Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.05.2025 kl 05:05
– Nær halvparten av oss har blitt forsøkt svindla, og metodane vert stadig meir avanserte. Folk i alle aldrar vert ramma, men siste tida har målretta svindelforsøk mot einslege, eldre kvinner auka, seier Mette Ryste og Per Martin Vikene i SpareBank1 SMN.
Publisert: 20.05.2025 kl 05:00
I 2022 vart det avgjort at næringstomter på Melsgjerdet skulle seljast til kr. 745 pr. m². No rår kommunedirektøren til at denne prisen vert auka til kr. 1.338 pr. m².
Publisert: 19.05.2025 kl 18:00
Det har lenge vore tradisjon med ei helsing frå ordføraren på 17. mai. Men i år vart det ikkje slik. – Det må eg ta på mi kappe, seier varaordførar Sverre Leivdal.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.05.2025 kl 17:20
Ordførar Sølvi Dimmen er positivt overraska over vedtaket i formannskapet i Ørsta om eventuelle nye samtalar om kommunesamanslåing.
Publisert: 19.05.2025 kl 17:20 - Oppdatert: 19.05.2025 kl 17:21
Formannskapet i Ørsta har med seks røyster mot to, vedteke å gå i samtalar med Volda om utvida samarbeid mellom kommunane med mål om kommunesamanslåing på sikt.
Publisert: 19.05.2025 kl 13:55
Volda kommune har ei akutt vasslekkasje mellom Kapteinsvegen og Øvrevegen. Hovudvassleidninga er stengt. Arbeidet vil nok ta nokre timar.
Publisert: 19.05.2025 kl 13:49
Nye tunnelar over Strynefjellet er blant dei høgast prioriterte vegprosjekta når Statens vegvesen har lagt fram siste prioriteringslista si. Voldatunnelen hamnar lengre ned på lista.
Publisert: 19.05.2025 kl 09:14
Søndag formiddag hadde politiet ruskontroll i Åmdalen.
Publisert: 18.05.2025 kl 17:05
Tomta der Mork rehabiliteringssenter låg er no lagt ut for sal av Helse Møre og Romsdal. – Det einaste fornuftige er at kommunen kjøper den, omregulerer og legg den ut for sal, seier Askjell Våge i A. Våge AS, som er på leit etter sjønært industriareal i Volda.
Publisert: 16.05.2025 kl 18:15
Fredag ettermiddag melde politiet om ein rusa person som gjorde skadeverk på ei privatadresse i Volda.
Publisert: 16.05.2025 kl 16:00
Tre av Volda Handballklubb sine spelarar er valt ut på Årets lag i 1. divisjon.
Publisert: 16.05.2025 kl 15:00
Det blir ikkje uniformert politi som går i 17. mai-tog i år. – Det er for å sikre naudsynte ressursar og kapasitet, seier politistasjonssjef i Volda og Ørsta, Oddbjørn Myklebust, som understrekar at politiet kjem til å vere til stades med uniformerte patruljar.
Publisert: 16.05.2025 kl 12:50
Politiet har identifisert fleire mistenkte i saka om regnbogeflagga som vart kutta ned i Volda og Ørsta.
Publisert: 16.05.2025 kl 10:00
Voldingen Ingvild Fredly Hasle byrja å trene Crossfit og Functional Fitness for fire år sidan. No er ho klar for EM-deltaking i Nederland.
Publisert: 16.05.2025 kl 09:35
Eiksundtunnelen var stengt fredag morgon etter at eit køyretøy fekk motortrøbbel.
Publisert: 16.05.2025 kl 05:05
– Kommunestyresalen var fylt heilt opp – det er så kjekt å sjå så mange engasjerte ørstingar, seier Ørsta kommune etter at dei arrangerte eit folkemøte for å involvere innbyggjarane i arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen og den heilskaplege innsatstrappa.
Publisert: 15.05.2025 kl 20:00
Det var stor innsats på gateløpet i Ripateigane tysdag 13. mai, då 51 ivrige utøvarar stilte til start i strålande solskin og god varme.
Publisert: 15.05.2025 kl 17:05
Det er observert fleire tilfelle av forsøpling, hærverk og sprenging av sprayboksar på ulike stadar i Volda sentrum dei siste vekene.
Publisert: 15.05.2025 kl 16:00
Det vart ingen god dag for VTI Fotball senior damer då dei møtte topplaget i Fylkesserien på bortebane.
Publisert: 15.05.2025 kl 15:12
Til hausten går Asle Våge inn i eit dobbeltløp, takka vere ein avtale med Ørsta vidaregåande skule, for å ta fagbrev innan både betongfaget og tømrarfaget i A. Våge AS og Volda Bygg AS.
Publisert: 15.05.2025 kl 13:24
Politiet åtvarar om omreisande dørseljarar som oppsøker eldre og sårbare personar.
Publisert: 15.05.2025 kl 12:00
KFUM Volda Volleyball-spelarane Frøya Bernseter Keilen og Ingrid Humberset er tekne ut til samling for U16-landslaget som skal ut i EM-kvalik til hausten.
Publisert: 15.05.2025 kl 10:08
Førre veke vart ti regnbogeflagg fjerna frå flaggstenger i Volda og Ørsta. No melder Bygdepride at det er funne ein haug med halvvegs oppbrende regnbogeflagg på Mosflata i Ørsta.
Publisert: 14.05.2025 kl 11:57
I dag har Sivilforsvaret øving i Volda, og publikum kan sjå personell ved Mylnefallet, i Elvadalen og Volda sentrum.
Publisert: 14.05.2025 kl 10:00
Det vert lokaloppgjer når Volda tek imot Spjelkavik på Volda stadion torsdag kveld.