Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.05.2018 kl 18:00
Då Hjartåbygda skyttarlag inviterte til open dag 13. mai kunne folk køyre til anlegget på ein heilt ny veg. Tidlegare har det berre vore ei rås ned til skytebana.
Publisert: 18.05.2018 kl 18:00
Prosjektbygg AS ankar tingretten sin dom frå mars, der Volda kommune vart frifunne frå å betale 100.000 kroner til selskapet etter å ha avlyst konkurransen om utbetringsarbeid på Ivar Aasen-huset.
Publisert: 17.05.2018 kl 18:00
Høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen meiner det vil vere veldig positivt for Høgskulen i Volda (HVO) om det vert etablert folkebad inntil campus.
Publisert: 17.05.2018 kl 07:00
Møre gratulerer alle sine lesarar med nasjonaldagen!
Publisert: 16.05.2018 kl 18:00
Fleire aktørar ynskjer no å etablere seg på Øvre Rotset. Wenaas Kapital er i ferd med å sikre seg avtalar som kan gi ei heilskapleg utvikling av området, dersom kommunen vil.
Publisert: 15.05.2018 kl 18:00
Volda, Ørsta og Herøy kommunar var nyleg i møte med Helse Møre og Romsdal. Då vart det klart at ambulansestasjonen må flytte frå sjukehuset i Volda.
Publisert: 13.05.2018 kl 18:00
I eit fantastisk vêr var skulane i Volda og Ørsta samla til Tine-stafett tysdag. Staden var Ørsta stadion. Det vrimla av glade og spente born og ungdom. Mykje publikum var der også.
Publisert: 12.05.2018 kl 18:00
Ein grunneigar på Årsetøya i Austefjorden søkjer Volda kommune om dispensasjon til å byggje ei flytebryggje. Målsetjinga er å sikre enklare og sikrare tilkomst til øya.
Publisert: 11.05.2018 kl 18:00
– Eg vart overraska, eg hadde nesten gløymt at eg hadde søkt. Eg er veldig glad, dette er stas, sa Andrea Følsvik då ho tok i mot «Drømmestipendet» som Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping deler ut. Ho hadde saman med kulturskulerektoren søkt om stipendet for visuell kunst.
Publisert: 10.05.2018 kl 18:00
Volda KrF kjem til å fremje sak knytt til døgnbemanning i ROP-bustadane på Rotset under budsjettkorrigeringa i juni.
Publisert: 09.05.2018 kl 18:00
Generalforsamlinga i Tussa Kraft AS ynskjer ei harmonisering av styrehonorara mot verksemder det er naturleg at Tussa vert målt mot.
Publisert: 08.05.2018 kl 18:00
På éin time rydda elevar ved Ulvestad barneskule heile 15-16 sekkar med plast og anna bos.
Publisert: 07.05.2018 kl 18:00
Plast, tauverk og dekk var mykje av det som vart henta opp frå havet og plukka i fjøra, då det var arrangert strandryddedag ved Yksnøya laurdag. - Det er galskap, alt som har vorte dumpa på sjø, kan ryddarane seie. – No må folk til å tenkje seg om!
Publisert: 06.05.2018 kl 18:00
Førre torsdag inviterte Volda kommune til ope møte om ROP-bustadane på Rotset. Rotset grendalag er ikkje nøgd med svara som vart gitt knytt til manglande nattevakt i bygget, og vil ha politikarane på bana.
Publisert: 05.05.2018 kl 18:00
Ved rundkøyringa i Storgata har det lenge vore eit ustelt område med tre og buskar. No har det vorte gjort om til ein park.
Publisert: 04.05.2018 kl 18:00
Dei som bur langs Raudemyrvegen og andre vegar i nærleiken er sterkt plaga av bråk, støv og farlege situasjonar i høve utbygginga av Håmyra. Mange lurer på kvifor ikkje vegen har vorte utbetra før anleggstrafikken tok til, og mange forstår ikkje kvifor politikarane i Volda kunne tillate ei...
Publisert: 03.05.2018 kl 18:00
Lauvstad Helselag arrangerte nyleg den årlege hjartemarsen.
Publisert: 02.05.2018 kl 18:00
Skulekorpset har starta på marsjøvingane til 17. mai. Dei har også fått overrekt ein sjekk frå Volda Inner Wheel Klubb på 10.000 kroner.
Publisert: 01.05.2018 kl 18:00
Til saman 34 lag stilte til start på Ørstastafetten laurdag 28. april. Ørsta IL friidrett stilte med ikkje mindre enn 22 lag og 88 utøvarar. Dette er uoffisiell klubbrekord i stafettdeltaking i nyare tid.
Publisert: 30.04.2018 kl 18:00
Søndag gjekk ein historisk fotballkamp av stabelen på Folkestad.
Publisert: 29.04.2018 kl 18:00
Onsdag er det eitt år sidan Elin Kalvatn Moe opna sin fyrste hudpleiesalong, Kalvatn Kroppspleie AS. – Det har vore eit supert år som har gått over all forventing, seier hudpleiaren som no feirar med utviding av lokalet og nyopning.
Publisert: 28.04.2018 kl 18:00
I veke 17 og 18 er det arbeidsveke ved Volda ungdomsskule. No i veke 17 er det 9A og 9B som står for tur.
Publisert: 27.04.2018 kl 18:00
Statens vegvesen har skrive kontrakt med K. Nordang AS for bygging av ny ferjekai i Volda. Kontrakten er på 70 millionar kroner (utan mva).
Publisert: 26.04.2018 kl 18:00
Heile 121 utøvarar deltok på gateløpet som Ørsta IL friidrett arrangerte tysdag 24. april i Vikegata. I dette løpet fekk også dei aller yngste vere med. Trass regn og sju varmegrader var det stor deltaking og svært god stemning på stemnet.
Publisert: 25.04.2018 kl 18:00
Eit samrøystes representantskap i Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) gir det interkommunale renovasjonsselskapet grønt lys til å jobbe vidare med biogassprosjektet.