Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.03.2025 kl 16:38
Volda Handballklubb jagar opprykk til eliteserien, men trenar Reidar Møistad åtvara om ein knalltøff kamp når dei møtte Åsane på bortebane. Og det vart ei thriller-avslutning på kampen i Bergen.
Publisert: 01.03.2025 kl 05:05
Sist Volda Handballklubb møtte Åsane, spelte laga uavgjort i Volda campus Sparebank 1 arena. Men no blir kvar kamp som ein cupfinale når Volda jaktar opprykk med seks kampar att av sesongen.
Publisert: 28.02.2025 kl 17:00
KFUM Volda Volleyball-spelarane Iver Humberset og Håvard Bernseter Keilen er tekne ut på juniorlandslaget.
Publisert: 28.02.2025 kl 14:00
Det er rekordmange deltakarar når Ørsta og Volda Bryggarlaug arrangerer sin årlege Bryggarmeisterskap denne helga.
Publisert: 28.02.2025 kl 10:00
Det har kome klage på tilkomst og universell utforming av saunaen i Ørsta sentrum, men Samfunnsutvalet vil ikkje gå klagen i møte då deira vedtak gjeld arealdisponering.
Publisert: 27.02.2025 kl 17:00
Med justerte opningstider i høve vinterferien har Voldabadet opplevd stor pågang. Fleire hundre var innom det nye badeanlegget i Volda i løpet av veka.
Publisert: 27.02.2025 kl 12:45 - Oppdatert: 27.02.2025 kl 12:46
Reguleringa av Aasenkvartalet nærmar seg ferdig, og snart byrjar rivinga av det gamle Ivar Aasen-huset. Sisa Invest og Bjørn Dæhlie har også langt på veg fått på plass ein stor nasjonal aktør som skal drive hotell i Volda.
Publisert: 27.02.2025 kl 10:40 - Oppdatert: 27.02.2025 kl 13:19
Leiar for partiet Konservativt sin programkomite, Erlend Krumsvik, fråtrer alle verv i partiet med umiddelbar verknad.
Publisert: 27.02.2025 kl 09:18
Når Forskingsrådet løyver 80 millionar kroner til eit nytt, nasjonalt forskingssenter for fagspråk så er tre forskarar i Volda er mellom samarbeidspartnarane i senteret. No ventar åtte år med full forskingsinnsats for å rotfeste det norske språket i Framtids-Noreg.
Publisert: 26.02.2025 kl 16:15
Politiet melder om ein kjedekollisjon ved Ørsta camping onsdag ettermiddag.
Publisert: 26.02.2025 kl 11:32 - Oppdatert: 26.02.2025 kl 12:08
Telenor skal utvide 5G-nettet sitt i Volda, og Austefjorden vil få betre og raskare nett.
Publisert: 26.02.2025 kl 10:48
Foreininga Grobygget og frivillige har lagt ned tusenvis av dugnadstimar sidan 2018, og no er det siste store opprustingsprosjektet i Grobygget i boks. Til arbeidet har dei fått ei gåve på kr. 300.000 frå SpareBank1 Sogn og Fjordane.
Publisert: 25.02.2025 kl 14:27
Sisa Invest og Bjørn Dæhlie kjem til volda denne veka for å informere om byrjinga av rivingsarbeidet i Aasenkvartalet.
Publisert: 25.02.2025 kl 13:02 - Oppdatert: 25.02.2025 kl 13:44
Vegtrafikksentralen Midt melder at Fv. 653 Eiksundtunnelen er opna etter at eit vogntog stod fast.
Publisert: 25.02.2025 kl 12:53
Tysdag formiddag har politiet hatt trafikkontroll i 80-sona på E39 ved Nørestranda.
Publisert: 25.02.2025 kl 10:00
Endeleg kjem det garn tilbake til Volda Ullspinneri når Nettstrikk opnar butikk i Spinneriet. – Ringen er på ein måte slutta, seier eigar Geir Knotten.
Publisert: 24.02.2025 kl 14:00
KFUM Volda Volleyball sitt damelag har spelt to kampar i Oslo denne helga, og er framleis ubesigra i årets sesong.
Publisert: 24.02.2025 kl 13:45
Måndag formiddag har ein lastebil kollidert med ein personbil på ferjelemmen på veg av Folkestad-ferja.
Publisert: 24.02.2025 kl 05:05
No når den nye kinoen i Volda er opna, håpar filmentusiast Gunnar Strøm at det vil bli jobba for å få flest mogleg til å bruke den. – Alt for få har brukt kinoen i Volda dei siste åra. Det må vi gjere noko med.
Publisert: 23.02.2025 kl 17:00
Etter ei periode med kaldt og tørt ver, vert det no mildare og meir nedbør. – Det lovar godt for straumprisane utover våren, seier avdelingsleiar for krafthandel i Tussa Energi, Tor Wilhelm Havåg.
Publisert: 23.02.2025 kl 12:00
DNA blir tema når Slekt og Data Søre Sunnmøre skal ha møte i Ulsteinvik i neste veke, og DNA-slektsgranskar frå Volda, Gunnar Sigve Aurdal, kjem for å snakke om temaet.
Publisert: 22.02.2025 kl 05:05
Volda-trenar Reidar Møistad trur det vert ein tett og tøff kamp når laget hans tek imot Pors på heimebane komande søndag. – Pors har slått alle tre topplaga, og vårt einaste tap kom mot dei.
Publisert: 21.02.2025 kl 11:05
Sylvi Listhaug og Framstegspartiet har vore sterkt kritiske til innføringa av Helseplattformen, og no har partileiaren vitja Volda sjukehus for å høyre korleis dei tilsette opplever det nye journalsystemet. - Vi i FrP kjem aldri til å akseptere at Volda sjukehus vert sett i spel.
Publisert: 20.02.2025 kl 13:00
SpareBank1 Regnskapshuset i Volda og Ørsta opplever stor pågang og aukande krav til spesialkompetanse. No har dei tilsett fleire nye medarbeidarar for å møte etterspurnaden.
Publisert: 20.02.2025 kl 05:05
Tore Thon og Ørsta FrP er uroa over at kommunalområdet helse, omsorg og velferd utan unntak har overskride budsjettrammene sine dei seinare åra.