Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 19.11.2024 kl 10:10
171 tilsette ved Høgskulen i Volda har signert eit opprop der dei støttar styret si avgjerd om å seie opp høgskuledirektøren.
Publisert: 18.11.2024 kl 13:00
Det vart både siger og tap då KFUM Volda Volleyball sine 1. divisjonslag tok imot TIF Viking på heimebane.
Publisert: 18.11.2024 kl 11:03
Etter tap og uavgjort i sine siste to kampar, vart det endeleg siger igjen for Volda Handballklubb i bortekampen mot Storhamar Breidde.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 16.11.2024 kl 17:05
Nedlegging av Dalane skule, Kvitveisen barnehage og stenging av Ørsta kino er mellom forslaga når det skal gjerast store kutt innan oppvekst og kultur i Ørsta.
Publisert: 16.11.2024 kl 12:00
Nedlegging av sjukeheimsplassar, oppretting av bufellesskap, meir heimetenester og oppseiing av avtalar med Hamna dagsenter og Furene AS er nokre av grepa Ørsta kommune vil gjere for å kome i hamn med budsjettet.
Publisert: 16.11.2024 kl 05:00
Laurdag er det 50 år sidan KFUM Volda tok del i Europacup for første gong. Det vil klubben markere når heile Volda campus SpareBank1 arena vert fylt med volleyball.
Publisert: 15.11.2024 kl 15:13
Ørsta FrP har teke til orde for at kommunen skal kome med ei orsaking til innbyggjaren dei er dømde for å ha ærekrenka. Formannskapet skal diskutere saka, men det vil skje bak lukka dører.
Publisert: 15.11.2024 kl 15:10 - Oppdatert: 15.11.2024 kl 16:08
VTI Fotball åtvarar om epostar som ser ut til å vere sendt frå klubben. - Dette er falske epostar, skriv klubben på nettstaden sin.
Publisert: 15.11.2024 kl 13:59
Fleire voldingar er med når Sunnmørsposten kårar årets lag i kvinnene sin 3. divisjon.
Publisert: 15.11.2024 kl 10:15
Kunnskapsdepartementet har konkludert at høgskulestyret si oppseiing av høgskuledirektør Ann Kristin Emblem er ugyldig.
Publisert: 15.11.2024 kl 05:05
Jostein Bjerkvik er trekt ut som Volda sin heldigaste far i 2024, og fekk gåver frå handelsstanden i Volda i høve farsdagen.
Publisert: 14.11.2024 kl 13:01
Volda-spelar Dana Björg Gudmundsdottir er teken ut i Island sin tropp til handball-EM.
Publisert: 14.11.2024 kl 10:48
Det er mange Volda-spelarar på laget når Sunnmørsposten kårar årets lag i 4. divisjon.
Publisert: 13.11.2024 kl 15:11
Voldingen Mia Malika Gjerseth er nominert som ein av årets beste TikTok-kreatørar for sine humoristiske innlegg om livet til ein tannlegestudent.
I desember kjem den 100. årgangen av Årbok for Sunnmøre. Ho er eitt av dei eldste lokalhistoriske skrifta i landet.
Publisert: 13.11.2024 kl 14:15 - Oppdatert: 13.11.2024 kl 15:16
Politiet melde onsdag ettermiddag at dei var på veg til Ørsta Taxisentral etter melding om ein berusa person som laga bråk.
Publisert: 13.11.2024 kl 12:50 - Oppdatert: 13.11.2024 kl 13:19
Konsulentfirmaet PwC skal hjelpe Ørsta kommune med omstillingsbehovet i organisasjonen. PwC har i den samanheng laga eit notat, der det kjem fram fleire forslag til innsparingstiltak. – Alle må vere førebudde på endring, seier kommunedirektør i Ørsta, Wenche Solheim.
Publisert: 13.11.2024 kl 11:13
Toppskåraren på Sunnmøre, Nicolai Norvoll Longva, kjem attende til Hovdebygda før neste sesong.
Publisert: 13.11.2024 kl 11:00 - Oppdatert: 13.11.2024 kl 11:42
Naudetatane i Møre og Romsdal melder at det er problem med både naudnummer og kontakttelefonar.
Publisert: 13.11.2024 kl 09:42
Styret i Mellestiftinga Svendsengarden vurderer kor lenge dei kan halde oppe drifta av bygget, då det er stort gap mellom inntekter og kostnadar. – Vi meiner det er grunnlag for drift til april/mai neste år.
Publisert: 12.11.2024 kl 16:20
Volda brann og redning melder at dei skal ha ny brannøving i gamle Sollia barnehage i kveld, tysdag 12. november.
Publisert: 12.11.2024 kl 11:52
Ørsta kommune nyttar store midlar på vikarbyrå. Ti gongar meir enn Volda. – Korleis forklarer vi dette?, spør Per Ivar Lied (Sp).
Publisert: 12.11.2024 kl 09:56
Klasse 1.3 ved Bratteberg skule synest Leikepatruljen er eit veldig fint tiltak, så alle borna på skulen kan få vere med på leiken i friminutta.
Publisert: 12.11.2024 kl 09:55
Ørsta FrP stiller spørsmål ved om tomtene i kommunale bustadfelt kjem til å verte så dyre at kommunen må subsidiere dei, og om kommunen kan tole ein slik risiko i den økonomiske situasjonen ein er i no.
Publisert: 11.11.2024 kl 16:24
Mannen i midten av 30-åra som vart utsett for grov vald natt til søndag i Vanylven kommune, har vorte skriven ut frå sjukehuset.