Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 19.12.2024 kl 12:05
Tradisjonen tru vart det haldt avslutningsfest for dei kommunetilsette i Ørsta som no skal ut i pensjonistane sine rekker.
Publisert: 19.12.2024 kl 05:05
Gebyrauken til Volda Ørsta reinhaldsverk (VØR) har vore diskusjonstema i fleire politiske møte denne budsjetthausten, men selskapet peikar på at trass gebyrauken så er dei framleis det billegaste renovasjonsselskapet i Møre og Romsdal.
Publisert: 18.12.2024 kl 17:50 - Oppdatert: 18.12.2024 kl 19:21
Det vart ein thriller når opprykksrivalane Volda og Aker møttast til toppkamp framfor eit rekordpublikum i Volda campus SpareBank1 arena. Og Volda leverte stor underhaldning til dei frammøtte, med ein knallsterk 30-26 siger.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.12.2024 kl 16:35 - Oppdatert: 18.12.2024 kl 21:02
Onsdag i 16.30-tida melde politiet at fire bilar var involvert i ein front-og kjedekollisjon på E39 ved Sanitetshuset.
Publisert: 17.12.2024 kl 14:17
Høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø får prisen for kvalitet i utdanninga ved Høgskulen i Volda i 2024.
Publisert: 17.12.2024 kl 12:04
Politiet har kontrollert over 130 bilførarar i ein promillekontroll på Ekset.
Publisert: 17.12.2024 kl 11:05 - Oppdatert: 17.12.2024 kl 11:49
Politiet melder at ein bil har køyrt i autovernet på E39 ved Liadal i Ørsta og at to personar er sendt til sjukehus.
Publisert: 17.12.2024 kl 05:05
– Ein får kjensla av at ein kanskje har utgjort ein skilnad når ein får ein slik pris som dette, og får kjenne at ørstingar set pris på det eg drive med, sa Lars Oscar Øvstegård når han tok imot Næringsprisen 2024 i Ørsta kommune.
Publisert: 16.12.2024 kl 12:00
Saman med sponsorane sine opnar Volda Handballklubb dørene for publikum til toppkampen mot Aker. Gjennom «Kronekampen» blir det gratis inngang for alle, og Volda-trenar Reidar Møistad håpar Volda-publikummet møter opp i hopetal når spelarane treng dei som mest.
Publisert: 16.12.2024 kl 11:52
Både dame- og herrelaget til KFUM Volda Volleyball vann 3-0 på heimebane før dei går ut i juleferie, med damene på suveren tabelltopp og herrane på ein imponerande fjerdeplass.
Publisert: 15.12.2024 kl 17:05
Med over 60 mål så langt i sesongen tronar Mie Blegen Stensrud på toppen av målstatistikken i 1. divisjon. Men det var eigentleg ishockeyspelar ho ville bli.
Publisert: 15.12.2024 kl 12:00
– Volda Stadion får eit stort løft når vi får på plass LED-lys, seier VTI Fotball om arbeidet som går føre seg på stadion, der det gamle lysanlegget skal skiftast ut med eit nytt og moderne LED-anlegg.
Publisert: 15.12.2024 kl 05:05
Styret ved Høgskulen i Volda seier seg positive til det vidare arbeidet med Aasenkvartalet med målsetjing om ei samstundes utbygging av steg 1 og 2, med hotell og konferansefasilitetar. Men det økonomiske bidraget frå HVO er framleis uklårt, og styret vil ha saka attende til ny handsaming før...
Publisert: 13.12.2024 kl 17:05
Trass spørsmål knytt til både finansiering og flytting av studieplassar, ønskjer høgskulestyret å gå vidare med planane om sjukepleiarutdanning frå hausten 2025. Ei vernepleiarutdanning kan tidlegast kome på plass frå hausten 2026.
Publisert: 13.12.2024 kl 11:01
Fredag morgon vart Eiksundtunnelen stengt grunna eit køyretøy med problem. Stenginga var kortvarig.
Publisert: 12.12.2024 kl 14:45
Kommunestyret i Ørsta har vedteke budsjett for neste år, der dei aukar eigedomsskatten, legg ned Kvitveisen barnehage og kuttar i sjukeheimsplassane.
Publisert: 12.12.2024 kl 12:00
VTI Fotball har fått sitt eige «helseteam» knytt til seniorlaga sine, med lokale fysioterapeutar og fysisk trenar.
Publisert: 11.12.2024 kl 18:00
Stiftinga Voldabadet spanderer gratis årskort i det nye symjeanlegget til alle ungdomsskuleelevane i Volda kommune.
Publisert: 10.12.2024 kl 17:00
VTI Fotball skal spele i Norsk Tipping-ligaen neste sesong og no er avdelingsoppsettet klart. Volda møter mellom anna Rosenborg 2, Molde 2, Kristiansund 2 og AaFK 2.
Publisert: 10.12.2024 kl 13:20
Ordførar i Ørsta kommune, Per Are Sørheim (H), er uroa over debatt-klimaet i lokalpolitikken, og vil ha alle partia med på ei felles erklæring om korleis ein utøver politikk i Ørsta. – Debatten må vere sannferdig, konstruktiv og god.
Publisert: 10.12.2024 kl 12:05
Det er kome spørsmål om den formelle eigarskapen av delar av tomta til «Aasenkvartalet», om det er kommunen gjennom Volda Utvikling AS som har den eller om det er Sisa Invest AS. – Det er Sisa Invest AS gjennom Aasen Eigedom 1 AS som er eigar. Men avtalen gjer at kommunen har...
Publisert: 10.12.2024 kl 12:00
Høgskulestyret får ei positiv tilråding på bordet når dei skal avgjere HVO si vidare involvering i Aasenkvartalet.
Publisert: 10.12.2024 kl 11:49
Blålysa og sirener i Volda sentrum tysdag formiddag er øvingskøyring for naudetatane. Det opplyser operasjonssentralen til Møre.
Publisert: 10.12.2024 kl 05:05
Bygdepride har etablert seg med eige kontor i Ørsta. I tillegg er organisasjonen no oppe og går med eigen nettbutikk.
Publisert: 08.12.2024 kl 12:00
Multihallen i Volda er sett på pause, då arbeidsgruppa til prosjektet ser på det som svært vanskeleg å få finansiering. I staden håpar dei at det kan gjennomførast mindre prosjekt, og kommunen seier dei vil stille opp med areal.