnbogeflagg på Mosflata i Ørsta.
Publisert: 14.05.2025 kl 11:57
I dag har Sivilforsvaret øving i Volda, og publikum kan sjå personell ved Mylnefallet, i Elvadalen og Volda sentrum.
Publisert: 14.05.2025 kl 10:00
Det vert lokaloppgjer når Volda tek imot Spjelkavik på Volda stadion torsdag kveld.
Publisert: 13.05.2025 kl 15:41
I løpet av dagen har politiet og UP hatt storkontroll ved Kjøs bru i Hornindal saman med Vegvesenet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet.
Publisert: 13.05.2025 kl 11:42
Ein mann i 30-åra er sikta for ruskøyring etter at han vart stoppa i ein trafikkontroll i Volda tysdag formiddag.
Publisert: 13.05.2025 kl 10:55 - Oppdatert: 15.05.2025 kl 12:01
Volda og resten av Sjustjernekommunane på Søre Sunnmøre har fått «Vannprisen 2024». Prisutdelar Driftsassistansen seier samarbeidet er unikt på landsbasis.
Publisert: 13.05.2025 kl 10:00
Voldingen Jonas Kvalen og Panathinaikos slo sin evige rival Olympiakos i den greske seriefinalen i volleyball.
Publisert: 13.05.2025 kl 05:05
I ei undersøking gjort for Gjensidige, svarar 40 prosent i Møre og Romsdal at dei ein eller fleire gongar har vore i konflikt med naboar.
Publisert: 12.05.2025 kl 21:00
Natta før Bygdepride sin parade, vart fleire regnbogeflagg klipt ned i Volda og Ørsta. Politiet etterforskar saka.
Publisert: 11.05.2025 kl 17:05
– No kan du vere ekstra trygg som kunde i Sparebank 1 SMN – også når det gjeld helse, seier Mette Ryste etter at dei tilsette er kursa i bruken av hjartestartaren som no er på plass i banklokala i Volda sentrum.
Publisert: 11.05.2025 kl 13:25
Etter at Sevilla tapte 2-3 for Celta Vigo laurdag kveld storma ei gruppe supporterar klubben sitt treningsanlegg. NRK melder at Ørjan Håskjold Nyland og resten av Sevilla-laget måtte tilbringe natta i treningsanlegget av sikkerheitsomsyn.
Publisert: 10.05.2025 kl 17:00
Det er gjennomført hjorteteljing i kommunane på Søre Sunnmøre, og Volda og Ørsta er framleis blant dei med flest dyr – sjølv om talet i Volda er det lågaste på ti år.
Publisert: 10.05.2025 kl 12:00
Ella Hoem Førde og Runa Redse-Arset frå KFUM Volda Volleyball er tekne ut til samling for U22-landslaget.
Publisert: 09.05.2025 kl 14:44
Meieriet i Ørsta blir lagt ned, men når det skjer er framleis usikkert. Alt dei tilsette har å halde seg til er ein tidshorisont på tre til sju år. – Dette pregar kvardagen vår, seier hovudtillitsvald ved meieriet, Lizz Trine Hegdal Amoroso.
Publisert: 09.05.2025 kl 05:05
Eit av alternativa for A. Våge AS er å flytte til Hareid kommune for å få tilgang til industriareal som er stort nok til den utviklinga dei ønskjer seg for bedrifta. Dagleg leiar Askjell Våge seier dei har hatt møte med kommuneleiinga i Hareid, og ordførar Bernt Brandal seier at alle...