Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.11.2021 kl 15:31
Volda kommune har fått melding om to nye tilfelle av Covid-19. Begge er fullvaksinerte.
Publisert: 05.11.2021 kl 11:24
SpareBank 1 Søre Sunnmøre held fram med dei gode resultata i tredje kvartal, og kan vise til sterk vekst både på utlån og innskot. Resultatet før skatt var på 130,5 millionar kroner per tredje kvartal. Dette er ein auke på 21 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.
Publisert: 04.11.2021 kl 13:15
Når kommunedirektør Rune Sjurgard legg fram kommunebudsjettet for 2022 og økonomiplan for perioden 2022-2025 så peikar han på hovudtrekk som nye tiltak i oppvekstsektoren og pleie- og omsorgstenestene, bygging av ny Volda ungdomsskule og badeanlegg, auka eigedomsskatt og reduksjon i reservane...
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 03.11.2021 kl 13:40 - Oppdatert: 03.11.2021 kl 15:29
Volda kommune har gjennomført tilbodsopning for totalentreprisen for bygging av nytt symjeanlegg i Volda sentrum. Det er kome to tilbod, frå HENT AS og Christie & Opsahl AS.
Publisert: 02.11.2021 kl 14:30 - Oppdatert: 02.11.2021 kl 14:50
To bilar har kollidert ved Flyplasskrysset i Hovdebygda.
Publisert: 02.11.2021 kl 13:16
Ørsta kommune har fått melding om at to fullvaksinerte har testa positivt på Covid-19. Begge har vore i nærkontakt med kjent smittetilfelle.
Publisert: 02.11.2021 kl 13:14
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19. Den smitta er kjend nærkontakt til tidlegare smittetilfelle.
Publisert: 02.11.2021 kl 10:46
Lars-Petter Rønnestad forlet rolla som trenar for VTI Fotball sitt A-lag, og blir sportssjef i Bergsøy Fotball.
Publisert: 01.11.2021 kl 17:51
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19. Smittekjelda er kjend og skriv seg frå annan stad i landet.
Publisert: 01.11.2021 kl 13:17
– Influensasesongen nærmar seg og oppmodinga frå helsemyndigheitene og frå oss legane i Volda er klar. Ta influensavaksinen!
Publisert: 31.10.2021 kl 15:00
- Ei klargjering av ferjeavløysingsmidlar på riksvegar er noko vi har høgt på lista, seier Senterpartiet sin transportpolitiske talsperson og ny leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande, til Møre. – Eg kjem til å ta dette opp i regjeringa og med...
Publisert: 31.10.2021 kl 12:00
- Dette er eit typisk statusbrev og er korkje dårlege eller gode nyhende for brukryssing av Voldsfjorden, seier tidlegare samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) om brevet frå departementet som har skapt debatt om Volda kommune sitt vidare engasjement i Voldsfjordkryssinga. – Mitt råd til...
Publisert: 30.10.2021 kl 15:00
Det nærmar seg anbodsopning for ny symjehall i Volda sentrum, og kommunen har bedt om ei rekke opsjonar i tilboda. Ein av opsjonane er ein andre etasje i symjehallen, noko Ola Andreas Hauge i Stiftinga Voldabadet meiner vil vere avgjerande for om hallen blir ein suksess eller ikkje.
Publisert: 30.10.2021 kl 13:00
Søndag blir det toppkamp i Volda campus Sparebank 1 arena når Haslum Bærum kjem på besøk. Oslo-laget ligg på andreplass, poenget føre Volda og begge lag har spelt fem kampar.
Publisert: 29.10.2021 kl 13:55 - Oppdatert: 29.10.2021 kl 19:35
Ein elev ved Øyra skule er fredag ettermiddag frakta til sjukehus i Trondheim etter å ha fått eit handballmål over seg på eit uteområde mellom Øyra skule og ungdomsskulen.
Publisert: 28.10.2021 kl 13:10 - Oppdatert: 28.10.2021 kl 13:35
To personar busett i Ørsta kommune har tetsa positivt for Covid-19 etter utanlandsreise.
Publisert: 27.10.2021 kl 13:11
Tussa IKT har markert sitt 20-årsjubileet saman med sine kundar og samarbeidspartnarar. Frå talarstolen var det tilbakeblikk på historia fram til i dag, og på moglegheitene som ligg i framtida.
Publisert: 26.10.2021 kl 16:00
Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr no SMS-varsling om vegane mellom Fyrde/Straumshamn og Grodås/Otterdal blir stengt.
Publisert: 26.10.2021 kl 14:59
Ørsta kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19. Den smitta er fullvaksinert og smittevegen er framleis ukjend.
Publisert: 26.10.2021 kl 12:15 - Oppdatert: 27.10.2021 kl 14:41
Det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda, Sivert Aarflot-huset, er offisielt opna. Dekan ved avdeling for mediefag, Kate Kartveit, beskriv det nye bygget som ei verktøykasse for framtida.
Publisert: 25.10.2021 kl 13:00
Volda kommune og Statsforvaltaren er framleis usamde om fleire punkt i den nye kommunedelplanen. Tysdag var dei samla i Samfunnshuset for å leggje fram argumenta sine for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som skal fatte endeleg avgjerd.
Publisert: 24.10.2021 kl 13:00
– No gler vi oss til anboda for nytt symjeanlegg i Volda sentrum skal opnast 1. november. All erfaring seier at resultatet blir best når brukargruppene er med i prosessen, så vi håpar det skjer så snart det er opning for det, seier Stiftinga Voldabadet.
Publisert: 23.10.2021 kl 13:00
SpareBank1 Søre Sunnmøre gir kr 30.000 i Drivkraft-midlar til Volda Røde Kors Hjelpekorpset. Pengane skal gå til innkjøp av varmesøkjande kikkert.
Publisert: 23.10.2021 kl 10:00
Som første kommune på Søre Sunnmøre har Volda sagt ja til å vere med i den vidare utviklinga av Helseplattformen. Ein føresetnad har vore at dei andre kommunane i Sjustjerna vert med, men no har formannskapet i Hareid kommune sagt «nei takk» og peikar på at kostnadane er for høge. Dei...
Publisert: 22.10.2021 kl 16:21
KFUM Volda har nok ein heimekamp i eliteserien i volleyball. På laurdag er det kamp mot Oslo-laget Koll.