Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 24.12.2016 kl 13:00
Kommuneleiinga og tilsette har vore samla ved Samfunnshuset for å markere byrjinga på julehøgtida.
Publisert: 23.12.2016 kl 13:00
Dagleg leiar ved Sentralkjøkkenet i Volda kommune, Jarle Nes, synest det er leit for dei tilsette at politikarane i kommunen uttalar seg kritisk om maten dei lagar. – Det vi gjer er heilt i tråd med det politikarane har bestemt.
Publisert: 22.12.2016 kl 13:00
Frå i dag må bilistar nytte seg av omkøyringsvegen på Ekset, då arbeidet med fotgjengarundergangen tek til.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.12.2016 kl 13:40 - Oppdatert: 18.01.2017 kl 09:33
Sparebank 1 Søre Sunnmøre deler i år ut sin ærespris til Bente Iren Åmbakk og Saksa Turstiforeining for det arbeidet dei har gjort for prosjektet Saksaråsa.
Publisert: 20.12.2016 kl 10:05
Propell- og trusterprodusenten Brunvoll AS frå Molde har kjøpt Scana Propulsion AS fra Incus Ivestor ASA. Salssummen er opplyst å vere på 84 millionar kroner.
Publisert: 19.12.2016 kl 09:36
Politiet stoppa måndag morgon ein bilførar for råkøyring i Eiksund.
Publisert: 18.12.2016 kl 13:00
Statens vegvesen og Volda kommune ser på fleire rundkøyringsløysingar i samband med Voldatunnelen. Ei av løysingane som vert vurdert er modellert etter Tjensvoll-rundkøyringa i Stavanger.
Publisert: 16.12.2016 kl 14:09 - Oppdatert: 16.12.2016 kl 14:35
Politiet har fredag ettermiddag kontrollert 72 bilførarar i Furene.
Publisert: 16.12.2016 kl 13:00
Milan Ilić (Ap) meiner ein må gjere noko med matrutinane ved omsorgssenteret, og at bebuarane igjen kan gle seg til måltida og kjenne lukta av matlaging.
Publisert: 15.12.2016 kl 18:00
Politimeister Ingar Bøen har lagt fram si endelege tilråding for strukturen i nye Møre og Romsdal politidistrikt. Han vil slå saman Volda/Ørsta og Sykkylven/Stranda til Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt.
Publisert: 15.12.2016 kl 13:00
Etter nyttår skal Nordea kåre Årets Handelsbedrift 2016. Dei har hatt som tradisjon å inkludere dei «handlande» i denne kåringa, og oppmodar kundane på dei ulike butikkane å stemme fram kandidatar.
Publisert: 15.12.2016 kl 09:45
Mork grendalag reagerer på eit innspel til Volda kommune sin arealdelplan, der ein lokal entreprenør kjem med framlegg om å gjere Haukåsen til sandtak.
Publisert: 14.12.2016 kl 13:00
Formannskapet lyttar til innspela frå brukarar, pårørande og interesseorganisasjonar om bygging av omsorgsbustadar på Sevrinhaugen/Dokterhaugen. Dei vil setje i gang regulering av området til omsorgsformål, men vil ha siste ord før ein startar utbygging.
Publisert: 13.12.2016 kl 13:00
Formannskapet i Volda har samrøystes gått inn for å «slokke lyset» i Krumsvika, og det har fått Folkestad grendalag til å reagere
Publisert: 12.12.2016 kl 13:09
Sindre Kvangarsnes (FrP) fekk nyleg forvaltningsstyret i Volda med på eit vedtak om brøyting av Aldalen, uavhengig av kven som eig vegen.
Publisert: 11.12.2016 kl 07:00
Dalsbygdvegen er i ferd med å rase ut, og Formannskapet i Volda kommune vil setje av kr 750.000 for å utbetre vegen så snart som råd.
Publisert: 09.12.2016 kl 16:21
Politiet har fredag ettermiddag teke ein fartssyndar på Kvivsvegen.
Publisert: 09.12.2016 kl 16:15
Den mellombelse fellesnemnda for Volda-Hornindal vurderer ei samanslåing av kommunane allereie i 2019.
Publisert: 09.12.2016 kl 13:00
Ordførar Jørgen Amdam (Ap) har på vegner av Volda kommune skrive brev til innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug. Han ber om tilbakemelding på kva vurderingar som er lagt til grunn for nedlegginga av Volda mottak.
Publisert: 08.12.2016 kl 13:00
Styret i skisenteret har store planar for framtida, og satsar på å få laga eit komplett parkanlegg med nye trasear, nytt trekk og nytt utleigeskihus neste år, når skisenteret fyller 50 år.
Publisert: 07.12.2016 kl 13:00
Kommunestyret har vedteke at lokala til Ungdomsklubben skal vurderast, og opnar for at kommunen kan gå til leige av nye lokale dersom ein finn noko som er tenleg.
Publisert: 06.12.2016 kl 13:00
Kommunestyret gjev VTI-Fotball ein lånegaranti for å bytte ut kunstgrasdekket på B-bana ved Volda Stadion, men er uroa over miljøskaden som kan kome frå plastgranulatet som vert brukt i kunstgrasdekke.
Publisert: 05.12.2016 kl 13:00
Under handsaminga av sak om grunnleggjande verdiar for Volda kommune, kom Erlend Krumsvik (KrF) med framlegg om kommuneslagord for nye Volda-Hornindal kommune.
Publisert: 01.12.2016 kl 13:00
350 personar møtte opp ved Hovden skule tysdag 29. november for å vise politikarane at no er det Hovden skule som står for tur. Borna hadde plakatar med slagord og ropte taktfast då ordførar Stein Aam kom til skulen.
Publisert: 30.11.2016 kl 15:52 - Oppdatert: 30.11.2016 kl 16:19
Politiet melder klokka 15.45 om ein eksplosjon i ein privat garasje i Ørsta.