Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.01.2017 kl 13:00
Betaling og overføring av pengar har aldri vore enklare. Mcash har lansert sitt eige tastatur som gjer at brukarane kan sende pengar direkte frå Messenger, Snapchat og andre sosiale appar.
Publisert: 19.01.2017 kl 13:00
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har funne fleire tilfelle med bruk av ulovleg tvang under tilsyn ved Volda omsorgssenter. Kommunen har sett i verk tiltak for å hindre at liknande tilfelle skjer i framtida.
Publisert: 18.01.2017 kl 13:00
Volda var godt representert under NM for regionlag i helga. KFUM Volda hadde med heile åtte spelarar på vinnarlaget for gutar U16, og sju på laget som kom på ein sterk fjerdeplass i J16-klassa.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 17.01.2017 kl 12:42
Volda og Ørsta kommune innførte i 2016 tvungen kommunal renovasjon for fritidseigedomar. Dette gjeld alle feriehus og hytter utan fast busetnad med innlagt straum, og i ein avstand til offentleg veg på mindre enn 1000 meter.
Publisert: 16.01.2017 kl 14:37
Formannskapet har sendt si tilråding om kven som får fritak for eigedomskatt til Kommunestyret, og atter ein gong vart fritak for Studentsamskipnaden eit diskusjonstema.
Publisert: 15.01.2017 kl 13:00
Statens vegvesen vil setje opp leskur som tilbod til dei ventande ved Folkestad ferjekai etter at kiosken vert riven. - Kommunen har uttrykt forventningar om at det vert same standard på Folkestad som det er planlagt på ferjekaia i Volda, med venterom og toalett, seier ordførar Jørgen Amdam.
Publisert: 15.01.2017 kl 07:00
Den mellombelse fellesnemnda til Volda-Hornindal skal setje saman ein komite som skal arbeide med å finne namn og kommunevåpen til den nye kommunen.
Publisert: 13.01.2017 kl 13:00 - Oppdatert: 13.01.2017 kl 13:46
Med fakkeltog og sosialt samvær gjekk den offisielle tenninga av den nye Voldastjerna av stabelen den 26. november 2016. Stjerna har lyst kvar dag sidan, og har blitt eit populært fotomotiv.
Publisert: 12.01.2017 kl 13:00
Formannskapet i Volda kommune har sett av pengar til kulturføremål og opprettar eigen kulturpris. Tildelinga skal skje frå i år, og pengane hentar Formannskapet frå sitt eige disposisjonsfond.
Publisert: 11.01.2017 kl 09:24
Politiet stoppa natt til onsdag ein ung bilførar i Ørsta.
Publisert: 11.01.2017 kl 07:00
Volda sjukehus har fått nytt naudstraumsystem som er mellom dei beste i landet. – Dette viser at Volda sjukehus vert satsa på, seier seksjonsleiar for teknologi og utvikling, Magnulf Gjersdal.
Publisert: 10.01.2017 kl 09:39
Måndag kveld og tysdag morgon gjennomførte politiet promillekontrollar i Volda og Hornindal.
Publisert: 09.01.2017 kl 13:29
Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil sterkt rå frå at Volda og Hornindal går i gang med ei tidlegare samanslåing mellom Volda og Hornindal enn det som er planlagt i 2020.
Publisert: 08.01.2017 kl 13:00
Mesterhus Sunnmøre har byrja arbeidet med å bygge sju nye ROP-bustadar på Rotset. Prosjektet skal etter planen vere ferdig i januar 2018.
Publisert: 07.01.2017 kl 13:00
Statsbygg har lagt fram ein revidert framdriftsplan for prosjektering av nytt Mediebygg ved Høgskulen i Volda, men forsikrar om at dette ikkje vil forseinke bygginga.
Publisert: 06.01.2017 kl 14:22 - Oppdatert: 06.01.2017 kl 17:11
Ein mann er anmeld for blotting i Ørsta.
Publisert: 06.01.2017 kl 13:00
Forhandlingsutvala i Eid og Selje er samde om ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane.
Publisert: 05.01.2017 kl 14:20
Ordførarane i Volda og Hornindal kjem med tilråding om at Rune Sjurgard vert prosjektleiar for samanslåinga av kommunane, og vert rådmann i den nye kommunen.
Publisert: 05.01.2017 kl 13:23
Tysdag byrja Bandcamp 2017 i Telebygget i Volda. Bandcampen har samla rundt 40 musikkinteresserte ungdommar frå Volda og Ørsta til «rocke-skule».
Publisert: 04.01.2017 kl 15:15
Den nye Skiparken ved Volda skisenter er opna.
Publisert: 03.01.2017 kl 15:04
Volda skisenter opnar familetrekket tysdag kveld.
Publisert: 03.01.2017 kl 13:09
Hornindal skisenter har fått mykje nysnø sidan natt til måndag og har kveldsope tysdag og onsdag.
Publisert: 02.01.2017 kl 13:27
Snøfallet måndag morgon laga problem for flytrafikken ved Hovden.
Publisert: 25.12.2016 kl 18:00
I førjulstida var det ei song- og musikalsk mønstring av lokale aktørar, som høgna julestemninga i Dalsfjord kyrkje.
Publisert: 25.12.2016 kl 13:00
Flygande gjenstandar kan gjere stor skade. Pakk ned trampolina og sikre båten før uveret kjem i julehelga.