Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 15.08.2020 kl 13:00
Då samfunnet stengde ned i mars, gjekk det hardt ut over varehandelen. Men sommarferien har gitt butikkane i Volda sentrum eit etterlengta løft. – Fint ver og mange på heimeferie gjorde juni til ein heilt fantastisk månad for oss, seier dagleg leiar for Cubus Volda, Karl Erik Rønnestad.
Publisert: 14.08.2020 kl 14:20 - Oppdatert: 14.08.2020 kl 14:42
Adm.dir. i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, seier at banken korkje har opplevd konkursras eller auka misleghald som følgje av koronapandemien. – Tvert imot har både misleghald og overtrekk gått ned frå tidlegare år. Næringslivet har også synt ein fantastisk evne til å omstille...
Publisert: 11.08.2020 kl 13:55 - Oppdatert: 11.08.2020 kl 14:58
Tysdag ettermiddag har politiet gjennomført ein trafikkontroll i Engesetvegen i Volda sentrum.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 11.08.2020 kl 10:55 - Oppdatert: 11.08.2020 kl 10:55
Tysdag formiddag rykte Ørsta brannvern ut til ein brannalarm i Ivar Aasen-gata i Ørsta sentrum.
Publisert: 10.08.2020 kl 10:00 - Oppdatert: 10.08.2020 kl 10:55
Vegtrafikksentralen melder at Eiksundtunnelen er opna etter bilberging.
Publisert: 20.07.2020 kl 07:00
Volda kommune sin leigeavtale for Dagsenteret i Hamna 20 går ut neste haust, og kommunen ser no på andre aktuelle lokale. Både Austefjord skule og gamle Handelsskulen er vurdert.
Publisert: 18.07.2020 kl 13:00
Ein innbyggjar på Grodås har fått store inngrep i hagen sin pga. flaumsikringsarbeidet i Vikaelva og ber no Volda kommune om erstatning. – Tomta er blitt totalt øydelagt som følgje av elveførebygginga.
Publisert: 17.07.2020 kl 16:16
Høgre-leiar og kommunestyremedlem i Volda, Ivar Otto Kristiansen, har lagt ut oppmoding om å boikotte Tussa som straumleverandør på si eiga private facebook-side. Han meiner Tussa er kopla til vindkraft gjennom KLP sin eigarpost i selskapet. Det tek no ordførarane i Volda og Ørsta sterk...
Publisert: 17.07.2020 kl 13:00
Kroppsnære scener og klemming på scenen blir fråverande når teater og drama-studentane startar opp til hausten. Men elles får dei utfalde seg som før og undervisninga vil gå nesten som normalt.
Publisert: 17.07.2020 kl 07:00
Sauebonde i Ørsta, Kjell-Martin Standal, kjem med ei innstendig bøn til folk som no ferdast i utmark og fjell med hundar. – Dei må seie frå dersom dei er så uheldige at hunden gjer skade på beitedyr, seier Standal, som sjølv har måtte avlive lam på grunn av bittskadar. – Vi fekk ingen...
Publisert: 16.07.2020 kl 21:00
Det var både smil og nokre gledestårer i morgonsola på Rotevatn når Volda Rideklubb kunne ta første spadetak for den nye ridehallen.
Publisert: 16.07.2020 kl 13:58 - Oppdatert: 16.07.2020 kl 14:29
Sidan det vart påvist ny koronasmitte i Ørsta og Stryn i månadsskiftet juni/juli, har det vore stor pågang på teststasjonen i Volda. Heile 139 voldingar har testa seg på to veker, men det er ikkje kome positive prøveresultat så langt.
Publisert: 16.07.2020 kl 13:53 - Oppdatert: 16.07.2020 kl 14:34
Ordførar Sølvi Dimmen ønskjer alle voldingar ein god sommar og oppmodar til ein felles innsats for å unngå smittespreiing i ferien. – Når dei nasjonale påboda er lempa på, er ansvaret i større grad overført til kvar enkelt av oss.
Publisert: 16.07.2020 kl 12:45
Aldri før har Høgskulen i Volda lyst ut så mange stipendiatstillingar i løpet av eitt år som i 2020 – heile 14 i talet.
Publisert: 15.07.2020 kl 18:00
Før sommaren vart Tilstandsrapporten for grunnskulen 2019-2020 lagt fram for kommunestyret. Rapporten tek føre seg resultat i gamle Volda kommune, og syner at elevane i Voldaskulen har god framgang og gode faglege resultat.
Publisert: 15.07.2020 kl 14:35 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 15:03
Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekøyring i Volda, og ved undersøking av mannen sin bopel fann politiet narkotika.
Publisert: 15.07.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 11:45
Uteseksjonen er i full gang med å henge opp plakatar og skilt rundt om kring i heile Ørsta kommune for å minne om smittevernreglane.
Publisert: 14.07.2020 kl 13:00
Avdelinga for vatn og avløp i Volda kommune krev erstatning frå avdelinga for samfunnsutvikling for kostnadar dei har hatt med ein tett pumpestasjon på avløpsnettet på Grodås. Dei meiner massar frå utbygginga av Løvland byggefelt har tetta stasjonen.
Publisert: 14.07.2020 kl 10:28
Mange festivalar har valt å avlyse, men Animation Volda vil gå mot straumen og tek sikte på å arrangere ein fullverdig filmfestival.
Publisert: 13.07.2020 kl 18:00
Når Volleyballforbundet inviterer til landslagssamlingar i juli og august, så er det med voldingar på både junior- og seniorlandslaga.
Publisert: 13.07.2020 kl 16:10
- Etter positive søk under "Storeniven" måndag 13. juli er no alt vesentleg av leivningar funne etter Maja Justyna Herner som vart sakna i fjella ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre 21. november 2018. Vi har også funne mobiltelefonen og klokka hennar, seier politiinspektør Yngve Skovly.
Publisert: 13.07.2020 kl 13:00
Fylkesmannen meiner det må gjennomførast arkeologiske registreringar før det kan startast utbygging på Langeteigen i Volda sentrum. Fylkesmannen meiner dette området har stort potensial for freda kulturminne, særskilt knytt til forhistorisk jordbruk og gardsbusetting.
Publisert: 12.07.2020 kl 15:00
Ein bebuar ved Storgata har vendt seg til kommunen med bøn om ekstra fartsskilt for å få bukt med råkøyring i den trafikkerte sentrumsgata. - Vi opplever påkøyrsler av husdyr og lite vilje blant bilistar til å etterleve den nye 30-grensa.
Publisert: 11.07.2020 kl 15:00
Volda kommune ønskjer å innføre 40-grense på Morkavegen og delar av Håskjoldvegen, men då Morkavegen er påkopla fylkesvegnettet på to stadar må ein ha løyve frå Statens vegvesen. Det kan ta opptil seks månadar.
Publisert: 10.07.2020 kl 15:30 - Oppdatert: 13.07.2020 kl 08:00
Innebandyklubben er frustrerte over manglande banemerking for dei i den nye idrettshallen. Styreleiar i VCA AS, Arild Bakke, seier dei har sett på saka i styremøte, og at ein skal greie å finne ei løysing. – Men vi er overraska over at det kjem eit så hardt utspel fire månadar før hallen...