Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 10.07.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 13.07.2020 kl 08:03
Den tredje store hallidretten i Volda, innebandy, kjenner seg oversett når det kjem til bruken av den nye idrettshallen. Dei peikar på manglande oppmerking for innebandy og vanskar med å få halltid, og har teke dette direkte opp med ordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 10.07.2020 kl 13:40 - Oppdatert: 10.07.2020 kl 13:50
Volda kommune kommenterer avtalen for ny legevaktsentral i Hovdebygda, og seier at leigeprisen har vore offentleg kjend sidan oktober i fjor. Leigeprisen er kr. 603.000 i året i 15 år. – Kontrakten som no er avtala ligg innanfor godkjend kostnad.
Publisert: 10.07.2020 kl 11:54
Alle studentar ved Høgskulen i Volda vil i haustsemesteret få minimum halvparten av undervisninga med fysisk oppmøte på skulen. Sjølv om det betyr undervisningstimar litt lengre utover dagen, er prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim overtydd om at løysinga er ein klar fordel for studentane.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 10.07.2020 kl 10:35 - Oppdatert: 10.07.2020 kl 10:35
Kommunen har etablert mellombels bubilparkering ved Volda samfunnshus. Tilbodet gjeld i juli og august.
Publisert: 10.07.2020 kl 10:00
Volda kommune har sagt opp avtalen om legevaktsentral ved Volda sjukehus og skal vere klare til å flytte inn i nye lokale i Hovdebygda innan februar 20201. Legevaktsentralen i Hovdebygda vert eit samarbeid med Ørsta kommune.
Publisert: 10.07.2020 kl 07:00
Det er sendt søknad til Volda kommune om rammeløyve for eit 3200 m² stort næringsbygg på Øvre Rotset. Bygget skal huse Rema 1000 og Europris, og skal stå ferdig i 2022.
Publisert: 09.07.2020 kl 14:33 - Oppdatert: 09.07.2020 kl 18:15
Leiar for Ørsta Næringskontor, Odd Magne Vinjevoll, meiner kommersialiseringa av rutetilbodet på kortbaneflyplassane som vart sett i gang 2016 har vore mislykka. Han åtvarar om at situasjonen ved Ørsta-Volda lufthamn Hovden no er kritisk.
Publisert: 09.07.2020 kl 13:03
Volda kommune byggemelder fjordportal og fyrlykt på moloen ved småbåthamna. Begge tiltaka er ein del av sentrumsprosjektet for å gjere Volda til ein meir attraktiv stad.
Publisert: 08.07.2020 kl 15:15
Då folkehøgskuleåret brått vart avslutta av korona, fekk Gjermund Eide Bratberg (20) ein idé: Han ville køyre Noreg rundt for å seie ha det til medelevane sine. Torsdag var han i Volda.
Publisert: 08.07.2020 kl 12:55
Volda kommune varslar oppstart av arbeid med områderegulering for Grodås og tilgrensande areal.
Publisert: 07.07.2020 kl 18:22
Tysdag kveld har brannmannskap vore ute til melding om sotbrann i Dalsfjordvegen.
Publisert: 07.07.2020 kl 18:19
Tysdag ettermiddag melder politiet at dei har stoppa ei kvinne i Hovdebygda etter mistanke om ruskøyring.
Publisert: 07.07.2020 kl 16:13
Volda kommune får tilskot frå NVE til gjennomføringa av sikringstiltak i Gjølelva. Dette er med å fullfinansiere det store flaumprosjektet som Volda kommune og NVE utfører.
Publisert: 07.07.2020 kl 12:45 - Oppdatert: 07.07.2020 kl 15:42
Fylket vil ikkje gjere endringar i skysstilbodet, så born på Lid må framleis køyre på gamlevegen gjennom Alida og borna i Høydalen må framleis ta bussen klokka sju om morgonen.
Publisert: 06.07.2020 kl 13:01
Volda kommune har oppheva kokevarselet på Lauvstad etter at to vassprøver har komne attende reine. Kokevarselet vart sendt ut etter funn av E.coli i drikkevatnet.
Publisert: 03.07.2020 kl 15:00
Harevadet Hyttegrend AS vil at hytteeigarar som har nytta shingel i staden for naturmateriale på taka sine, skal bli pålagt å skifte tak. Hytteeigarane meiner det er urimeleg om dei må bytte tak for eiga rekning når dei har fått godkjent byggeløyve frå kommunen.
Publisert: 03.07.2020 kl 11:30 - Oppdatert: 03.07.2020 kl 15:16
Jon Georg Dale (FrP) tek ikkje attval til Stortinget. Frå neste år vil han heller jobbe i næringslivet, men utelukkar ikkje eit politisk comeback i framtida.
Publisert: 03.07.2020 kl 10:39
Ørsta kommune stadfestar at personen i same husstand som smittetilfellet som vart registrert onsdag 1. juli har testa positivt på Covid-19. - Det betyr at vi no har to registrerte smitta i Ørsta, melder kommunen.
Publisert: 03.07.2020 kl 10:17
Dei tre energikonserna TAFJORD, SFE og Tussa planlegg eit felles selskap for straumsal til privat- og bedriftsmarknaden i regionen.
Publisert: 03.07.2020 kl 07:00
Eit samrøystes samferdsleutval i Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort vedtak om at det skal startast arkeologiske undersøkingar på Fv. 60 mellom Tomasgard og Røyrhus bru.
Publisert: 02.07.2020 kl 15:18
For skuleåret 2020-2021 set FRAM i gong eit prøveprosjekt med FRAM Student – ein periodebillett for studentar opp til 30 år.
Publisert: 02.07.2020 kl 10:05 - Oppdatert: 02.07.2020 kl 11:05
Fram til 10. juli vil det vere redusert framkomst og manuell dirigering på kveld og natt på Eiksundsambandet mellom Helgehorntunnelen og Furene medan Vegvesenet legg ny asfalt.
Publisert: 02.07.2020 kl 09:50
Statens vegvesen melder at det vert manuell dirigering i Hjartåbergtunnelen fram til kl. 15.30 grunna vedlikehaldsarbeid.
Publisert: 01.07.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 15:24
Ørsta trafikkstasjon får leve vidare, men kan miste både kontrollhallen og førarprøver for motorsykkel. – Det vert dramatisk for dei som må reise heilt til Ålesund, Førde eller Kristiansund for å ta oppkøyringa, seier Ørsta-ordførar Stein Aam og lovar at siste ord ikkje er sagt....
Publisert: 01.07.2020 kl 14:00 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 16:23
Norled melder at ferjesambandet Volda-Lauvstad er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.