Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 15.12.2021 kl 14:55 - Oppdatert: 15.12.2021 kl 15:03
Onsdag ettermiddag melder Ørsta kommune om to nye smittetilfelle med Covid-19. Elevar i 7. klassene ved både Vikemarka skule og Velle skule vert rådd til å teste seg.
Publisert: 15.12.2021 kl 12:52
Volda rideklubb får kr. 5.000 i midlar frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane skal m.a. gå til førstehjelpsutstyr.
Publisert: 15.12.2021 kl 08:30
Volda kommune har fått melding om tre nye smittetilfelle med Covid-19. Alle har kjend smitteveg.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 14.12.2021 kl 15:00
– Vi skal i møte med leiar av Transportkomiteen denne veka, svarar ordførar Sølvi Dimmen (Sp) på utfordringa frå Ivar Otto Kristiansen og Volda Høgre om kva kommuneleiinga gjer for Voldatunnelen.
Publisert: 14.12.2021 kl 13:36
– Det er viktig at pasientane møter opp til avtalt time og behandling. Vi har gode smittevernrutinar, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Torstein Hole.
Publisert: 14.12.2021 kl 11:50
FHI tilrår kortare vaksineintervall, ned mot 4,5 månadar mellom 2. og 3. vaksinedose for dei mellom 45 og 65 år.
Publisert: 14.12.2021 kl 11:30
Bremnes Seashore vert først i verda til å kommersielt ta i bruk ei sirkulær EPS-fiskekasse frå Vartdal Plast.
Publisert: 14.12.2021 kl 10:30 - Oppdatert: 14.12.2021 kl 10:33
- Vi må vere budde på kritikk og heftig meiningsutveksling, ris og ros. Men truslar om at vi skal drepast skal vi aldri tole!, skriv Kommunedirektørutvalet i Møre og Romsdal i ei helsing til kollegaen sin i Herøy, Trond Arne Aglen.
Publisert: 14.12.2021 kl 08:35
Tysdag morgon melder Volda kommune om tre nye koronasmitta. To er nærkontaktar medan den siste har ukjent smitteveg.
Publisert: 13.12.2021 kl 11:27
FHI melder at to personar i Møre og Romsdal har fått stadfesta smitte av den nye omikron-varianten av koronaviruset.
Publisert: 13.12.2021 kl 09:48
Statens vegvesen varslar manuell trafikkdirigering når det skal vere nattarbeid i både E39 Rotesethorntunnelen og Fv. 653 Eiksundtunnelen denne veka.
Publisert: 13.12.2021 kl 09:01
Måndag morgon melder Volda kommune om to nye smittetilfelle med Covid-19. Begge er knytt til smitteutbrotet på Øyra.
Publisert: 12.12.2021 kl 13:00
Når Discovery og TVNorge presenterer sine nye program for vinteren 2022 står det Dalsfjording på menyen! Tidlegare landbruks- og matminister Jon Georg Dale blir å sjå i tv-ruta når programleiar Ronny Brede Aase tek med seg ti kjendisar på matreise til Toscana.
Publisert: 11.12.2021 kl 13:00
Det verkar vere stor forskjell i korleis politikarane og kommuneadministrasjonen i Volda opplever PP-tenesta. Eit samla kommunestyre seier dei er uroa, medan skular og barnehagar seier dei er nøgde. Men om PPT-samarbeidet skulle havarere, fryktar oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik at det vil setje...
Publisert: 11.12.2021 kl 10:00
Akkurat som kollegane sine i Volda, er Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) uroa for ny regulering av E39 Voldatunnelen. – Kanskje bør Volda kommune tenke på å ta meir av kostnadane for sidevegsprosjekta, så ein kan kome i gang med tunnelen.
Publisert: 10.12.2021 kl 14:35
Fredag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen at Kvivstunnelen var mellombels stengt grunna bilberging.
Publisert: 10.12.2021 kl 13:12
Kriseleiinga i Volda kommune kjem med ei sterk anbefaling om sju dagar smittekarantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nærkontaktar til smitta personar.
Publisert: 10.12.2021 kl 11:40 - Oppdatert: 10.12.2021 kl 16:19
Volda kommune innfører heimeundervisning ved Dalsfjord skule og Øyra skule frå komande måndag 13. desember og fram til juleferien byrjar.
Publisert: 10.12.2021 kl 10:00
Grunna auka belastning på sjukehusa, mange innlagde med covid-19 og vurdering av den totale personellsituasjonen, hevar Helse møre og Romsdal beredskapsnivået frå grønt til gult.
Publisert: 10.12.2021 kl 08:40
Ørsta kommune fekk i løpet av torsdag melding om sju nye smittetilfelle med Covid-19. Fleire skuleklasser er råka.
Publisert: 10.12.2021 kl 08:37
I løpet av torsdag 9. desember har Volda kommune fått melding om 13 nye smittetilfelle med Covid-19. Fleire skuleklasser er råka.
Publisert: 09.12.2021 kl 15:26
NRK Møre og romsdal melder at kriseleiinga i Ålesund kommune har gitt grønt lys for tidlegare juleferie for skuleborna. Siste skuledag blir no 17. desember.
Publisert: 09.12.2021 kl 13:15
VTI Fotball har tilsett Fannar Berg Gunnólfsson som ny hovudtrenar for herrelaget. I tillegg til å vere trenar for A-laget, skal islendingen også vere spelar- og trenarutviklar i klubben.
Publisert: 09.12.2021 kl 13:00
Frå Legal Eigedomsmekling opna dørene i august og fram til no, har dei hatt så mykje å gjere at dei vurderer å utvide allereie. – Mottakinga vi har fått er heilt fantastisk!
Publisert: 09.12.2021 kl 09:50
Vikemarka skule og SFO er råka etter at Ørsta har fått melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19.