Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.12.2022 kl 16:00
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel i samband med at det er venta mykje snø i Trøndelag og Møre og Romsdal frå natt til tysdag.
Publisert: 05.12.2022 kl 15:00
Widerøe hadde litt fullare fly i november i år samanlikna med i fjor. Samtidig er flyselskapet klar på at det blir tilbode for mange sete på innanriksmarknaden.
Publisert: 05.12.2022 kl 14:00
Ein butikk i Sykkylven på Sunnmøre har ikkje selt blomsteren julestjerne på fem år – fordi dei vil skjerme allergikarar. Astma- og allergiforbundet håpar andre butikkar lar seg inspirerer.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 05.12.2022 kl 12:00
Statens vegvesen etterlyser 31.899 personar som enno ikkje har fornya dei store, plastlaminerte førarkorta sine. Etter nyttår kan dei vente seg bot på fleire tusen kroner om dei blir stoppa.
Publisert: 05.12.2022 kl 09:55 - Oppdatert: 05.12.2022 kl 11:26
Måndag startar den årlege aksjonsveka mot ruskøyring. Politiet opplyser at fleire har vorte meldt for å køyre under ruspåverknad i år enn i fjor.
Publisert: 27.11.2022 kl 20:00
Black Week og Black Friday er amerikanske konsept som har slått godt an i Noreg. No vil Språkrådet at dei skal ha heimlege namn.
Publisert: 26.11.2022 kl 22:00
Nettene har blitt lange og snart set vinterkulda inn. Det gir grobotn for sesongavhengig affektiv liding – eller vinterdepresjon, men å jobbe på lag med den biologiske døgnrytmen kan vere løysinga.
Publisert: 25.11.2022 kl 22:00
Rekordmange 600.000 nordmenn gruer seg til jul ifølgje den årlege juleundersøkinga til Unicef Norge. Årsaka er trongare økonomi og ein ustabil politisk situasjon.
Publisert: 25.11.2022 kl 15:57
Visste du at Ivar Aasen ville bli botanikar? No syner Aasentunet fram boksamlingane til Aasen.
Publisert: 24.11.2022 kl 09:50
Mange serveringsstader hyrar inn ekstra arbeidskraft når julebordsesongen tek til. Arbeidstilsynet minner om at dei under 18 i utgangspunktet ikkje skal jobba til langt på natt.
Publisert: 23.11.2022 kl 22:00
Julepynten blir henta fram tidlegare enn før. – No begynner vi veldig tidleg, og avsluttar julemarkeringa også tidlegare, seier trendforskar Gunn-Helen Øye til NRK.
Publisert: 23.11.2022 kl 17:00 - Oppdatert: 24.11.2022 kl 08:34
Eit utval frå Skatteetaten og Statens vegvesen vil innføre kilometeravgift for elbilar. Det set NAF liten pris på.
Publisert: 23.11.2022 kl 15:38 - Oppdatert: 25.11.2022 kl 09:35
Ribbe og pinnekjøt toppar framleis lista over julemiddagar i Noreg. På Vestlandet er det også over ein tredjedel som vel sistnemnde til nyttårsaftan.
Publisert: 10.11.2022 kl 11:54
Prisane har stige med 7,5 prosent dei siste tolv månadene. Det kan trekkje i retning av raskare rentehevingar og høgare rentetopp, meiner økonomar i Nordea.
Publisert: 09.11.2022 kl 14:29
Ein dronesikta russar må møte i Hordaland tingrett 15. november, tiltalt for å ha filma med drone sju ulike stader på Vestlandet.
Publisert: 08.11.2022 kl 12:30
Märtha Louise beheld prinsessetittelen, men avsluttar dei offisielle oppgåvene sine for kongehuset. Slik håpar ho å stagge kritikken rundt sin person.
Publisert: 31.10.2022 kl 16:23 - Oppdatert: 01.11.2022 kl 14:17
Fruktbarheitstalet i Noreg har gått opp generelt sidan 2020. I Møre og Romsdal er det høgast.
Publisert: 22.10.2022 kl 16:00
Det er kjekt med besøk, men ikkje av kven som helst. Hausten er høgsesong for skader få mus og rotter.
Publisert: 21.10.2022 kl 10:56
Ei heilt fersk undersøking viser kvifor halvparten av oss ikkje brukar refleks. Og kvar i Noreg det står dårlegast til.
Publisert: 07.10.2022 kl 14:35
Høgskulen i Volda (HVO) har fått mange nye plassar på studia for etterutdanning av lærarar i 2023. Mellom anna blir dei den einast institusjonen som tilbyr vidareutdanning for lærarar i kroppsøving 1–10.
Publisert: 20.09.2022 kl 20:30 - Oppdatert: 20.09.2022 kl 20:31
To personar har gått seg vill på eit fjell i Ørsta kommune.
Publisert: 20.09.2022 kl 14:42
Denne vinteren kan straumprisane nå nye høgder. Det kan bli dyrt for mange, men med enkle og rimelege grep kan ein redusere straumbruken utan at det går utover livskvaliteten eller tryggleiken i heimen.
Publisert: 05.09.2022 kl 10:47
Lars Arne Nilsen har vore fotballnomade på Vestlandet i over 40 år, både som spelar og trenar. – Ein ting har eit langt fotballiv lært meg. Det er like viktig, og like moro, å vinne ein kamp i 7. divisjon som i Eliteserien, seier han.
Publisert: 02.09.2022 kl 13:32
Ei arbeidsgruppe frå KS og staten anslår at pandemien har kosta kommunane og fylkeskommunane til saman 8,8 milliardar kroner i første halvår av 2022.
Publisert: 02.09.2022 kl 11:20
NPK-NTB: Det har vore eit dystert år på norske vegar med mange dødsulykker. Så langt i år har 90 personar mista livet samanlikna med 80 personar i heile fjor.